– Om Tour de France blir avslutta utan norsk etappesiger, er det skuffande

Det var i forrige veke Alexander Kristoff og Edvald Boasson Hagen skulle skinne og vinne. Det har dei ikkje vore i nærleiken av, og no er det nesten ingen sjansar igjen.

Nedtur i TdF

NEDTUR: Avisoverskriftene har vore prega av unnskyldningar så langt i Tour de France for Edvald Boasson Hagen (f.v.) og Alexander Kristoff.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Eg hadde nok trudd på førehand at Alex skulle hatt iallfall ein etappesiger no, med tanke på at han er ei av stjernene i sykkelsporten, seier Gabriel Rasch etter første veka i Tour de France.

Rasch er sportsdirektør i Sky og skal vere ekspertkommentator på NRK Radios direktesending frå Touren tysdag og onsdag.

– Det har gått stong ut. Vi har rota det til, og så kom Luca-saka (der Luca Paolini vart avslørt for doping, red.anm). Så det har ikkje vore optimalt, nei, seier Kristoff.

Det var på dei første dagane av Touren at Alex og Edvald skulle kjempe om etappesigrar og grøn trøye – kanskje til og med få låne den gule.

Men det har dei ikkje vore i nærleiken av.

Ni etappar er ferdige. Ein fjerdeplass og tre femteplassar er det beste dei to nordmennene har oppnådd. Manglande opptrekk, for tidlege og for seine spurtstartar, kjedeproblem, masseveltar, sidevind – det er mange forklaringar om stong ut og små marginar.

Lang uhell-liste

Lista over uhell og feilvurderingar på dei første etappane er lang:

Gabriel Rasch

TRUDDE PÅ ETAPPESIGER: Gabriel Rasch hadde tru på minst ein norsk etappesiger første Tour-veka, og blir skuffa om det ikkje blir norsk etappesiger i år

Foto: Lauten, Daniel Sannum / NTB scanpix

– Alex vil så veldig gjerne, og det verker som om han derfor gjer ting litt annleis enn då han vann mange ritt tidlegare i år, seier Gabriel Rasch.

Overraska over endra opplegg

– Er du overraska over at Kristoff prøver på andre opplegg no enn då han vann mange ritt og var på topp i vår?

– Ja, litt. Han må nok prøve å gjere det same som han har gjort heile tida. Men samstundes er det klart at han også har vore uheldig.

– Det er eg ikkje samd i. Eg har prøvd å gjere det same, men var for tidleg på den eine fordi eg ikkje hadde folk rundt meg, og for sein på den andre fordi eg var innesperra, svarer Kristoff.

– Seks eller åtte etappesigrar

Alexander Kristoff – med alle sigrane sine frå forsesongen – kunne vinne sju-åtte etappar i årets Tour, sa optimistane. Kanskje seks, meinte han sjølv. Det omfattar 13. og 15. etappe, i tillegg til den siste.

– Eg har sjansar på alle tre, men den største er på den siste, seier Kristoff til NRK.

– Om Tour de France blir avslutta utan norsk etappesiger, er det skuffande. Det trur eg både Alex og Edvald er samde i også, seier Gabriel Rasch.

Siste nytt

  • Knallsterk avslutning av Hovland

    Viktor Hovlands fire birdier på siste dag i Charlotte sikret ham den andre tredjeplassen på rad i PGA-touren.

    23-åringen fra Norge dro til med birdier på hull 4, 7, 14 og 15 i North Carolina. Det ga totalt 67 slag og fire under par på den siste dagen.

    Etter fire dagers spill ble fasiten totalt åtte slag under par totalt, og igjen var det en sistedag det luktet svidd av for Hovland. Han klatret tre plasser på avslutningsdagen.

    Hovland delte 3.-plassen med Keith Mitchell.

    Wells Fargo Golf
    Foto: Jacob Kupferman / AP
  • Neymar-mål holder liv i tittelhåp

    Neymars straffescoring like før pause sørget for 1-1 og ett viktig poeng for Pars Saint-Germain borte mot Rennes.

    PSG er tre poeng bak serieleder Lille med to serierunder igjen. De kan fortsatt bli seriemestere, men er avhengige av at Lille snubler.

    APTOPIX France Soccer League One
    Foto: David Vincent / AP
  • Selvkritisk etter 10,77

    Den nye sprintstjernen Sha'Carri Richardson vant 100-meteren i USATF Golden Games i Walnut, California på 10,77 etter å ha løpt på 10,74 i forsøket.

    Likevel var 21-åringen selvkritisk etter finalen, som gikk i en motvind på -1,2 meter i sekundet. Starten ble også avbrutt flere ganger.

    – Jeg hadde definitivt ventet en annen tid og en annen gjennomføring, sa hun umiddelbart etter løpet.

    Richardson har årsbeste i verden på 10,72, som gjør henne til den sjette raskeste gjennom tidene. Med to løp under 10,8 på én kveld i California, seiler hun opp som storfavoritt før OL i Tokyo. Og ambisjonene er skyhøye:

    – Hver gang jeg går på banen ønsker jeg å skrive historie. Hver gang jeg går på banen skal være utrolig. Alle får bare holde øynene åpne, sa Richardson.

    Sha'Carri Richardson
    Foto: ANDY LYONS / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal