Hopp til innhold

Stjerneskotet erobra Ingebrigtsen-rekordar – får klare tilrådingar

Niels Laros (17) har allereie slått ein nordmann i kampen om edelt metall og sletta Jakob Ingebrigtsens U18-rekord på 1500 meter. Sistnemnde og Vebjørn Rodal avslører nøkkelfaktorane for vidare suksess.

Niels Laros

FAR OG SON: Niels Laros kjem frå ein løparfamilie, og faren Marcel (til venstre) blir gjerne med på ei økt eller to.

Foto: Pro Shots Photo Agency / SipaUSA

– Eg likar å vinne, smiler Niels Laros til NRK. Han fekk god trening mot norsk motstand i U18-EM i sommar i Jerusalem.

Nederlendaren viste lovande Andreas Fjeld Halvorsen (17) til EM-sølv på 1500 og 3000 meter. Når han snakkar med NRK, er han ein av dei tre nominerte til årets unge utøvar i Europa etter dei to sterke gulla frå meisterskapen i sommar.

Les også Kristian (15) knuste Ingebrigtsen-rekord

Kristian Bråthen Børve under junior-NM i Bærum 28.08.22.

Krona på verket er dei ferske europarekordane på dei same distansane:

  • 1500 meter: 3.39,46 minutt
  • 3000 meter: 7.48,25 minutt

Roser Ingebrigtsen

Jakob Ingebrigtsen sprang til samanlikning 1500 meter på 3.39,92 og 3000 meter på 8.00,01 på 3000 meter då han var like gammal. Den tidlegare U18-bestenoteringa på 3000 meter tilhøyrde austtyske Hansjörg Kunze og stod i heile 47 år.

– Det er ein stor motivasjon å slå ein av dei største utøvarane i vår tid. Han er eit idol fordi han er ein fantastisk utøvar på eit fantastisk nivå, sjølv om han er veldig ung, seier Laros om at han spring fortare enn nordmannen gjorde i same aldersklasse.

Respekten er stor for det dei har fått til i Sandnes. Det er Jakob Ingebrigtsen og maratonkongen Eliud Kipchoge som blir trekt fram som førebilete.

Les også Sjekk den spinnville Ingebrigtsen-effekten

Jakob Ingebrigtsen under EM i München

Kenyanaren forbetra nyleg verdsrekorden over 42.195 meter og kom med råd til ungguten: «Følg vegen trenaren legg opp til».

Og det er kanskje ikkje så dumt når vedkommande heiter Tomasz Lewandowski. Polakken trena mellom anna broren, Marcin Lewandowski, i ei årrekkje. Sistnemnde var kjend som ein giftig avsluttar og sterkt taktikar, noko han beviste då han kneip bronsen framfor ein 19 år gammal Jakob Ingebrigtsen i VM i 2019.

Suksessen meiner 17-åringen heng saman med at han har halde seg skadefri og trena problemfritt over tid. Sidan han var elleve år gammal har han trena spesifikt for å bli best. Potensialet trudde han var størst på 1500 og 5000 meter, men overraska seg sjølv med uoffisiell 1.46,3 på 800 meter.

Jakob Ingebrigtsen: – På ingen måte umogleg

No startar den vanskelege jobben for den hittil suksessrike ungguten. For steget frå lovande junior til gullvinnande senior er det dei færraste som taklar.

– Det er mange som kan vere gode i ting når dei er unge, og det er eit veldig godt utgangspunkt, men så er det det å dyrke det vidare. Og ikkje minst skape utvikling og progresjon, seier Jakob Ingebrigtsen til NRK etter å ha sprunge først over mål i Rosa sløyfe-løpet i Oslo.

82FC0F20-5F1A-4CC4-867F-B76D5FEE9643

BRØDRE-TRIPPEL: Henrik (frå venstre), Jakob og Filip Ingebrigtsen stilte opp i Rosa sløyfe-løpet i Oslo.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

Med OL-gull, VM-gull, VM-sølv og fire EM-gull, for å ta nokre utvalde merittar, veit han naturlegvis kva han snakkar om.

– Det er på ingen måte umogleg, men ein må verkeleg få sett det i system og vere smarte, seier Jakob Ingebrigtsen om nøkkelfaktorane – og held fram:

– Eg håpar dei har ein fin plan for korleis dei skal dyrke talentet vidare.

Rodals råd: Dropp 800 meter

NRK-ekspert Vebjørn Rodal meiner ungguten vil gjere lurt i å dyrke distansane frå 1500 meter og opp dei neste åra. Ikkje minst fordi metoden som blir brukt av Ingebrigtsen-brørne nesten har sett ein ny standard for korleis ein trenar mot 1500 meter.

