Med 55,01 i forsøket hadde Solli tiande beste tid. I semifinalen var han sjanselaus. Han hadde berre ein symjar bak seg av dei 16 i semifinalen. 54,80 hadde derimot halde til finale.
Sverre Næss enda også sist i sin semifinale på 100 meter bryst med 1.01,74. Næss vann sitt heat med ei tid som var 1/100 sekund raskare tidlegare på dagen. I semifinalen hadde nordmannen berre to symjarar bak seg.
På 50 meter butterfly klarte ikkje Sindri Thor Jakobsson å hevde seg i toppen. 22-åringen blei nummer sju i sitt heat med 24,68 og rauk ut. Han enda på 40.-plass totalt i forsøka.
- LES OGSÅ: