Bjørgen tok nemleg sin 47. siger, og slo med det Bjørn Dæhlie i antal verdscupsigrar.
Seks norske kvinner hamna mellom dei sju beste under opninga på Sjusjøen. Bare Charlotte Kalla (2. plass) og Kikken Randall (8. plass) lurte seg inn mellom Norge, som tapetserte topp ti-lista.
– Ikkje viktig å ha fleire enn Bjørn
Det var ikkje mange svakhetsteikn å sjå frå Bjørgen. Allereie til første passering ga ho ein pekepinn på korleis det gjerne vil sjå ut denne sesongen.
6,7 sekund ned til næraste motstandar på dei 2,5 første kilometerane var nok til vise at ho fortsatt er langrenns-dronninga.
7,5 kilometer etter kunne ho juble for ein historisk verdscupsiger. – For meg er det ikkje viktig å ha fleire enn Bjørn, men no kan eg jo seie til han: «Ja-ja, no har eg fleire enn deg», flirar Bjørgen.
– Eg var frykteleg spent før starten i dag, og gjekk og grubla over formen. Men alt viste seg å gå bra, seier Bjørgen.
Svenske Charlotte Kalla tok andreplassen på Sjusjøen, men ho blei slått av Bjørgen med 27,1 sekund.
- SJÅ VIDEO:
Fekk sjølvtillit av superopning
Også Vibeke Skofterud viste musklar, og overraska dei fleste med å kjempe seg til tredjeplass.
Vibeke Skofterud var 29 sekunder bak Bjørgen.
– Eg gjør ein betre figur no enn tidlegare. Eg har starta bra no. Det gjev god sjølvtillit framover, seier Skofterud.
Skiskyttaren Tona Berger gjekk inn til ein overraskende sterk 4.-plass framfor Kristin Størmer Steira, Marthe Kristoffersen og Therese Johaug.
- SJÅ VIDEO: