– Dersom Pogba og agenten hans ønskjer at han skal gå, men klubben ikkje har fått gode nok bod, så er det ingen sjanse for at han skifter klubb. Det er ein svært vanskeleg situasjon, seier BBC-journalist Simon Stone til NRK.
Solskjær skapte overskrifter då han avviste at Pogba ønskjer å skifte klubb. Han meinte at media har ein agenda ved å setje fokus på stjernespelaren.
Pogbas agent Mino Raiola sa til The Times i førre veke at Pogba ønskjer seg vekk.
– Eg trur Solskjær hadde to føremål med det han sa: Å ikkje gjere problemet endå verre og verne spelaren, seier Stone.
– Det kan vere eit betydeleg problem dersom han verkeleg vil vekk. I så fall må det skje nokså raskt, fordi klubbar i Spania har eit tre veker lenger overgangsvindauge enn England. Det kan bety tidstrøbbel for United med å finne ein erstattar.
Real Madrid?
Pogba har tre år att av kontrakten med United.
Raiola hevdar at Manchester United er informert om ønskja.
26-årige Pogba vil helst til Real Madrid, men også Juventus skal vere aktuell. Klubben har enno ikkje fått bod på stjernespeleran, opplyste Solskjær.
– Pogba vil gjerne bort, men han er ikkje desperat. Det viktigaste for han er å kome vidare, enten ved ein ny kontrakt som viser tillit frå klubben og laget, eller få eit godt tilbod og prøve seg ein annan stad, seier den italienske jorunalisten Gabriele Marcotti.
Samstundes var Pogba ein av dei som fronta Uniteds presentasjon av bortedraktene for komenade sesong. Dei blei presenterte fredag.
Manchester United er på turné i Australia, og skal spele sin første kamp i sesongoppkøyringa mot Perth Glory laurdag.
ESPN-journalist Rob Dawson meiner Pogba-haldninga fremover kan bli avgjerande for hans framtid.
Dawson har Pogba øvst på ei liste over Solskjærs utfordringar i sommar.
– United må ikkje selje Pogba, men Solskjær må finne ut korleis han kan få fram det beste i han denne sesongen, skriv Dawson.
– Lettare å sleppe Lukaku
Stone seier at situasjonen er omtrent den same for Romelu Lukaku, som har blitt linka til italienske Milan, Inter og Juventus.
Lukaku har sagt seg misnøgd med at han ikkje er satsa på som førsteval på spissplassen, ein plass Solskjær helst vi gi til Marcus Rashford.
– Men Solskjær vil nok vere meir villig til å sleppe Lukaku, som ikkje heilt passar inn i Solskjærs plan. Eigentleg trur eg ikkje United bryr seg veldig mykje om han reiser. Men også her er det spørsmål om pris, og ingen har lagt inn bod hittil, seier Stone.