Hopp til innhold

Spelet rundt Ronaldo: – Satsar pengane på at han går

Cristiano Ronaldo har gitt uttrykk for at han er misnøgd med situasjonen i Manchester United og vil vekk. Men kvar skal han i så fall gå?

Cristiano Ronaldo

«SHOULD I STAY OR SHOULD I GO»: Cristiano Ronaldo har ønskt seg vekk, men ingen storklubbar vil ha han. Kvar skal han spele neste sesong

Foto: LINDSEY PARNABY / AFP

– Eg ville nok satse pengane på at han kjem til å gå frå United, seier TV 2-ekspert Erik Thorstvedt til NRK.

Ronaldo blei ein slager i klubben han spela for frå 2003 til 2009. For eit år sidan kom han overraskande tilbake til klubben, då med hans gamle lagkamerat Ole Gunnar Solskjær som manager.

Det bei ikkje eit like lykkeleg gjensyn. I sommar sa han at han ønskjer seg vekk frå klubben. Men interessa frå dei aktuelle klubbane har vore lunka, og Uniteds nye manager Erik ten Hag seier at han vil ha han i stallen.

Og så viste det seg at United glitra i sin første treningskamp for sesongen – 4–0 over erkerival Liverpool. Utan Ronaldo fekk United betre flyt over spelet enn på lenge.

Han er ikkje med på Uniteds tur til Asia, og det har fyrt skikkeleg opp under spekulasjonane.

– Private årsaker, sa han til klubben, som aksepterte forklaringa.

Mister ansikt om han blir

Thorstvedt grunngir sin spådom slik:

– Når ein spelar går ut og seier han vil vekk, har han vanlegvis kontaktar og planar som gjer at han veit kvar han skal. Eg har vanskar med å sjå kvar det skal vere, for ingen av dei mest aktuelle klubbane ser ut til å vere interessert.

– Men om han blir verande etter så tydeleg å ha ønska seg vekk, vil han miste ansikt. Derfor trur eg at han blir borte, men eg anar ikkje kvar, seier Thorstvedt.

Uniteds nye manager Erik ten Hag vil ikkje la Ronaldo gå. Det seier han iallfall. I pressekonferansen dagen før Uniteds første treningskamp var han klokkeklar.

– Ronaldo blir. Eg har planlagt denne sesongen med han, sa ten Hag.

– Til meg har han dessutan aldri sagt at han vil vekk. Det har eg berre lese og høyrt i media, la han til.

Thorstvedt peikar på at då Ronaldo kom inn på United-laget i fjor, scora han mange mål. Men samstundes scora laget totalt mindre, fordi «alt» skulle gå gjennom Ronaldo. United har ikkje scora færre ligamål sidan sesongen 2016/17.

Cristiano Ronaldo

MÅLGARANTI: Ronaldo scora 24 mål for United sist sesong, men klubben scora færre ligamål enn dei har gjort på fem sesongar

Foto: Dave Thompson / AP

– Det har også vore tilfelle i andre klubbar han har spela i. Derfor trur eg ikkje ten Hag vil ha noko imot om Ronaldo blei borte, seier Thorstvedt.

Ronaldo scora 24 mål, derav 18 i ligaen, sist sesong. Men United enda likevel på sjetteplass i ligaen, og får ikkje spele meisterliga komande sesong.

Det vil ifølgje Manchester Evening News gi ein lønsnedgang på 25 prosent.

BBC-ekspert: Mest truleg at han blir i United

Men andre har andre syn på det.

Ifølgje The Times skal også United-direktør Richard Arnold jobbe hardt for å halde Ronaldo i klubben, sjølv om han har gitt Ronaldos agent John Mendes grønt lys for å ta kontakt med aktuelle klubbar.

Dette har styrka mange i trua på at Ronaldo blir i United også den komande sesongen. Iallfall BBC-journalist Simon Stone.

– Med bakgrunn i det Arnold har gjort for å hjelpe Ronaldo og hans familie, kombinert med at United ikkje har vore på jakt etter ein ny midtspiss, ville det ikkje undre meg om han blir, skriv Stone.

– Men overgangsvindauget stengjer ikkje før 1. september, så det kan skje mykje før den tid, legg Stone til.

Liten interesse frå storklubbane

Erik ten Hag

– HAN BLIR HER: Uniteds manager Erik ten Hag slår fast at Ronaldo blir i klubben også komande sesong

Foto: JACK TAYLOR / AFP

Bayern München, Chelsea og Paris Saint-Germain har vore i spekulasjonane, men ingen av dei har verka særleg interesserte.

I PSG hadde Ronaldo måtta ta kampen opp med stjerner som Messi, Neymar og Mbappé. Det er også reist tvil om styrtrike PSG har plass på lønnsbudsjettet til endå ei stjerne. Ifølgje den engelske avisa Express har dei nok med dei 40 millionar kronene som deira stjernetrio kostar i veka.

Men førebels har PSG gitt Mendes klar beskjed om at dei ikkje er interesserte. Dei går heller for å lokke Lewandowski dit i staden for til Barcelona, ifølgje Le Parisien.

Bayern München treng ein ny storscorar dersom Robert Lewandowski blir borte, men klubbdirektør Oliver Kahn har sagt at «Ronaldo ikkje passar inn i vår klubbfilosofi».

Opning i Chelsea?

Hos Chelsea er det litt meir uvisst. Manager Thomas Tuchel har vist heller lunken interesse, men den nye klubbeigaren Todd Boehly har langt meir lyst til å hente portugisaren.

Premier League - Chelsea v Watford

DISKUSJON: Chelseas nye amerikanske eigar Todd Boehly vil gjerne ha Ronaldo i klubben, men manager Thomas Tuchel er langt meir skeptisk

Foto: ANDREW COULDRIDGE / Reuters

– Den diskusjonen kan ikkje Tuchel tape. Han vil ikkje leie eit lag med ei dominerande stjerne han ikkje ønskjer seg. Det er skilnad på fotball og baseball, seier Thorstvedt, med adresse til Chelseas nye amerikanske eigar.

– ten Hag seier nok berre det han må seie. Hadde han sagt noko slikt som at «dette er noko vi skal vurdere», hadde han tapt. No har United klart signalisert at dei vil byggje vidare på Ronaldo, seier Bernt Hjørnevik, talsmann for Uniteds norske supporterklubb.

Hjørnevik dreg også fram eit anna aspekt.

– Dersom Ronaldo forsvinn, har ikkje vi att ein einaste midtspiss etter at Cavani også blei borte. Det er ein situasjon ten Hag neppe ønskjer, seier Hjørnevik.

Derfor bad han om å bli sett på transferlista. Sjølv meiner han at han har tre-fire år att på toppnivå.

NRKs fotballkommentator og analytikar Thore Haugstad er også usikker på kva som skjer med Ronaldo.

– Han er nok eit litt unaturleg element i ten Hags United, og det er neppe krise for klubben om han blir borte. Kanskje kan Marcus Rashford fungere i spissrolla. Men ten Hag er også kjend for å variere oppstillinga, og kan nok bruke Ronaldo i ein del tilfelle, seier Haugstad.

– Kvifor vil han bort?

– Eg trur ikkje det berre er mangel på meisterligaspel som er grunnen. Ronaldo vil score fleire mål, sette rekordar, og helst også vinne Gullballen igjen, meiner Haugstad.

Siste nytt

  • Bytyqi terminerte kontrakten i Tyrkia - trener mot Viking

    Zymer Bytyqi bekrefter overfor Stavanger Aftenblad at han har terminert kontrakten sin med den tyrkiske toppklubben Antalyaspor.

    – Det har vært litt av en prosess og mye stress de siste dagene. Jeg har ikke tenkt så mye på framtiden nå. Akkurat nå ser jeg fram til ro, sier 27-åringen til Aftenbladet.

    Bytyqi gjorde i 2021 overgang fra Viking til Konyaspor, før reisen gikk videre til Olympiakos to år senere. I fjor sommer reiste han tilbake til Tyrkia og signerte for Antalyaspor, hvor han endte med to mål og fire målgivende på 33 kamper.

    Kantspilleren ønsker imidlertid ikke å oppgi noen årsak for hvorfor kontrakten er terminert. Hans opprinnelige kontrakt varte til sommeren 2026.

    Etter bruddet med Antalyaspor, snakket Bytyqi med Viking-trenerne og fikk lov å trene med gamleklubben.

    – Det er veldig hyggelig at jeg får være med. Jeg har ikke hastverk med å finne en ny klubb, sier Bytyqi.

    Han legger til at han har gode kort på hånden, og at han skal trene med Viking så lenge han er velkommen. (NTB)

    Eliteserien 2020: Viking - Vålerenga (2-2)
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Lilleberg og Pettersen ønsker å være med i VM: – Selvfølgelig har jeg lyst

    De to USA-proffene Emil Lilleberg og Mathias Emilio Pettersen har forsikret landslagssjef Tobias Johansson om at de ønsker å bidra for landslaget under VM.

    Spillerne er riktignok avhengig av hvordan det går i sluttspillet for sine respektive lag. Lillebergs Tampa Bay Lightning ligger under 0-3 i kamper mot Florida Panthers, mens Emilio Pettersens Texas Stars slo ut Manitoba Moose og møter Milwaukee Admirals i en best av fem-serie.

    – Jeg spiste middag med Emil for en måned siden, og han var veldig positiv til VM-spill når han er ferdig der borte. Men det er usikkert om Tampa vil sende ham til Syracuse, eller hva som skjer når de eventuelt ryker ut, sier Johansson til nitten.no.

    Første kamp for Emilio Pettersen & co. spilles først 2. mai. Serien avsluttes så sent som 12. mai, dersom de spiller alle de fem kampene.

    – Jeg prøver å ha fokus på sluttspillet her nå, men selvfølgelig har jeg lyst til å spille VM om det åpner seg opp en mulighet for det, sier Pettersen.

    – Kan du reise dersom dere ryker i neste runde med Texas Stars?

    – Jeg er usikker på hva som skjer med Dallas i sluttspillet, så jeg må ta det som det kommer da. Jeg kan ikke si noe 100 prosent nå, svarer han.

    Fra før har veteranene Mats Zuccarello og Patrick Thoresen stilt seg tilgjengelig til verdensmesterskapet i Praha, som spilles fra 10. til 26. mai.

    (©NTB)

    eFmZjB-LXIs
    Foto: NTB
  • Klopp om mulig arvtager: – Høres veldig bra ut

    Jürgen Klopp uttaler seg veldig positvt om Arne Slot, som er i detaljer om å bli Liverpools nye manager.

    Tidligere denne uken tok klubbens jakt på Klopps erstatter en klar vending. Slot ble pekt ut som favoritt, og torsdag bekreftet Feyenoord-treneren at han er i samtaler med Liverpool.

    På fredagens pressekonferanse fikk Klopp spørsmål om nederlenderen, og sa at han liker mye ved det.

    – Jeg er ikke involvert i prosessen, men jeg liker måten laget hans spiller på. En god trener og en fin fyr. Hvis han er mannen, så blir jeg mer enn fornøyd, sier Klopp.

    – Det er ikke opp til meg å bestemme, men det høres veldig bra ut, forsetter den avtroppende Liverpool-manageren. (NTB)

    Jürgen Klopp
    Foto: Andrew Boyers / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal