Hopp til innhold

Større enn sommar-OL

Sommar-OL er vanligvis rekna som det største idrettsarrangementet i verda. Men Asialeikane er endå større.

Dragebåt-race, sjakk, rulleskøyter, cricket og ulike typer av dansesport er berre nokre av øvingane som det vart konkurrert i i dei nyleg avslutta Asia-leikane. I tillegg til dei meir kjende idrettane som fotball, friidrett, symjing, turn, osv.

Asialeikane vart i år arrangert for 16. gong sidan starten i 1951. Sidan 1954 har leikane blitt arrangert kvart fjerde år, midt mellom sommar-OL. Årets leikar gjekk av stabelen i Guangzhou i Kina.

Dei neste leikane skal arrangerast i Incheon i Sør-Korea i 2014.

Best games ever?

Asialeikane

Frå avslutningsseremonien i Asialeikane laurdag

Foto: TORSTEN BLACKWOOD / Afp

- Årets leikar har utan tvil vore mellom dei aller beste i leikane si historie, sa presidenten i Asias Olympiske Komité, sjeik Ahmed Al Fahad Al Sabah under avslutninga laurdag.

Som vanleg vart Kina klart beste nasjon. Dei tok 199 gull, 119 sølv og 98 bronse - totalt 416 medaljar i løpet av dei 15 dagane leikane varte.

Sør-Korea tok 76 gull, Japan 48 og Iran 20. 45 land deltok.

- Men vi manglar topp standard i fleire greiner. Dette er ikkje godt nok med tanke på OL i London i 2012, sa Kinas lagleiar Duan Sijie.

- For oss er dette smertefullt. Men det er der vi er no, og det må vi våge å vedgå, sa Japans sjef Noriyuki Ichihara etter den skuffande japanske medaljefangsten. 48 av 476 gull er langt under det Japan hadde rekna med.

Og India? Dei opna svakt, men kom opp i ni gull og fem sølv til slutt.

Eksotisk og gigantisk program

Ruleskøyte-kunstløp

Kunstløp på rulleskøyter. Her det kinesiske paret Lin Yawen og Tang Yuquin

Foto: STR / Afp

Kabaddi, sepaktakraw og wushu er også idrettar som står på det omfattende programmet - idrettar som for dei fleste av oss verkar svært så eksotiske.

Ikkje mindre enn 476 øvingar står på programmet. Til samanlikning har det som vanlegvis er rekna som det største idrettsarrangementet i verda - sommar-OL - "berre" 302.

Det betyr at Asia-leikane er meir enn 50 prosent større enn OL, målt i talet på øvingar, og dermed talet på utdelte gullmedaljar.

Sjakk og biljard

Biljard-sport har eksistert på programmet sidan 1998. Det blir konkurrert i fire greioner: Biljard, carom, pool og snooker.

Sjakk er ikkje berre sjakk i Asialeikane. Det er også weiqi og xiangqi . Sjakk vart lansert i Asialeikane i 2006. Fire sjakk-gull vart delt ut i år, tre gjekk til Kina, men Rusta Kasimdzhanov tok gullet i den individuelle klassen for menn.

Dans var i år med for første gong. Ti øvingar stod på programmet, og Kina tok alle ti gullmedaljane.

Hovud, hale og trommis

Dragebåt-race

Dragebåt-race er stort i Asialeikane

Foto: PHILIPPE LOPEZ / Afp

Mange av idrettane er langt på veg ukjende i den vesteuropeiske del av verda. Men i Asia er dei store og tradisjonelle:

Dragebåt-roing har 2200 års tradisjon i Kina. Idretten oppstod til minne om Qu Yan som drukna seg i Milo-elva i protest mot det korrupte regimet i landet. Kravet til konkurransebåtane er at dei er utstyrt med hovud og hale i dragestil, i tillegg til styrearm og styreåre. Blant mannskapet skal det vere ein trommeslagar i tillegg til dei 20 padlarane.

Kina og Indonesia delte likt dei 6 gullmedaljane i denne idretten.

Kabaddi

Frå kabaddi-finalen mellom Iran og India i Asialeikane

Foto: GOH CHAI HIN / Afp

Kabaddi er ein kampsport for lag. Kvart lag har sju deltakarar, som har som oppgåve å kome over på motstandarens sin banehalvdel og kome i kontakt med så mange motstandarar som mogeleg. Kvar kamp har to omgangar på 20 minutt med fem minutts pause imellom. Idretten har vore på programmet i Asialeikane sidan 1990.

Rulleskøyteløp er ein parallell til skøyteløp i vinter-OL. Det vil seie at det blir konkurrert i både kunstløp og hurtigløp, men altså på skøyter med hjul. Det har ikkje stått på programmet før i år. Totalt var det 9 øvingar i denne sporten - tre i kunstløp og seks i hurtigløp.

Wushu i asialeikane

Koreas Jun Yul Kim i kamp mot Irans Mohsen Mohammadseifi i en av wushu-finalene

Foto: Gurinder Osan / Ap

Sepaktakraw er ein tradisjonell idrett frå Malaysia og Indonesia, og har stått på programmet sidan 1990. To lag står på kvar si side av eit nett og skal få ballen over nettet og i bakken på motsett banehalvdel. Til dette kan dei bruke alle kroppsdeler som helst, bortsett frå hendene. Det er to eller tre spelarar på kvart lag.

Wushu er samanfatning av tradisjonell kinesisk kampsport, og omfattar ei rekke disiplinar. 15 gullmedaljart vart det delt ut i Wushu, og Kina tok ni av dei.

Asia-lekene

Nr

År

Arrangør

Deltakere

Beste nasjon (antall gull)

 1

1951

New Delhi

500

Japan (24)

 2

1954

Manila

970

Japan (38)

 3

1958

Tokyo

1422

Japan (67)

 4

1962

Jakarta

1460

Japan (73)

 5

1966

Bangkok

2500

Japan (78)

 6

1970

Bangkok

2400

Japan (74)

 7

1974

Teheran

3010

Japan (72)

 8

1978

Bangkok

3800

Japan (70)

 9

1982

New Delhi

4500

Kina (61)

10

1986

Seoul

5000

Kina (94)

11

1990

Beijing

6122

Kina (183)

12

1994

Hiroshima

6828

Kina (125)

13

1998

Bangkok

6700

Kina (129)

14

2002

Pusan

 

Kina (150)

15

2006

Doha

 

Kina (165)

16

2010

Guangzhou

9700

Kina (199)

17

2014

Incheon

 

 

Ekspander/minimer faktaboks

Siste nytt

  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • Amnesty reagerer kraftig – Fifa forsvarer Saudi-avtale

    Amnesty reagerer kraftig på avtalen Fifa har inngått med det saudiarabiske oljeselskapet Aramco. Fifa peker på at den bidrar til global utvikling av fotballen.

    Avtalen mellom saudiarabiske Aramco og Fifa er den siste i rekken av oljestatens involvering i idrett.

    Nyhetsbyrået AP hevder at avtalen er den største Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har inngått med en sponsor om man regner per år.

    – Vi blir ikke lenger sjokkert over Saudi-Arabias bruk av sport som et PR-verktøy, og Fifa har til gode å imøtekomme bekymringer knyttet til saudiske myndigheters grove brudd på menneskerettighetene, sier prosjektleder Frank Conde Tangberg i Amnesty International til NTB.

    – Fifa har valgt å rulle ut den røde løperen for Saudi-Arabia som VM-vert og sponsor. Vi oppfordrer Fifa til å engasjere seg mer for å ta tak i risikoen knyttet til VM i 2034, sier Tangberg.

    NTB har kontaktet Fifa og spurt om forbundets respons på et samarbeid med Saudi-Arabia og bekymringene om brudd på menneskerettighetene.:

    – I tråd med vedtektene reinvesterer Fifa sine inntekter, inkludert inntektene fra Aramco-sponsingen, i å utvikle fotball over hele verden. Det er forventet at Fifa i 2023–2026 vil investere i overkant av 3,9 milliarder dollar i utvikling og utdanning, opplyser en talsperson i Fifa til NTB.

    – Dette inkluderer «Fifa Forward 3.0», fotballutviklingsfondet og andre initiativ som for eksempel å fremme kvinnefotball, dommerarbeid og teknisk utvikling. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • KBKs Max Williamsen ute resten av sesongen

    Et avrevet korsbånd i venstre kne gjør at sesongen er over for Kristiansunds Max Williamsen.

    Etter 15 minutter i onsdagens cupkamp på Reknesbanen, gikk KBKs høyreback i bakken etter en duell med en Træff-spiller, skriver Tidens Krav.

    – Det er bare å forberede seg på det verste, sa 20-åringen til da han hinket inn i KBK-bussen for å reise hjem til Kristiansund en liten time etter kampslutt.

    Etter MR-undersøkelse torsdag kom bekreftelsen på at 20-åringen ikke kan spille mer fotball denne sesongen. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Kristiansund - KFUM Oslo (1-1)
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal