Hopp til innhold

Superstjerna i ordkrig med eigen klubb – vil «tvinge» seg bort

Bayern München-stjerna Robert Lewandowski (33) har, saman med agent Pini Zahavi, gått knallhardt til verks for å kunne forlate klubben. Det får fleire i klubben til å reagere sterkt.

Robert Lewandowski

VIL BORT: Robert Lewandowski seier han ønskjer seg bort frå Bayern München.

Foto: RONNY HARTMANN / AFP

– Mi tid i Bayern er over. Eg ser inga moglegheit for å halde fram i denne klubben.

Det sa ein av dei beste spissane i verda Robert Lewandowski då Bundesliga-sesongen var over.

For polakken blir rekna som ei legende i Bayern München. Han har vore i klubben sidan 2014, og det har blitt heile 336 mål på 364 kampar for klubben. Det er berre Gerd Müller, som spelte i klubben på 60- og 70-talet, som kan syne til liknande tal.

– Noko har døydd i meg. Eg vil forlate klubben for å få meir kjensler i livet, sa Lewandowski ifølgje den polske kanalen Onet Sport.

Så kom han med kritikk mot den noverande klubben sin.

– Kven vil dra til Bayern, om ein veit at noko som dette kan skje med dei? sa han.

Drar truleg til Barcelona

Og sjølv om neste destinasjon ikkje er stadfesta, tyder mykje på at Barcelona blir hans neste klubb dersom han får dra.

Det har han ikkje lagt skjul på sjølv.

– Eg har ikkje vurdert andre tilbod enn Barcelona sitt. Eg vil dra, det er klart, sa superspissen, som også har vore linka til PSG.

Xavi

JAKTAR SPISS: Xavi kan bli Robert Lewandowskis neste manager.

Foto: LLUIS GENE / AFP

Føresetnadene kan ha vorte endå betre for Barcelona etter allmøtet med medlemmene sine torsdag. Der vart det bestemt at klubben skal selje 25 prosent av TV-rettane sine for rundt 500 millionar euro, altså rundt 5,2 milliardar kroner.

I tillegg vart det vedteke å selje 49,9 prosent av selskapet BLM (Barcelona Licensing & Merchandising), som handlar om Barcelona-lisensierte produkt. Dette skal ha ein verdi på rundt 200 millionar euro, altså rundt 2,1 milliardar kroner.

Det svarer til ein totalsum på heile 7,3 milliardar, og det er grunn til å tru at noko av dette vil hjelpe dei på overgangsmarknaden i sommar.

Overraska over utsegnene

Bayern sjølv har også vore ute fleire gonger for å minne om at han har eitt år igjen av kontrakten, og difor er det ikkje sjølvsagt at han får viljen sin.

– Lewandowski informerte meg om at han ikkje kjem til å akseptere kontraktstilbodet vårt, og at han vil forlate klubben. Vår posisjon har ikkje forandra seg. Han har ein kontrakt til 2023, og det er fakta, sa sportsdirektør Hasan Salihamidžić til Sky Sports Tyskland.

Bayerns administrerande direktør Oliver Kahn var ikkje blid etter utsegnene frå stjernespissen sin.

– Eg veit ikkje kvifor Robert valde denne måten å kommunisere om situasjonen. Offentlege utsegner som dette tek deg ingen stader, sa Kahn til Sport 1.

– Robert bør hugse kva han har i Bayern. Han har vorte ein av dei beste fotballspelarane i verda her, heldt den tidlegare Bayern-målvakta fram.

Champions League Final - Liverpool v Real Madrid

REAGERER: Oliver Kahn er tydeleg på at Lewandowski har kommunisert på feil måte.

Foto: GONZALO FUENTES / Reuters

Viaplay sin Bundesliga-kommentator Eivind Bisgaard Sundet er ikkje nemneverdig overraska over at Lewandowski vil forlate Bayern, men måten det blir gjort på var uventa.

– Eg er litt overraska over det. På den andre sida har han brukt agenten Pini Zahavi. Han vart kalla for ein grådig piraja av Uli Hoeness for nokre år sidan. Dei er ikkje så glad i han i Bayern. Det store problemet er første seriekamp neste sesong viss Lewandowski ikkje er selt. Då har alle eit problem, seier Sundet til NRK.

Samtidig understrekar kommentatoren at Lewandowski står fram som ein 100 prosent profesjonell idrettsmann.

– Men dersom han streikar vil det bli eit problem for dei. Hoeness sa då Ousmane Dembélé streika og drog frå Dortmund til Barcelona (i 2017) at slikt kunne aldri skjedd i Bayern. No kan det skje med dei, seier Sundet.

Germany Soccer Champions League

STORSKÅRAR: Robert Lewandowski har pøst inn mål for Bayern i ei årrekkje.

Foto: Matthias Schrader / AP

– Øydelegg litt av ettermælet sitt

Dei fleste vil nok i dag rekne Bayern som eit sterkare fotballag enn Barcelona. Sistnemnde har slite både økonomisk og sportsleg. Dei hamna eit godt stykke bak Real Madrid i La Liga, dei rauk ut av meisterligaen allereie i gruppespelet og dei rauk ut i kvartfinalen av Europaligaen mot Jens Petter Hauge sitt Eintracht Frankfurt.

– Sportsleg sett forstår eg det ikkje. Men han har berre eitt fotballiv, og han vil sikkert oppleve noko anna enn tysk fotball. Eg kan forstå at nokre av Bayern-spelarane blir mette og vil prøve noko anna. Men hadde han vorte i klubben i to–tre år til, ville han vorte udødeleg. Han øydelegg litt av ettermælet sitt no, meiner Viaplay-kommentatoren.

Lewandowski har uansett eitt år igjen av kontrakten, så dersom han skal forlate klubben må dei semjast om ein overgangssum. Førebels er det lite som tyder på at ein avtale mellom Bayern og Barcelona er like om hjørnet.

– Eg trur nok han forsvinn, i alle fall så lenge dei får inn ein erstattar som har 20–30 mål i seg. Dei må ha ein spelar for den rolla, seier Sundet.

Siste nytt

  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • Amnesty reagerer kraftig – Fifa forsvarer Saudi-avtale

    Amnesty reagerer kraftig på avtalen Fifa har inngått med det saudiarabiske oljeselskapet Aramco. Fifa peker på at den bidrar til global utvikling av fotballen.

    Avtalen mellom saudiarabiske Aramco og Fifa er den siste i rekken av oljestatens involvering i idrett.

    Nyhetsbyrået AP hevder at avtalen er den største Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har inngått med en sponsor om man regner per år.

    – Vi blir ikke lenger sjokkert over Saudi-Arabias bruk av sport som et PR-verktøy, og Fifa har til gode å imøtekomme bekymringer knyttet til saudiske myndigheters grove brudd på menneskerettighetene, sier prosjektleder Frank Conde Tangberg i Amnesty International til NTB.

    – Fifa har valgt å rulle ut den røde løperen for Saudi-Arabia som VM-vert og sponsor. Vi oppfordrer Fifa til å engasjere seg mer for å ta tak i risikoen knyttet til VM i 2034, sier Tangberg.

    NTB har kontaktet Fifa og spurt om forbundets respons på et samarbeid med Saudi-Arabia og bekymringene om brudd på menneskerettighetene.:

    – I tråd med vedtektene reinvesterer Fifa sine inntekter, inkludert inntektene fra Aramco-sponsingen, i å utvikle fotball over hele verden. Det er forventet at Fifa i 2023–2026 vil investere i overkant av 3,9 milliarder dollar i utvikling og utdanning, opplyser en talsperson i Fifa til NTB.

    – Dette inkluderer «Fifa Forward 3.0», fotballutviklingsfondet og andre initiativ som for eksempel å fremme kvinnefotball, dommerarbeid og teknisk utvikling. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal