FA-cupen var det siste trofeet Ole Gunnar Solskjær og Manchester United kunne vinne på heimebane denne sesongen.
– Eg er skuffa, vi fortener ikkje å vinne. Vi spelar i deira hender. Vi hadde ikkje kvalitet nok. Vi spela på oss kontringar og til slutt mål i mot, sa Solskjær til NRK.
– Dette var eit stort steg tilbake, seier han til BBC.
Han var lenge i garderoben med spelarane etter kampen, før han kom ut.
– Vi må sjå framover. Vi kan gjere det bra i serien, og har kvartfinalen i meisterligaen som bonus.
Nemanja Matic aksepterte også tapet.
– De vann, vi er ikkje nøgde med det vi leverte. Vi må halde fram, vi har framleis åtte kampar i ligaen, og vi har meisterligaen. Vi må komme oss inn på topp fire, seier han til NRK.
Raudt kort blei til gult
To kjappe mål av Raúl Jiménez og Diogo Jota i andre omgang sende heimepublikum på Molineux til himmels og Wolverhampton til semifinale.
Då Marcus Rashford reduserte nesten fem minutt på overtid, var det for seint.
– Wolverhampton fortente dette. Dei var klart best, og kampplanen deira fungerte perfekt. Manchester United blei knust, sa Alan Shearer i BBC.
Verre såg det ut til å bli for United då dommaren viste det raude kortet til Victor Lindelöf. Men etter å ha blitt kontakta av VAR-folket, gjorde han det om til gult, og United fekk fullføre med 11 mann.
Etter å ha gått gjennom heimleg serie og cup med 16 kampar utan tap sidan Solskjær overtok før jul, tapte United sin første ligakamp sist helg mot Arsenal, og fall ned frå den viktige fjerdeplassen. I dag blei det altså exit i cupen.
– Dette var skuffande for Solskjær. Men i løpet av eit par dagar er optimismen tilbake. United har mykje å spele for enno, seier Ronny Deila i Viasats studio.
Solskjærs menn må dermed konsentrere seg om å vinne tilbake ein plass i topp fire, og å slå Barcelona i kvartfinalen i meisterligaen.