– Og så gir det også eit moglegheitsrom for at ein kan springe fort på 3000 og 5000 meter òg. Skiljet mellom 800 meter og 1500 meter er ganske markant, seier Rodal, som meiner fleire distansar også kan bidra til inspirasjon og motivasjon.

Rodal

NRK-EKSPERT: Vebjørn Rodal.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Trønderen peikar på kontinuitet som den viktigaste suksessfaktoren framover.

– Når ein spring så fort, så har ein gjort mykje rett. Det er snakk om å føre vidare å vidareutvikle, og ikkje gjere så altfor store grep.

Men om han eigentleg er betre enn Jakob på same alder, er han usikker på.

– Det er kanskje ikkje sånn at Jakob maksa ut resultata på alle distansar, seier OL-meisteren på 800 meter frå 1996.

Avsluttar i terrenget

Om planen til Lewandowski fungerer er det neppe lenge til dei blir å sjå i løp mot kvarandre. Neste store konkurranse for Laros blir EM i terrengløp i Torino i desember. Nederlendaren stiller i U20-klassen.

No er den neste store konkurransen EM i terrengløp i desember der Laros skal delta i U20-klassen.

Neste sesong ventar U20-EM i Romania, ein meisterskap Jakob Ingebrigtsen har gjort stor suksess i tidlegare. Som 16-åring tok han gull på 3000 meter hinder og 5000 meter.

PS! Malin Hoelsveen (800 meter) og Bastian Elnan Aurstad (400 meter hekk) vann gull i U18-EM i sommar, medan Andreas Fjeld Halvorsen (1500 og 3000 meter) og Noregs stafettlag på herresida tok sølvmedaljar.

Siste nytt

  • Godt nytt for Brann – Horn Myhre kan rekke Europa-kamp

    Felix Horn Myhre (26) trente mandag og kan bli spilleklar til torsdagens kamp mot skotske Rangers i ligaspillet i Europaligaen.

    – Det er håp. Han var med på trening nå, og så venter vi på hvordan kroppen reagerer på det, sier Brann-trener Freyr Alexandersson, ifølge Bergens Tidende.

    Også BA sitter inne på de samme opplysningene om Branns midtbanejuvel.

    Sistnevnte melder også om at Niklas Castro ikke rekker kampen mot skottene.

    Horn Myhre spilte sin forrige kamp for Brann mot Viking 5. oktober. Han var også tatt ut til landskampene mot Israel og New Zealand, men ble sendt hjem til Bergen igjen etter å ha vært ubenyttet reserve i kampen mot Israel 11. oktober. (NTB)

    en mann i rød skjorte
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Fire «debutanter» til sesongåpning

    Norges Skiforbund har offentliggjort uttaket for kommende helgs åpningsrenn i alpint i Sölden.

    Kvinnene sesongåpner verdenscupen med storslalåm lørdag, mens herrenes renn går søndag.

    Kvinner:

    Thea Stjernesund, Hakadal IL
    Mina Fürst Holtmann, Bærums Skiklub
    Kajsa Vickhoff Lie, Bærums Skiklub
    Madeleine Sylvester-Davik, Tertnes Alpin

    Menn:

    Henrik Kristoffersen, Rælingen Skiklubb
    Atle Lie McGrath, Bærums Skiklub
    Timon Haugan, Oppdal Alpin
    Eirik Hystad Solberg, Skiforeningen Stavanger
    Oscar Andreas Sandvik, Ready Alpin
    Rasmus Bakkevig, IL Heming
    Fredrik Møller, Oppdal Alpin

    Eirik Hystad Solberg, Oscar Andreas Sandvik, Rasmus Bakkevig og Madeleiene Sylvester-Davik får alle oppleve åpningsrennet for første gang.

    Eirik Hystad Solberg etter verdenscupdebuten i Kitzbühel
    Foto: Reuters
  • Vant i fjor – trekker seg fra sesongåpningen

    Alexander Steen Olsen trekker seg fra alpinistenes sesongåpning i Sölden kommende helg.

    Det bekrefter Norges Skiforbund. TV 2 omtalte saken først.

    Årsaken er at det unge stjerneskuddet fortsatt sliter med «Jumpers knee». Steen Olsen testet kneet i Sölden i helga, men reiser hjem til Oslo i dag.

    – Kneet fungerer ikke, og jeg reiser hjem for videre sjekk og behandling i samråd med det medisinske helseteamet til forbundet, sier Steen Olsen i en pressemelding fra Norges Skiforbund.

    Alpinisten sto også over flere renn sist vinter med kneproblemer. Til TV 2 forteller han at han nesten ikke har stått på ski i sesongoppkjøringen.

    Sist sesong vant han åpningsrennet, og ble til slutt nummer fire i storslalåm-cupen sammenlagt.

    Han vet foreløpig ikke når det kan bli aktuelt å konkurrere igjen.

    Alexander Steen Olsen
    Foto: Giovanni Auletta / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal