Hopp til innhold

Sundby og Dyrhaug blir nekta å delta i viktige konkurransar

TRONDHEIM/OSLO (NRK): Toppidrettsveka og Blinkfestivalen er blant dei viktigaste konkurransane i sommarhalvåret. Der får berre landslagsløparar lov til å vere med.

Blinkfestivalen Lysebotn opp: Martin Johnsrud Sundby etter målgang på toppen av Lysebotn.

UTSLITEN: Martin Johnsrud Sundby på toppen av Lysebotn Opp i 2017. Der får han ikkje vere med i år.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Akkurat no er det berre landslagsløparane på elitelaget og rekruttlaget som er på start i Blink og Toppidrettsveka, stadfestar landslagskoordinator Ulf Morten Aune til NRK.

Det inneber at Martin Johnsrud Sundby og Niklas Dyrhaug, som er vraka frå landslaget i neste sesong, ikkje får lov til å delta. Den beskjeden overraskar sistnemnde.

– Det synest eg høyrest veldig rart ut, eg har ikkje fått beskjeden sjølv. Både Toppidrettsveka og Blink er viktig for oss, seier Dyrhaug.

Niklas Dyrhaug

PÅ TRENING: Niklas Dyrhaug.

Foto: Johannes Børstad / NRK

– Har fått mykje kjeft

Sundby håpar at retningslinjene blir litt mjukna opp og lovar å levere ein solid søknad gjennom sommaren, men vedgår:

– Eg blir litt sutrete viss eg ikkje får vere med og konkurrere, seier Sundby til NRK.

Aune stadfestar at det har vore mange reaksjonar frå folk som vil delta:

– Eg har fått mykje kjeft. Det er ikkje noko gøy, men det er sånn det er. Eg har ingen problem med å forstå engasjement. Men når ein har diskutert ei stund, skjønner ein at det gjeld helse og smittevern.

Nasjonal åpning langrenn på Beitostølen.

HAR FÅTT KJEFT: Landslagskoordinator Ulf Morten Aune.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

Får ikkje delta på heimebane

Sundby og Dyrhaug annonserte torsdag at dei går saman på laget Team Eidissen BN Bank for å satse mot VM i Oberstdorf kommande sesong. Utanom samlingar trenar Sundby noko med landslagsutøvarane i Oslo, medan Dyrhaug trenar med landslagsutøvarane i Trondheim.

– Det er veldig trist at veldig få får lov til å gå. Særleg sett i lys av at store delar av skisesongen forsvann i mars og april, og at det ikkje har vore eit einaste rulleskirenn. Det er stort behov for at folk skal møtast og konkurrere, og det får vi ikkje til. Sett med dei brillene er det veldig trist, men vi kan samanlikne oss med Impossible Games, der det var ein og ein og to og to. Vi har komme eit steg vidare frå det, seier Aune.

– Vi har gode relasjonar, vi kjem frå landslaget begge to. Blant dei største namna. Vi får sjå korleis ting blir, seier Sundby.

Toppidrettsveka blir arrangert 20.–22. august i Trøndelag. Dyrhaug synest det blir veldig spesielt om han ikkje får delta når arrangementet går på heimebana hans.

– Den er viktig for meg å vere med i. Det er merkeleg om vi ikkje får stille på startstreken, seier han.

Dyrhaug og Sundby tar et bad

EIT BAD: Niklas Dyrhaug og Martin Johnsrud Sundby tek seg eit bad etter treningsøkta på torsdag i varmen.

Foto: Johannes Børstad / NRK

Smittevernregler

– Eg har tenkt at vi må finne ei løysing, seier Svein Tore Samdal.

Han er administrerande direktør i banken som er hovudsponsor for Dyrhaug og Sundbys lag.

Årsaka til dei strenge reglane er smittevernomsyn. Dei siste vekene har det vore fleire oppmjukningar knytte til idrettsarrangement, til dømes med start i Eliteserien med 200 tilskodarar.

– Vi – det vil seie leiinga i langrenn, helseavdelinga og arrangørane – skal ha eit møte 29. eller 30. juni. 1. juli går vi ut med endeleg informasjon om kven som får delta. Då håpar vi å ha så mykje informasjon som det er mogleg å ha om smittesituasjonen, seier Aune og held fram:

– Alle saman har akkurat same ønske, at så mange som mogleg skal få stille. Men at det blir ganske få, det er openbert. Vi har innteke endå litt strengare haldning enn resten av samfunnet for å verne utøvarane.

Sportssjef i Blinkfestivalen, Arne Idland, seier til NRK at avgjerdene blir tekne i samråd med forbunda. Han fortel at han sjølv har snakka med Dyrhaug og Sundby. Torsdag og fredag får dei ikkje vere med, men Idland ønskjer dei velkomne til konkurransen på søndag, eit tolvtimers langløp.

– Det er viktigast for oss å få til noko. Dette året blir annleis, det kan opplevast urettferdig, seier Idland.

Sundby håpar dei skal finne ei løysing.

– Det har vore vanskeleg å sondere terrenget. Det har vore ein del retningslinjer, og det er gjort avgjerder som heilt sikkert er gode. Så får vi sjå om det finst plass til både meg og Niklas. Kanskje regelverket blir litt oppmjukna, seier Sundby.

Niklas Dyrhaug, Martin Johnsrud Sundby og Benn Eidissen

NYTT LAG: Niklas Dyrhaug og Martin Johnsrud Sundby får støtte av forretningsmannen Benn Eidissen (til høgre)

Foto: Johannes Børstad / NRK

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal