Under OL i Sydney i 2000 fekk dei fleste sports-nettstadene i Europa valdsam auke i vitjingstala. Ein hadde venta same utviklinga under OL i Salt Lake City, men den store trafikken kom aldri. NRK.no hadde motsett utvikling, og fekk meir enn tre gongar høgare trafikk i OL-perioden enn vekene før.
Medaljeoversikten på NRK.no vart kontinuerleg oppdatert.
Uinteresserte europearar
Korkje bruken av nasjonale sportstenester eller til den internasjonale OL-sida gjekk opp i løpet av OL, melder analysebyrået AC Nielsen.
– I Europa var den daglege trafikken til dei offisielle OL-sidene for låge til at vi fekk rapportert dei, seier David Day i ACNielsen. Vi hadde venta ei lik utvikling for leikane i 2002 som Sydney-OL i 2000, men vart nøydd til å sjå at dei europeiske nettbrukarane ikkje var like
interesserte denne gongen.
Trass i gullmedaljane til Finland, Italia og Austerrike, auka ikkje nettbruken i desse landa under OL.
– Det kan sjå ut til at ein del europearar får nok OL-stoff gjennom fjernsynet, held David Day i ACNielsen fram. Normalt ser vi ei auke i nettbruken i tilknyting til slike internasjonale sportshendingar, men det skjedde ikkje denne gongen.
Stortrafikk til NRK.no
Trafikken på sportssidene på NRK.no auka valdsamt i sportsvekene. Både talet på brukarar og talet på sider som vart vist tredobla seg i OL-perioden.
– Vi har alltid hatt gode erfaringar med sportsarrangement, seier programsjef Are Nundal i NRK.no. Tidlegare har vi hatt eksplosjonsarta utvikling på vitjingstala for mellom anna Ski-VM i Lahti og Sydney-OL. Vi er svært glade for at så mange nettbrukarar set pris på det arbeidet vi legg ned i nettsidene.
Dette er tredje gongen NRK har laga eigne OL-sider. Dei fyrste sidene vart laga i samband med Nagano-leikane i 1998. I 1998 hadde berre 35 prosent av nordmenn tilgang til internett, og dette prega sjølvsagt internett-trafikken. I 2002 har nær 70 prosent av folket tilgang til internett, og vi ser òg at tida folk nyttar på nettet stig kraftig.
OL-interesserte amerikanarar
I USA var situasjonen ein heilt annan enn i Sør- og Mellom-Europa. Dei offisielle OL-sidene dobla trafikken sin i løpet av dei fyrste dagane, og har opplevd jamn tilstrømming etter det. Olympics.com auka nesten 60 prosent frå opningsseremonien 8. februar til toppnoteringa 10. februar med 311 000 brukarar.
– OL-dekkjinga på nettet ser ut til å vere eit godt supplement for amerikanarar, seier Allen Weiner i Nielsen Netratings. Nettet opnar for at brukarane kan finne både breitt og smalt OL-stoff når dei sjølve ynskjer det, og bitt dei ikkje opp til TV-programmet.