NRK Meny
Normal

Sjekk Rosenborgs elendige 16.-mai-statistikk

Spissen Alexander Søderlund feila framfor 20.000 heimefans då Rosenborg tapte sin tredje 16.-mai-kamp på fire sesongar.

Intervju med Rosenborg-trener Per Joar Hansen og Stabæk-trener Bob Bradley.

REAKSJONER ETTER KAMPEN: Per Joar Hansen depper etter hjemmetap for Stabæk.

Laster innhold, vennligst vent..

Søderlund hadde alle tiders sjanse til å sende Rosenborg i føringa mot Stabæk då det stod 1-1 med 20 minutt igjen av kampen.

Heilt aleine, éin meter framfor opent mål klarte han å bomme.

Rosenborg

Luc Kassi og Franck Boli (midten) forlenga Rosenborgs elendige 16.-mai-statistikk.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Det var heilt utruleg. Han blir alt for nonchalant i den situasjonen. Ballen blir servert framfor open kasse, men Søderlund er for avventane. Ein utruleg stor miss, seier Karl-Petter Løken.

NRKs fotballekspert scora for øvrig då Rosenborg slo Stabæk 5-2 i det første 16.-maimøtet mellom dei to klubban på Lerkendal i 1995.

Verre blei det for Søderlund etter missen. For plutseleg skrudde Stabæk opp tempoet og scora to gangar.

Luc Kassi og Franck Boli blei dagens heltar for Stabæk.

Med mål i det 73. og 79. minutt sikra dei Stabæks sjette triumf på Lerkendal.

Sist dei vann i Trondheim var i 2011.

Slått av Haugesund, Hønefoss og Stabæk

Rosenborg har ingen plettfri 16.-mai-CV mot mindre lag på Lerkendal dei siste åra.

I 2012 stakk Hønefoss av med tre poeng då Christoffer Dahl scora kampens einaste mål.

I 2011 vann Haugesund 1-0 i Trondheim.

Forsvarsspelar blei toppscorar for Rosenborg

Stabæks Fredrik Brustad scora kampens første mål etter strøkent contringsspel.

Tore Reginiussen utlikna etter pause. Forsvarsspelaren er no mestscorande for Rosenborg denne sesongen.

Med tre scoringar på ni kampar deler han toppscorartittelen med nettopp Alexander Søderlund.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM feltritt: Sprangridning
EM feltritt: Sprangridning
EM feltritt: Sprangridning
Friidrett: Diamond League fra Birmingham
Friidrett: Diamond League
Friidrett: Diamond League
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
Radiosporten følger den 20.runden av Eliteserien
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten