Noregs landslagskaptein stråla då Noreg slo Belgia 4–0 på Ullevaal stadion, og festa eit grep om gruppesigeren i VM-kvalifiseringa. Etter kampen var landslagssjefen full av lovord for Graham Hansens prestasjon.
– Den Caroline eg har sett i dag og som vi har sett for Barcelona i haust, er kanskje den beste Caro eg har sett, sa Martin Sjögren på pressekonferansen etter kampen.
Og Graham Hansen er samd i at forma er inne.
– Det viktigaste for min del er at eg kosar meg med fotballen, og det gjer eg verkeleg om dagen, og då er det enklare å spele bra når ein treng det, sa Graham Hansen på pressekonferansen.
Slik slo Noreg Belgia, sjå måla frå kampen her:
– Sjuk statistikk
Sigeren mot Belgia smakte ekstra godt for landslagskvinnene, etter poengtapet mot Polen førre veke.
– Eg trur vi alle hadde eit stort behov for å få ein sjølvtillitsboost på det. Det var veldig godt med tanke på at vi møter antatt svakare motstand på neste samling, så det var veldig bra å få lov å kjenne på det at vi er gode og at vi kan vere det mot gode lag også, sa Graham Hansen.
Noregs solide siger mot Belgia forlenga også ein enorm heimestatistikk som landslaget har opparbeidd. I samfulle landskampar som har blitt spela i VM-kvalifisering av kvinnene, så har 34 enda i siger, og berre ein har dei tapt.
Det tapet kom mot Nederland tilbake i 2014, då VM billetten allereie var i boks. Når TV 2 tek opp desse tala på pressekonferansen blir landslagskapteinen overraska.
– Er det heimestatistikk? Det er ein ganske sjuk statistikk. Særleg med tanke på at vi dei siste åra har fått tyn for at ting går nedover, så har ein tydelegvis klart å oppretthalde ein solid statistikk på heimebane, seier Graham Hansen.
– Det er ein frykteleg god sjølvtillitsboost å ha med seg inn i vidare kampar når vi skal mellom anna spele mot Polen heime.
Slik slo Noreg Belgia. Sjå NRKs bildegalleri her:
– Teke komadoen i gruppa
Kampens første mål var det Guro Bergsvand som sette, og ho skåra med det sitt andre mål på fire landskampar – frå sin posisjon som midtstoppar.
For landslaget har ho spela to kampar på Ullevaal stadion, og måla ho har skåra har ho gjort i kampane på nettopp Ullevaal.
– Eg sa det etter det første målet til Guro at «Dægern, vi trivst sinnssjukt godt på Ullevaal». Det er liksom vår andre heim på mange måtar, fortalde Graham Hansen.
Bergsvand er, i likskap med Graham Hansen, oppvaksen i nærleiken av nasjonalarenaen, og har sjølv spela fleire år for Lyn.
– Det var heilt fantastisk. Det var ein ordentleg god atmosfære, og det følte vi frå det augneblinken vi gjekk ut på matta, sa Bergsvand sjølv om kjensla ved å skåre på heimebane.
Ho skåra Noregs første, på vegen mot ein 4–0 siger som sende Noreg tilbake på tabelltoppen i VM-kvalifiseringsgruppa.
– Vi har teke kommandoen i gruppa, og det er veldig viktig. Vi har alt i eigne hender, men eg skulle ønskje vi hadde to poeng til. Då hadde det sett veldig bra ut i denne kvaliken. Vi har eit godt utgangspunkt for å ta oss til VM, men det er eit stykke igjen.