Ingar Bratseth-Kiplesund flaug heilt til Sør-Afrika for å fly langt på friidrettsbanen. Og under treningsleiren fekk trønderen svært gode svar.
Etter å ha slite med akillesbetennelse i vinter, kjente han at toppforma nærma seg. Varmen hadde gjort godt for den eksplosive muskulaturen hans.
Derfor gledde han seg stort til å delta under Botswana Grand Prix i nabolandet 14. april. Målet var å sikre seg viktige rankingpoeng i kampen for ein plass under OL-et i sommar i Paris.
Etter nokre kaotiske dagar, blei det derimot aldri noko stemne.
– Det er ein konflikt mellom arrangørar som går utover oss utøvarar. Det er utruleg synd, fortel Kiplesund til NRK på telefon frå Sør-Afrika.
Skulda for korrupsjon
Det var Det internasjonale friidrettsforbundet (World Athletics) som greip inn i forkant av stemnet. Det skjedde etter mistanke om korrupsjon mot stemnearrangør Golden Door Sports Agency.
NRK har sett brevet sendt frå World Athletics-sjef Joe Ridgeon til stemnearrangøren, der han bekreftar at avtalen blir omgåande terminert. «Alvorlege problem og anomaliar om den offentlege finansieringa av arrangementet» var blant årsakene til blei lista opp.
Hugsar du denne? I fjor sette Kiplesund norsk rekord i Botswana med eit hopp ingen får sjå:
Rettane til stemnet blei vidareførte til Botswanas friidrettsforbund (BAA), men sidan har Golden Door Sports Agency tatt juridiske steg for å få stoppa det.
Nå har retten vedtatt at stemnet foreløpig ikkje kan arrangerast. Det er venta ei høyring i saka 5. april. Det viser kommunikasjon mellom president i BAA Moses Bantsi og World Athletics som NRK har sett.
Botswanas forbund har uansett gitt opp å få i stand stemna til den planlagde datoen, 15. april.
– Når dei ikkje får lov til å arrangere, så skal dei øydelegge for alle andre, seier Kiplesund om Golden Door Sports Agency.
I en kommentar til NRK skriver selskapet at de føler seg ført bak lyset av World Athletics og stevnesjef Robert Wagner. De hevder at de aldri har hatt tilgang til offentlige midler, anklager motparten for å være de korrpute i konflikten.
– Golden Door Sports Agency har som mål å renvaske sef selv og avsløre urettferdigheten utvist av World Athletics. Det er de som er korrupte og vi er bestemte på å bevise det, skriver deres advokat Ishmael Mbiganyi Matebele til NRK.
Desperat poengjakt
Dermed glepp også truleg viktige rankingpoeng som kunne tatt han eit steg nærare Paris-OL.
Botswana Grand Prix er eit såkalla A-stemne, nivået under Diamond League. Der er det vanskeleg å få innpass og gir mange poeng til dei som faktisk får delta.
– Det er utruleg viktig å få plass i sånne gode stemne. Det gir ein så enorm fordel kontra det å hoppe langt, at viss du ikkje kjem inn på slike stemne, er sjansen for å kvalifisere deg på poeng vesentleg mindre, forklarar Kiplesund.
Han held no på å legge ein stemneplan for dei kommande månadene, og kryssar framleis fingrane for at rettstvisten løyser seg. Då ser ikkje 27-åringen bort ifrå at han igjen set seg på flyet til Sør-Afrika.
– No dreg eg heim til familien, ikkje at det er så veldig kjipt. Og så held eg døra open, og så tek eg turen nedover viss stemnet blir. Eg har trass alt korte bein og lang rygg, så sånne lange flyturar passar veldig bra for meg, smiler han.