Cristiano Ronaldo var sur og tydeleg frustrert og gjekk av bana utan å takke nokon av motstandarane for kampen etter Portugals skuffande 1–1 mot Island tysdag.
Han nekta også å byte skjorte med Aron Gunnarsson.
Han skulda islendingane for å prøve å øydelegge kampen.
– Dei parkerte bussen inne i mål, freste Portugals superstjerne.
– Vi gjorde vårt beste, skapte sjansar og hadde ballen heile tida. Dei prøvde ikkje på noko, dei berre forsvarte seg, forsvarte seg, forsvarte seg. Det var ein heldig kveld for dei, med to sjansar og eitt mål. Dei prøvde ikkje å spele, og vi var frustrerte, sa han.
Ronaldo får til dels hard medfart på sosiale media etter sin tweet.
– Dei kjem aldri til å vinne noko
– Dei jubla som om dei hadde vunne EM. Derfor kjem dei aldri til å vinne noko. Etter mi meining viser dette at dei tenkjer smått, la han til.
Ronaldo sjølv fekk lite til. Han stod rett nok bak heile ti av Portugals 24 skot i kampen, men utan å få teljande resultat. I sluttminutta heada han rett på keeper frå fem meter.
Ronaldo spela sin landskamp nummer 127, noko som er tangering av legendariske Luis Figos portugisiske rekord. Men kampen blei ein nedtur.
– Men eg er hundre prosent sikker på at vi slår Austerrike laurdag, seier Ronaldo.
– Dei må spele betre enn dette
Men den portugisiske megastjerna får svar frå Island.
– Dei må spele betre enn dette for å slå Island. Så enkelt er det, er det lakoniske svaret frå landslagssjef Lars Lagerbäck.
– Barnsleg, seier midtstoppar Kari Arnason.
– Det er vår måte å gjere det på: Å forsvare oss godt, og å gripe dei sjansane vi får. Sjølv om det irriterer Ronaldo, seier Islands og Bodø/Glimts keeper Hannes Halldorsson.
– Derfor får vi også resultat mot land som er mykje større enn oss. Vi kan få eit resultat mot kva land som helst på ein god dag. The sky is the limit, seier han.
Islands 37-årige veteran Eidur Gudjohnsson har vore stjerne på både Barcelona og Chelsea, og hatt sin del med frustrasjon over «parkerte bussar».
– Nei, det er ikkje lett når du ikkje får alt til på din eigen måte, gliser han.