Hopp til innhold

Superstjernene vil trene med norske Nicolai (17): – Utruleg motiverande

Han er berre 17 år gammal, men Nicolai Budkov Kjær har allereie gjort seg merka i tennisverda.

Nicolai Budkov Kjær og Andrej Rublev

TRENA SAMAN: Nicolai Budkov Kjær (med kvit kaps) poserer saman med den russiske tennisstjerna Andrej Rubljov etter økta deira i Telenor Arena.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

– Det har vore ein veldig kul dag i livet mitt.

Det seier ein smilande Nicolai Budkov Kjær til NRK etter å ha gjennomført ei intens treningsøkt med tennisstjerna Andrej Rubljov. Russaren er på plass i Oslo i samband med turneringa «Ultimate Tennis Showdown», der stjerner som Casper Ruud, Holger Rune og Rubljov sjølv deltar.

Tenniseliten har vore på Telenor Arena på Fornebu for å førebu seg til turneringa. Og det er her Kjær kjem inn. På kort varsel fekk han spørsmål frå verdsfemmaren Rubljov om han kunne komme og trene med han.

Tennis

TALENT: Nicolai Budkov Kjær, her avbilda i samband med Australian Open Junior tidlegare i år.

Foto: Privat / NTB

– Eg frigjer mykje plass i kalenderen for moglegheita til å spele med desse som er utruleg gode, seier Kjær, som i tillegg til Rubljov, også fekk spele med tidlegare Grand Slam-vinnar Dominic Thiem.

Rubljov: – Har det som skal til

Det kjem godt med for ein 17-åring som har begynt å gjere seg merka i tennisverda.

– Det er utruleg motiverande. Eg er fornøgd med å ha høve til å trene med så gode spelarar. Tennis er ein idrett det er vanskeleg å måle, du kan ikkje måle sånn som i springing. Då må ein måle mot dei beste i verda og det var det eg fekk moglegheita til, seier Kjær, som merke at desse øktene er noko heilt eige:

– Dei speler utruleg godt, og det er det som er forskjellen: Dei speler godt over utruleg lang tid. Ein kjenner berre kvalitet i kvart slag.

Rubljov, som er rangert som nummer fem i verda og som nyleg tok seg til kvartfinalen i Australian Open, lét seg imponere av sin ni år yngre treningsmakker.

– Det er vanskeleg å seie sidan han framleis er junior, men han har eit fantastisk slag, bra høgde og det som skal til for å bli ein stor tennisspelar. Treninga med han var kjempebra, han jobba hardt og spelte veldig bra. Han var respektfull og er ein fin gut, seier Rubljov.

Andrej Rublev

LOVANDE: Andrej Rubljov tok seg god tid til å prate med NRK i samband med helgas «Ultimate Tennis Showdown» på Fornebu.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Han har trua på ei lys framtid for Kjær, som i januar leverte sitt beste resultat så langt i karrieren. Han enda på tredjeplass i juniorutgåva av Australian Open.

– Det er mange der ute som er betre enn meg, men det er hyggeleg at han liker korleis eg speler og kanskje liker korleis eg er òg, seier Kjær.

Trenar med stjernene

Kjær er rangert som nummer fire på juniorrankinga, og fekk i fjor haust Noreg-debuten i Davis Cup. Han har allereie hausta mykje erfaring for ein 17-åring, og Rubljov er langt frå den einaste stjerna han har trena med.

Han har sparra mykje med Casper Ruud, og medan han var i Australia trena han med Daniil Medvedev (nummer tre på verdsrankinga) og Jannik Sinner, som vann Australian Open og er nummer fire på verdsrankinga.

Holger Rune

IMPONERT DANSKE: Holger Rune har late seg imponere av Nicolai Budkov Kjær.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Han har også trena med Holger Rune.

Dansken seier til NRK at han hugsar økta med Kjær, som fann stad i Monte Carlo.

– Han er ein stor spelar. Det er vanskeleg å verkeleg vite når du berre står og slår med nokon, for det er mange som har god timing, men han er ung og har gode slag. Han pressa hardt i dei treningane vi hadde. Han har forhåpentlegvis ei lys framtid, men han har framleis ein lang veg å gå, seier Rune, som er rangert som nummer sju i verda.

– Speler aggressiv tennis

Ein annan som har late seg imponere av Kjær er landsmann Casper Ruud. Den norske tennisstjerna synest det er stas at ein ny nordmann er på veg opp og fram i tennis.

Casper Ruud

SIKTAR SEG INN: Casper Ruud under ei treningsøkt på Fornebu.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

– Han er ein tøff kar med høge ambisjonar og mål. Han har absolutt spelet og potensialet til å nå veldig langt, seier Ruud til NRK.

Ruud, akkurat no rangert som nummer tolv i verda, meiner Kjær har teke store steg det siste året, og undervurderer ikkje betydninga av å få treningsøkter med spelarar som Rubljov.

– Nicolai liker å spele hardt og slå aggressivt på ball. Eg speler kanskje ein litt annan type tennis, så han lærer nok meir av å spele med Andrej enn med meg, seier Ruud og ler.

Ruud veit ein ting eller to om det å trene med verdas beste. Han flytta blant anna til Mallorca for å trene med superstjerna og barndomsidolet Rafael Nadal.

ENDA ET STYKKE TIL NADAL: Casper Ruud er nummer 53 på ATP-rankingen, Rafael Nadal er nummer en.

TRENA MED IDOLET: Casper Ruud fekk jamleg trene med og lære av Rafael Nadal. Her er dei to saman i 2020.

Foto: Margret Helland / NRK

Men han er klar på at det er noko heilt anna når Kjær etter kvart skal over på senior- og proffnivå.

– Det har vore juniorar som har vore superstjerner og ikkje har fått det til på senior og motsett. Det blir veldig spennande å sjå, seier Ruud.

Ingen lykkeamulett

Også treningsmakker Rubljov er spent på Kjærs framtid, og meiner korleis han angrip detaljane kjem til å vere avgjerande.

– Han har det som skal til, så spørst det korleis han jobbar for det. Det er mange juniorar som har vore store talent, men som seinare ikkje vil gjere jobben, seier Rubljov, og understrekar:

– Han har bra høgde og gode slag, så spørst det om han bruker desse tinga på rett måte.

Andrej Rublev og Nicolai Budkov Kjær

HIGH FIVE: Andrej Rubljov og Nicolai Budkov Kjær etter ei intens treningsøkt.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Første gongen dei to trena saman, i Monte Carlo, enda Rubljov opp med å vinne turneringa Monte Carlo Masters. Skulle Rubljov herje på Fornebu denne helga, vil Kjær kanskje peike ut seg som ein lykkeamulett for russaren.

– Det håpar eg ikkje. Da må han ta meg med på mange turneringar. Eg har min eigen karriere å ta vare på, så eg får håpe det er andre ting som gir han flaks, smiler Kjær.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal