Hopp til innhold

Gabriel (17) trudde han var para-symjar i fleire år: – Hamna ein stad eg ikkje burde ha vore

TOKYO (NRK): Gabriel Steen tok kvalifiseringskravet til årets paralympiske leiker, men kort tid før meisterskapet – fekk han meldinga om at han er funksjonsfør.

Gabriel Steen

STORT TALENT: Allereie som 14-åring satsa Gabriel Steen mot dei paralympiske leiker.

Foto: PRIVAT

– Draumen om para-OL blei knust to veker etter den blei oppfylt. Det var tøft. Det kjennast ut som eg har hamna ein stad eg ikkje burde ha vore i utgangspunktet, seier Gabriel Steen til NRK.

Den unge para-symjaren har i tre år trena mot sitt største mål, å få delta i Paralympics. Dette året hadde han ein særs god oppkøyring med ein 4.-plass i EM, og han klara kravet for å delta i leikene.

Det var no karrieren skulle skyte fart, men berre to veker etter at han hadde sikra PL-plassen, kom den forvirrande beskjeden.

– Eg er ikkje lenger rekna som parautøvar. Eg ser for bra til å vere ein para-symjar, fortel Steen.

Utsett for systemet

Steen skulle førre onsdag ha vore i aksjon i bassenget i Tokyo, men er no blitt enno eit tilfelle av utøvarar som er blitt utsett for endringane i klassifiseringssystemet.

NRK har tidlegare skrive om klassifiseringstestane for parautøvarar.

Der Sarah Louise Rung blei flytta opp ei klasse, og må konkurrere mot utøvarar som kan stupe og gi fråspark i vatnet, er Steen blitt ein av dei utøvarane som no er uplassert.

Det skjedde like etter oppturen i europameisterskapet i portugisiske Madeira i vår. Symjaren skulle delta på eit stemne i Berlin, og då stod også ein klassifiseringstest for tur.

Sjølv om Steen fortel at synet ikkje har endra seg på dei tre åra han har trena samanhengande mot para-OL, fekk han store utslag denne gongen.

Sist gong han tok testen, blei utslaget over 1.0, grensa ein må nå for å bli plassert i klassen «sports class». Denne gongen hamna han på 0.8. Det vil seie at han var tjue prosent frå å bli plassert i den klassen, enn sist gong for tre år sidan.

– Det er eit godt stykkje ifrå, påpeikar Morten Eklund til NRK, landslagstrenaren for para-symjarane.

Sjølve testen blei gjort av klassifisørar, som er sertifisert av Den internasjonale paralympiske komité. Testinga tar utgangspunkt i objektive testar målt med optikarutstyr, og då klassifisørane kom fram til det første resultatet som uklassifiserte Steen, blei han vurdert på nytt av eit nytt team med klassifisørar.

Begge gongene kom dei fram til same resultat.

– Du er per no, definert som funksjonsfør?

– Det stemmer, seier Steen.

– Forstår ikkje

Det var ein vanskeleg beskjed å få så kort tid før meisterskapet i Tokyo. Symjaren forstår rett og slett ikkje kva som har skjedd.

– Mange vil jo seie det er ein bra nyheit, at ein ser betre enn ein trur. Men når eg blei først klassifisert som parautøvar for tre år sidan, så var synet mitt under krava. Og synet mitt har ikkje endra seg, seier Steen oppgitt.

Han tykkjer han nesten har levd med ein løgn.

– Eg lurer på korleis eg har komme inn i dette her, viss det er slik at eg ser så bra. Det er noko eg ikkje forstår med ein gong, men likevel er eg glad for dei åra eg har fått. Eg har markert meg som ein av dei største para-symjarane i verda, og i Noreg, fortel han.

Satsar vidare

Steen har likevel ikkje mista pågangsmotet.

Han har allereie delteke i NM for funksjonsføre. Det gjorde han to veker etter den knusande beskjeden om at Paralympics ikkje lenger var ein del av planen, og han er stolt over at han klarte å ta seg heilt til finalen.

– Det eg likte med det, var at eg klarte å snu om tankegongen til noko positivt. Eg klarte å komme meg til ein senior-NM-finale, sjølv om eg står på heilt likt nivå som alle andre igjen, seier Steen.

Gabriel Steen

POSITIV: Gabriel Steen nektar å tenke at han har ein svakheit i møte med andre funksjonsføre. Han må berre jobbe litt hardare.

Foto: PRIVAT

No er målet å kvalifisere seg til OL i Paris i 2024, eller i Los Angeles i 2028.

Når NRK spør om korleis synet vil påverke han i møtet med andre funksjonsføre utøvarar, svarar han dette:

– Det har fortset ulemper for meg. Skal eg symje langdistanse for eksempel, så ser eg ikkje tavla som viser kor mange rundar det er att. Ser eg feil, så øydelegg eg løpet. Det er urettferdig, men eg kan ikkje gjere noko med det, seier han.

Steen ser 20 prosent med briller, og 10 prosent utan dei. Det kan med andre ord verte problematisk i vatnet, når han ikkje kan bruke symjebriller med styrke.

– Kan du forklare korleis synet ditt eigentleg fungerer?

– Eit godt eksempel er å ta ein plastpose, brette den fire gonger, for å så prøve å sjå gjennom den. Slik ser eg. Det er veldig uskarpt og ufokusert, seier han.

– Veldig beklageleg

Morten Eklund, landslagstrenar for para-symjarane i Noreg, stussar over handteringa.

Morten Eklund

LANDSLAGSTRENAR: Morten Eklund. Her frå Paralympics Village i Tokyo.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Eg har spurt korleis dette kan ha skjedd, men då får eg svaret om at dei ikkje var til stade den gongen for tre år sidan. Einaste gode svaret eg kan ha, er at det er blitt gjort feil, og han har symja i feil klasse i nokre år. No kom han inn på ein ny runde, og fekk ei anna vurdering, seier Eklund til NRK og fortset:

– Det er veldig beklageleg når ein har trent i så mange år mot eit mål. Det burde blitt fanga opp av systemet på eit mykje tidlegare tidspunkt, seier han.

– Har du tiltru til at klassifiseringssystemet er godt nok, etter ei slik hending?

– Ja. Det må ein ha, men det er klart at det er veldig trist og beklageleg med ein slik episode for Gabriel, som kom så tett opp mot avreise. Det skulle vi gjerne vore forutan, avsluttar han.

NRK har tidlegare snakka med Andrew Parsons, president for Den internasjonale paralympiske komité, om situasjonen til Sarah Louise Rung og andre utøvarar som har blitt re-klassifisert. Då svara han dette:

– Eg forstår at dette påverkar den individuelle utøvaren. Det er øydeleggande og eg tykkjer synd i dei. Men vi har trua på at det nye systemet, som blei godkjent av fleirtalet, er eit betre system ut frå ein kunnskapsbasert synsvinkel. Vi må la det stå med konsekvensane, og støtte utøvarane i overgangen, sa han.

Her kan du lese heile tilsvaret.

Siste nytt

  • Narvik og Comet klar for eliteserien neste sesong

    Narvik knuste Grüner 7-2 borte og sikret med det opprykk til eliteserien i ishockey. Comet Halden beholdt plassen med 5-3-seier over Ringerike.

    Før den siste runden torsdag var det helt åpent om de to øverste plassene i kvalifiseringen, som ville gi plass i eliteserien neste sesong. Narvik lå på topp med ni poeng, mens Comet hadde åtte, Grüner sju og Ringerike seks.

    I borteoppgjøret mot Grüner tok Narvik tak i kampen og ledet 5-1 midtveis i annen periode. Den fordelen ga nordlendingene aldri fra seg på vei mot seier og opprykk.

    Comet og Ringerike spilte begge i eliteserien sist sesong, men bare en av dem kunne beholde plassen før skjebnemøtet torsdag. Comet var til slutt sterkest på borteis i Hønefoss og får en ny sesong på øverste nivå.

    Narvik ble i 2019 det første laget fra Nord-Norge til å spille i eliteserien. De rykket ned i 2021 og har siden jobbet for å ta seg opp i det gjeve selskap igjen. Grüner rykket ned før inneværende sesong og må tåle en ny sesong i 1. divisjon.

    Comet rykket opp til eliteserien i fjor. Østfoldingene fikk plass i toppdivisjonen etter at Manglerud Star mistet lisensen.

    Neste sesong blir det ny kvalifiseringsmodell som sikrer at ett lag ryker opp fra 1. divisjon til eliteserien.

    Den nye modellen innebærer at de to nederste lagene i eliteseriegrunnspillet møtes i en ren nedrykkskvalifisering i best av sju kamper der taperen rykker ned.

    I 1. divisjon skal de fire øverste lagene i grunnserien møtes i semifinale og deretter finale om én plass i eliteserien året etter. Disse oppgjørene spilles over best av fem. (NTB)

    Eliteserien: Vålerenga Hockey - Comet Halden (8-2)
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Vellykket operasjon for van Aert

    Sykkelstjernen Wout van Aert var torsdag gjennom en vellykket operasjon etter at han ødela kragebeinet i endagsrittet Dwars door Vlaanderen.

    Det skriver belgierens lag, Visma Lease a Bike, i egne mediekanaler.

    – Det er uklart når Wout vil være tilbake på sykkelsetet igjen. Han går glipp av vårens klassikere, og deltakelsen i Giro d'Italia er fortsatt usikker. På vegne av Wout takker vi for all støtte, heter det i meldingen.

    Skaden gjør at prestisjerittene Flandern rundt, Paris-Roubaix, Amstel Gold Race, La Fleche Wallonne og Liege-Bastogne-Liege går uten belgieren.

    Med om lag sju mil igjen av onsdagens ritt veltet flere store profiler, blant dem van Aert. TV-bildene viste en svært forslått og preget belgier der han satt i veikanten før han ble hentet av sykebilen. (NTB)

    Wout van Aert
    Foto: STEPHANE MAHE / Reuters
  • Tonali siktet for ytterligere 50 brudd på gamblingreglene

    Det engelske fotballforbundet (FA) har siktet Newcastle-spiller Sandro Tonali for 50 brudd på Premier Leagues gamblingregler i tidsrommet 12. august til 12. oktober i fjor.

    Det skriver FA i en pressemelding torsdag. Tonali har fram til 5. april på å respondere på siktelsen.

    Newcastle skriver i en melding på egne hjemmesider at de er gjort kjent med siktelsen. De skriver at Tonali har klubbens fulle støtte i etterforskningen. Utover det ønsker verken Newcastle eller Tonali å kommentere saken.

    I oktober i fjor ble italieneren utestengt fra all internasjonal fotball i ti måneder for brudd på gamblingreglene i Italia. Han ble hentet til Premier League fra Milan sommeren 2023.

    FA mener at Tonali satset penger på fotballkamper 50 ganger i perioden fra nettopp Premier League-åpningen og fram til 12. oktober, samme dag som han ble avhørt om regelbruddene fra italiensk fotball.

    Hans foreløpig siste opptreden i Newcastle-drakten kom hjemme mot Borussia Dortmund i Champions League 25. oktober. Da fikk han 25 minutter som innbytter. (NTB)

    Premier League - Newcastle United v Crystal Palace
    Foto: LEE SMITH / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal