– Det var ikkje eit tilbod, men ein førespurnad frå ein liten Bundesliga-klubb etter meisterligaeventyret vi hadde for to år sidan. Men det kom aldri til «skudd», seier Ståle Solbakken til NRK.
Han er heime på noregsferie etter å ha vunne sitt åttande seriegull med FC København. Etter fjorårets fjerdeplass i den danske superligaen er «Kong Ståle» tilbake på toppen av dansk fotball. Til hausten skal klubben ut i kvalifisering til meisterligaen.
Hard konkurranse
Han har nettopp skrive under på ei ny kontrakt som varer fram til 2023. Fullfører han den perioden vil han til saman ha vore i klubben i 16 år over to periodar.
Og med delar av familien på veg til København er det mykje som skal til før han forlèt den danske hovudstaden.
Heller ikkje ein liten klubb i den tyske Bundesligaen som han ikkje vil avsløre namnet på.
– Det er den einaste førespurnaden eg har fått frå dei øvste fem ligaene etter det famøse Køln-opphaldet, seier han og smiler.
Men det har ikkje vore mangel på tilbod frå dei mellomstore ligaene i Europa.
– Om eg skal skifte så skal det vere noko stort. Eg har sagt nei til klubbar i det eg kallar mellomstore land som Belgia, Sveits og Austerrike. Det er klubbar der du får beskjed om å gjere det same som eg har gjort i Danmark. Du skal vinne serien og kome til eit europeisk gruppespel og gjere gode «transfers».
– Men skal eg vidare no så skal det vere ein topp fire-fem-liga, men konkurransen om dei jobbane er så harde at det er vanskeleg, seier Ståle Solbakken.
Sagt nei
Denne veka ikledde han seg den norske landslagsdrakta under den årlege vennskapskampen på Skaugum. Der spelte han for «Team Skaugum » og var på lag med både Kronprinssesse Mette-Marit og Kronprins Haakon. Men det var «Asker United» som gjekk av med sigeren 6–5.
To gongar har han sagt nei til å bli norsk landslagssjef. Første gangen då Køln freista han bort fra jobben i 2011.
Etter at Per-Mathias Høgmo trakk seg hausten 2016 var han også i samtalar med Norges Fotballforbund, men valgte også den gangen å takke nei.
Kontrakta til noverande landslagssjef Lars Lagerbäck gjeld fram til eit eventuelt EM-sluttspel i 2020.
– Ein gong i framtida
Solbakken har ikkje stengt døra for Norge-jobben ein gong i framtida.
– Det har vore eit par uheldige prosessar. Først når eg blei kjøpt av Køln, og ville det sjølv. Og den andre gongen då eg ikkje heilt klarte å bestemme meg, men eg følte at eg ikkje var hundre prosent klar for det, og då skal du ikkje ta jobben. Men eg var veldig i tvil, difor blei prosessen litt for lang, sier han.
– Neste gong eg får det spørsmålet skal eg svare ja eller nei innanfor ti sekund
– Kan det bli aktuelt at du seier ja til ein slik jobb?
– Dersom eg får førespuernad no så er det nei, fordi eg har gjort det eg har gjort.
– Men kva med ein gong i framtida?
– Ja, det har eg lyst til, men det blir eit stykke fram i tid slik det ser ut no, seier Ståle Solbakken.