Hopp til innhold

Slik vert OL på NRK

NRK skal gje folk eit godt OL-tilbod der dei er i kvardagen.

Aamodt, Rimmen, Pettersen, Hanevold, Skjelbreid

For fyrste gong skal ikkje NRK senda OL på TV i Noreg. Kjetil André Aamodt, Anne Rimmen, Øystein Pettersen, Halvard Hanevold og Liv Grete Skjelbreid er nokon av dei som skal gje deg OL på NRK sine plattformer.

Foto: NRK/Scanpix

– Me har ikkje tenkt å leggja oss ned fordi me har mista TV-rettane, seier redaksjonssjef Ellen Rian, og legg til:

– Me satsar knallhardt på å guida folk gjennom dagen der ein er – frå ein står opp til ein går og legg seg.

Gode løysingar for mobil – minutt for minutt

NRK vil mellom anna gje deg direkte resultat og høgdepunkt gjennom videoklipp. Det skal særleg satsast på gode løysingar for mobil.

– Folk skal få vita kva som er det viktigaste å fylgja med på kvar dag. Dei viktigaste øvingane vil verta liveoppdatert minutt for minutt. Me veit at folk oppfattar oss som vintersportskanalen, og det skal me framleis vera, understrekar Rian.

Under dei største medaljeøvingane sett med norske auge vert det OL-chat, der folk kan kommunisera med profilar som mellom andre Liv Grete Skjelbreid, Halvard Hanevold, Jann Post, Arne Scheie og Øystein Pettersen.

NRK har eigen resultatservice. Her finn du alt du treng å vita om dei ulike OL-øvingane.

YR.no leverer eigne vêrmeldingar frå Sotsji. Her kan du halda deg oppdatert på varslingar for dei ulike arenaane.

«Alt» på radio – verda rundt

Sjur Molven

Sjur Molven lovar å gje folket eit heildekkande OL-tilbod.

Foto: Randi Himle / NRK

NRK har radiorettane til OL. Radiosporten sender totalt 73 timar i NRK P1 og 100 timar på DAB-kanalen NRK Sport.

Geoblokkeringa er oppheva, noko som betyr at radiosendingane kan høyrast i utlandet.

– Me skal gje folk opplevingar gjennom radio. Direktesendinger frå øvingar, reportasjar om norske og utanlandske medaljehåp og stjerner, og oppdateringar frå alle øvingane i OL, fortel redaksjonssjef Sjur Molven.

Dette er ei av dei største satsingane på OL for radioen sin del, særleg med direktesendingar på DAB-kanalen og ein time oppsummering kvar dag frå 17 til 18.

– Dei viktigaste øvingane vert sendt i P1, medan me tilbyr mange andre øvingar på DAB, seier Molven.

OL-kveld Sotsji

Hovudsatsinga på TV er OL-magasinet med programleiarane Anne Rimmen og Kjetil André Aamodt kvar kveld.

– Der skal du få alt frå OL-dagen – høgdepunkt, reportasjar, intervju og gjestar i studio, fortel Molven.

Studiosendinga vil gå etter Dagsrevyen med unntak av fredag og laurdag, der sendinga går seinare på kvelden.

I tillegg vert dei daglege nyhendesendingane kvar time mellom 10 og 17 utvida med siste nytt frå Sotsji.

Kjetil Andre Aamodt og Anne Rimmen skal lede NRKs OL-sendinger som sendes hver kveld i OL-perioden. Da de gjestet NRKs morgensending forklarte de hvordan seerne kan følge OL på NRK.

SJÅ VIDEO: Anne Rimmen og Kjetil André Aamodt skal leia OL-kveld Sotsji kvar kveld.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal