Hopp til innhold

Solskjær bekreftar Håland-bodet: – Vi er nøgde

Erling Braut Håland er på veg til den austerrikske toppklubben Red Bull Salzburg.

Eliteserien fotball 2018: Sarpsborg - Molde (2-2).

I AUSTERRIKE: Erling Braut Håland er på plass i Austerrike for å diskutere ein mogleg overgang til dei regjerande seriemeistrane Red Bull Salzburg.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Vi er nøgde med bodet Salzburg har kome med. No er det opp til klubben og Erling å bli einige, seier Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær til NRK.

Han siktar til det 18 årige spisstalentet Erling Braut Håland, som no er på plass i Austerrike for å forhandle med dei regjerande austerrikske meistrane.

– Heilt frå då Erling kom til oss visste vi at han kom til å gå frå oss på eitt eller anna tidspunkt. Så får vi sjå om det skjer no eller snart, seier Solskjær.

Det var TV2 som tidlegare i dag kom med nyheita om at Molde har godteke eit bod frå den austerrikske storklubben Red Bull Salzburg.

Det skal vere snakk om ein overgang som i første omgang er verdt 50–60 millionar kroner. Men klausular gjer at summen kan bli endå høgare på sikt.

Eliteserien fotball 2017: Viking - Molde.

STORTALENT: Erling Braut Håland har trass i sin unge alder fått mykje speletid under Ole Gunnar Solskjær i Molde.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

– Ikkje for høgt nivå

Molde sin administrerande direktør, Øystein Neerland, seier til NRK at overgangen ikkje er klar enno.

Men om Erling Braut Håland hamnar i Red Bull Salzburg, meiner NRK sine fotballekspertar at det kan vere kan vere eit fornuftig steg for 18-åringen.

– Han kjem til eit høgare nivå enn eliteserien. Men nivået er heller ikkje for høgt. I Red Bull Salzburg får Erling Braut Håland erfaring i Europa, samtidig som han sannsynlegvis får ei avgjerande rolle på klubblaget, seier Carl-Erik Torp.

Carl-Erik Torp

NRK-EKSPERT: Carl-Erik Torp.

Foto: NRK

Han får støtte frå ekspertkollega Morten Skjønsberg.

– Vi har jo sett tidlegare at unge spelarar har gått til store klubbar og ikkje fått speletid. Og nettopp speletid er jo avgjerande for Håland. For vi snakkar unekteleg om eit stort talent, meiner den tidlegare Stabæk-kapteinen.

– Eit beist

At Håland flyttar på seg i ein alder av berre 18 år trur ikkje ekspertane blir eit problem.

Skjønsberg

NRK-EKSPERT: Morten Skjønsberg.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

– Det er alltid knytt farar til unge spelarar som reiser ut. Men Håland er i alle fall godt fysisk rusta samanlikna med mange andre på sin alder. Han er jo eit beist, vurderer Carl-Erik Torp.

Morten Skjønsberg trur ikkje det hadde gjort noko om Håland spelte i eliteserien ei stund til.

– Men vi får satse på at dette blir eit bra trinn vidare. Og så kan han kome til ein endå større klubb etter kvart, håper NRK-eksperten.

Lett vidare i Europa

Medan Erling Braut Håland er i Austerrike var Molde i Albania for spele returkamp i andre kvalifiseringsrunde i Europa League. Molde leia 3–0 frå det første møtet med Laci – og vann i dag komfortabelt 2–0 etter scoringar av Fredrik Aursnes (straffe) og Petter Strand.

– Vi fekk heldigvis to tidlege mål. Så det vart ein roleg andre omgang der vi også fekk kvilt spelarar, seier ein nøgd Ole Gunnar Solskjær.

I tredje kvalifiseringsrunde skal Molde møte skotske Hibernian eller greske Asteras Tripolis.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal