NRK Meny
Normal

– Eg var veldig nær å legge opp

RJUKAN (NRK): Devon Kershaw satsar vidare på norsk privatlag og har flytta saman med kona Kristin Størmer Steira i Oslo. Slik trudde han det ikkje ville bli i fjor vår.

Kershaw og Steira

BLIR «TELEMARKING»: Devon Kershaw har akkurat flytta inn med kona i Oslo. Nå skal dei begge vere ein del av det nyoppstarta privatlaget Team Telemark.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det har vore så tøft mentalt. Eg var vant til å kjempe om topp fem og pallplassar, men dei siste to åra har eg vore så mykje sjuk og såvidt vore topp 30.

Devon Kershaw har akkurat blitt presentert som det nyoppstarta privatlaget Team Telemarks nye stjerne.

For canadieren var akkurat ein av dei største stjernene i verdscupen for berre nokre få sesongar sidan.

Han blei verdsmeister i lagsprint saman med Alex Harvey i Holmenkollen i 2011 og berre Dario Cologna var betre i verdscupen totalt i OL-sesongen 2014.

Kershaw og Harvey feirer VM-gull

ELLEVILLT: Feiringa var stor i målområdet da Devon Kershaw og Alex Harvey tok eit historisk VM-gull på lagsprinten under VM i Holmenkollen. Norge med Ola Vigen Hattestad og Petter Northug tok sølv

Foto: Matthias Schrader / Ap

Men i Sotsji starta nedturen.

Kikhoste og lungebetennelse på likt

– I Sotsji hadde me skikkeleg dårleg utstyr og eg fekk lungeinfeksjon som påverka resten av sesongen. Etter å ha vore så nær i Vancouver skulle Sotsji bli mitt OL, så eg var forferderleg skuffa.

Året etter skulle han ta revansje i VM Falun, men historia gjentok seg.

– Eg endte opp med både kikhoste og lungebetennelse på same tid. I over tre månader var eg sjuk og eg var veldig nær ved å legge opp. Eg begynte å bli eldre og hadde hatt mange pallplassar i verdscupen, så våren 2015 hadde eg mange tøffe diskusjonar med meg sjølv.

Devon Kershaw på Rjukan

HOVUDPERSON: Devon Kershaw blir den mest meritterte løparen på Team Telemark, men kjem også til å halde fram på det canadiske landslaget.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

Det var også den våren kona Kristin Størmer Steira valde å legge skia på hylla. Om sommaren gifta dei seg i Lofoten og Kershaw bestemte seg for å halde fram satsinga. Fyrst nå for ein månad sidan flytta dei for fyrste gong saman på ordentleg i Oslo.

Vil satse to år til

– For oss var det mest naturleg å vere i Oslo. Eg lever eit veldig nomadisk liv og Kristin jobbar og studerer her i Oslo. Men me har eit hus i Canmore så me får kva framtida bringer.

– Korleis er det nå som ikkje Kristin er langrennsløpar lengre?

– Det er veldig annleis og litt vanskelegare for oss. Nå som Kristin har jobb kan me ikkje reise to veker til Hawaii om våren for eksempel, ler Kershaw og legger til.

– Ho er ganske sprek framleis, så ho kan gje meg kamp på springeturar i marka, gliser han.

Med base i Oslo jaktar 33-åringen medaljar i iallfall to år til.

– Eg trur eg kan kome tilbake på toppnivå igjen. Trur eg at eg kan vinne verdscupen samanlagt? Nei, der hadde eg sjansen min i 2012. Nå skiftar eg fokus til gode prestasjonar i VM og OL i 2018. Gullmedalje er kanskje ikkje realistisk, men ingen forventa me skulle ta gullet i 2011 heller.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Toppidrettsveka
Toppidrettsveka: Motbakkeløp og 15 km jaktstart i Trondheim
Toppidrettsveka: Motbakkeløp