For første gang på 47 år risikerer Norge å stå utan individuelt VM-gull på herresida i langrenn, alpint, kombinert, skiskyting og hopp.
Sist det skjedde hadde USA nettopp landa på månen for aller første gang.
– Med så mange gode utøvarar på herresida bør ein ikkje vere fornøgd med å stå utan individiuelle gull, seier Torgeir Bjørn, som kommenterer både langrenn og skiskyting for NRK.
Femmila i Lahti blir siste sjanse til å forhindre ein VM-nedtur, som på mange måtar er identisk med det mørke VM-året 1970.
Ironisk nok er Norges største håp ein 32-åring som aldri har tatt individuelt VM-gull.
Eitt sekund bak to gull: – Ikkje uflaks
Norge har vore svært nær. I super-G var Kjetil Jansrud 45 hundredelar bak gull. I skiskyting var Johannes Thingnes Bø 70 hundredelar bak gull på sprinten.
I langrenn øydela eit stavbrekk for Martin Johnsrud Sundbys gullsjansar på 30-kilometeren.
– Eg vil ikkje bruke begrepet uflaks, seier Olympiatoppens sjef for vinteridrettar, Helge Bartnes.
– Det er så mange faktorar som påverkar kven som står øvst på pallen. Det å brekke ein stav er nødvendigvis ikkje uflaks, det kan vere udyktigheit også, legg han til.
Bartnes er ikkje med på at null individuelle herregull til vinteridrettsnasjonen Norge er for dårleg.
– Eg trur mange utøvarar er frustrert. Men det er mange som har vore nær toppen. I tillegg har einarar som Aksel Lund Svindal og Jarl Magnus Riiber vore skada, og Petter Northug har hatt eit uår, seier vinteridrettssjefen.
NRKs ekspert: – Dei kvalifiserer seg i hjel
I herrelangrenn er Norge størst, men i VM er dei bak Russland, Finland og Italia på gullstatistikken individuelt.
– Nokre av konkurrentane velger vekk ein del renn, som Iivo Niskanen frå Finland og Ustjugov frå Russland. Dei norske må prioritere meir kynisk og velge vekk renn tidlegare i sesongen, seier Torgeir Bjørn.
Å vere størst er også eit problem, meiner NRK-eksperten, som ber langrennstrenarane tenke nytt.
– Det er så hardt å kvalifisere seg at ein blir pressa til å vere i god form frå første konkurranse i november og heilt fram til uttaket i meisterskap. Det er ei utfordring at folk så og seie kvalifiserer seg i hjel, og bruker opp for mykje form og har litt for lite tid til treningsførebuingar inn mot meisterskap.
– Kanskje ein må gjøre uttaket litt tidlegare, eller at den enkelte løpar får klarsignal tidlegare i sesongen, sier Bjørn.
I dette meisterskapsåret er sjansane for individuelt herregull snart ute.
Triumf til favoritten Martin Johnsrud Sundby på femmila betyr derfor meir enn at nordmannen sikrar sitt første, individuelle gull i karrieren.