Laurdag sesongopna dei svenske skiskyttarane i Idre Fjäll. Det med den tidlegare langrennsstjerna Stina Nilsson på startstreken for første gong.
Det enda med ein 11.-plass på sprinten.
– Det er så kult å kome i gang. Eg er «jättenöjd» med dagen, seier ho til SVT.
– Det var akkurat kva eg hadde i min første internasjonale konkurranse. Det blir OL-gull til slutt, seier tidlegare olympisk meister, Björn Ferry, med eit smil på SVTs sending.
– Haha, vi får sjå. Eg skal ikkje stikke under stol at eg skaut 4–4 førre helg. Det er fine ord, men no skal vi ikkje ta noko på forskot, svarer Nilsson ifølgje Aftonbladet.
– Det er betre enn forventa. Skytemessig kjem ho greitt ut av debuten, og i løypa er ho teknisk overlegen. Det er truleg berre Tiril Eckhoff og Denise Herrmann som har tilsvarande fysisk og teknisk nivå inne, rosar NRKs Torgeir Bjørn.
Favoritten Hanna Öberg vann føre Johanna Skottheim, begge med to fulle hus. Nilsson var 1,48 bak i mål.
PUSTEPROBLEM: Stina Nilsson fekk oppleve at det er noko anna å konkurrere enn å trene i sin første konkurranse.
God på ståande
På liggjande skyting blei det to strafferundar, men på andre skyting imponerte 27-åringen med berre éin bom – og det etter problem med ladinga. 41 sekund brukte ho på serien.
– Om ho får kopla det med langrennsfarta, så nærmar vi oss internasjonalt format, meiner kommentator Andreas Stabrun Smith.
– Den ståskytinga er imponerande, seier Ola Lunde.
– Det er ståande eg er mest fornøgd med. Den utviklinga eg har hatt der. Det er mykje å tenkje på. På liggjande hadde eg ikkje «flowet» eg ville ha, fortel Nilsson.
– Ho er underdog og føler seg kanskje meir avslappa enn det ho gjorde i langrenn, meiner Ola Lunde.
– Eg trur ho har funne noko ho syntest er veldig gøy å gjere. Det var ikkje alltid vi såg ho så nøgd i intervjuar etter langrennskonkurransar. Det kan sjå ut til at ho har funne tilbake til gleda ved å drive idrett, seier Andreas Stabrun Smith.
Ikkje verdscup
Det er allereie bestemt at ho i alle fall ikkje stiller i verdscupopninga i Kontiolahti om to veker.
– Eg vil absolutt konkurrere mykje, men eg synest ikkje det er rettferdig verken mot meg eller sporten å tru at eg som langrennsløpar seier at eg vil gå verdscup og går inn og dominerer. Der er så langt ifrå røyndommen som det berre går an, sa Nilsson til SVT før debuten.
– Eg kjenner at eg har ikkje noko å gjere der, akkurat no. Eg må få gjere riktige ting til rett tid, legg ho til.
IBU-cupen, det neste høgaste nivået, er avlyst i alle fall fram til jul, og Nilsson kunne derfor fått plass i verdscupane i Finland og austerrikske Hochfilzen før jul. Tyske Oberhof, frå 4. januar, er neste moglegheit.
– Eg er ikkje klar for dei store arenaene enno, og ikkje klar for utfordringane. Eg har ikkje kunnskapen om konkurransane. Vi får sjå korleis verda ser ut etter kvart, og korleis eg ligg an. No anar eg ikkje, fortel ho i eit intervju med, Sveriges Radio.
– Eg trur ho vil vere klar etter jul, seier Ola Lunde etter debuten.
VARIERANDE: Stina Nilsson fortel til SVT at ein bra liggjande serie for henne er på rundt 37 sekund.
Foto: Nisse Schmidt/tt / NTBKunne fått norsk konkurranse
Dei siste vekene har Nilsson vore på treningssamling med det svenske skiskyttarlandslaget, og det har vore utfordringar.
– Da vi hadde eit testrenn i førre veke, gløymde eg våpenet. Så det skjer at eg gløymer ting, seier Nilsson i et intervju med det svenske nyheitsbyrået TT.
Den norske sesongopninga på Sjusjøen vart avlyst som følgje av pandemien. Noreg vurderte derfor å delta i Sverige, der det ikkje er krav om karantene, men landa på at risikoen for smitte var for stor og logistikken for vanskeleg.
I TOPPEN: Tiril Eckhoff vart nummer to i verdscupen samanlagt førre sesong, og vann jaktstartcupen.
Foto: LEHTIKUVA / Reuters– Det hadde vore herleg med ein konkurranse for å sjå korleis ein ligg an, men ingen av oss har lyst til å reise til Sverige no. Der er det meir smitte og mindre restriksjonar, seier Tiril Eckhoff, som ikkje hadde dei største forventningane til Nilsson i helga.
– Eg håpar ho gjer det ganske bra, men at ho ikkje er best. Ut ifrå kor mange år eg har brukt på skiskyting, så håpar eg ho bruker litt tid på å bli god.
– Eg ser ikkje på henne som ein kjempetrussel enno, men vi veit jo ikkje. Eg vil tru at ho treng nokre år på å lære seg «gamet», men eg håpar ho synest det er verd det, seier Marte Olsbu Røiseland.
SKISKYTTAR: Stina Nilsson på samling med landslaget i skiskyting i svenske Idre. Her med trenar Jean-Marc Chabloz.
Foto: Nisse Schmidt/tt / NTB