– Det er godt å sjå slik idrettsglede hos ein så merittert løpar som har vunne alt før, sa NRKs kommentator Even Wetten, som let seg imponere av måten Kramer slo tilbake mot Jorrit Bergsmas verdsårsbeste to par tidlegare.
Kramer heldt fram med nærmast hemningslaus jubel framfor heimepublikum lenge etter at konkurransen var slutt.
– Eg trur det betyr at Kramer rett og slett ikkje trudde at han skulle slå Bergsma, sa Wetten. – Derfor er gleda endå større når han faktisk greidde å slå tilbake som han gjorde, og det til og med med banerekord.
Bergsma opna som ein rakett, og hadde fire rundar på 28-talet. Men han måtte opp på 30-talet på dei to siste rundane, likevel var tida så sterk som 6.11,53.
Kramer opna forsiktigare og låg lenge bak Bergsma. Men han hadde krefter på slutten, og drog nytte av Bergsmas relativt svake avslutning. Og reiste seg og jubla faktisk før målstreken.
– Det er imponerande det Kramer gjer der, sa Wetten.
Nederland tapetserte pallen, ettersom Douwe de Vries tok bronsen. Tida 6.18,24 var på respektfull avstand frå dei to andre nederlendarane, men likevel klart framfor Denis Juskov. Mannen med den utrulege 1500-meteren fredag gjekk på 6.19,74 allereie i første par.
Sverre Lunde Pedersen enda på ein skuffande 11.-plass med 6.24,76. – Det er nok fordi han gjekk 10.000 meter torsdag. Det var ein sjanse å ta, men eg meiner likevel det var rett av Sverre, sa Wetten.
Håvard Bøkko vart nummer 13 med 6.27,00. Simen Spieler Nilsen enda på 20.-plass med 6.36,89.