– Det er ei bra beslutning, og bra for sporten. Det er mykje betre vermeldingar til fredag, og det blir like forhold. Det blir litt logistiske utfordringar, men det toler vi, seier sportssjef Claus Ryste.
Han er glad for avgjerda, trass i at det betyr eit endå tettare alpinprogram dei neste dagane. Bortsett frå mennenes kombinasjon, der utfordelen blei sterkt amputert på grunn av vinden, er ingen alpinkonkurransar hittil avvikla.
Fredag skal også mennenes super-G avviklast.
Tett alpinprogram
Også torsdag blir det tett. Då skal både kvinnenes storslalåm og mennenes utfor gå.
– Det er godt at det blir like forhold for alle, slik at den beste vinn, seier Ryste.
– Det skal iallfall bli godt å kome i gang, legg han til.
Det var ikkje fordi det var utrygt at rennet blei avlyst, men for å få sportsleg like forhold.
– Hadde det vore eit verdscuprenn, hadde det blitt kjørt. Då har du eit nytt renn i morgon. Men OL er det berre kvart fjerde år, og då er det viktig med like forhold, seier Ryste, og rosar juryen.
Det tette programmet kan gjer det vanskeleg for ein av dei store alpinfavorittane, amerikanske Mikaela Shiffrin, som er ute etter fleire gull. Ho skal forsvare sitt OL-gull i slalåm, og går også for gull i storslalåm.
– Dei har gjort ein god jobb.
Alpinprogrammet dei neste dagane ser no slik ut:
Torsdag 15. februar:
02.00 Storslalåm kvinner, 1. omgang
03.30 Utfor, menn
05.45 Storslalåm kvinner, 2. omgang
Fredag 16. februar:
02.00 Slalåm kvinner, 1. omgang
03.00 Super-G, menn
05.15 Slalåm kvinner, 2. omgang
Laurdag 17. februar:
03.00 Super-G, kvinner
Søndag 18. februar:
02.15 Storslalåm menn, 1. omgang
05.45 Storslalåm menn, 2. omgang