Real Sociedad, som sprudla i første halvdel av sesongen, har ikkje fått det til etter koronapausen, og plassen i meisterligaen verkar meir og meir fjern. Mot Real Madrid kom dei fullstendig til kort.
Utan poeng
Det gjorde også Martin Ødegaard. – Vi såg veldig lite til Ødegaard og Oyarzabal, skriv den store sportsavisa Marca. Ødegaard blei bytta ut etter 79 minutt, og er ein av tre Sociedad-spelarar som ikkje får ei einaste stjerne på børsen.
Også den andre store sportsavisa, AS, slår fast at Ødegaard ikkje fekk til noko. Også her er han ein av tre utan poeng.
El Pais slår fast at «det er ingen spor etter den Ødegaard som var så blendande tidlegare i sesongen».
Loalavisa El Diaro Vasco gir for andre kamp på rad botnkarakteren 1 til Ødegaard, og meiner han kanskje bør vrakast til neste kamp.
Før dei to siste kampane hadde Ødegaard 4,3 i snitt.
Leiing på straffe
Leiarmålet kom på straffe fire minutt etter pause. Vincinius Junior blei tatt, og Sergio Ramos venta ut keeper før han trilla ballen inn i motsett hjørne.
Etter 70 minutt markerte likevel Ødegaard seg. Han la eit hjørnespark, fekk retur og leverte til Adnan Januzaj som trudde han hadde utlikna. Men det blei annullert for offside.
Like etter avgjorde Karim Benzema kampen. Han dempa ballen med skuldra, snudde rundt og sette ballen hardt i mål. VAR sjekka situasjonen, men målet blei godkjent.
Tatt av bana
Ødegaard blei bytta ut, og derfor fekk han ikkje med seg Sociedads offensive avslutning. Mikel Merino smelteballen inn via tverrliggaren, og heimelaget vakna til live til ein fin spurt.
Men Real Madrid heldt rutinert ballen i laget i dei siste minutta, og sikra poenga.
Første omgang blei ei tafatt førestilling. Real Madrid var hakket betre og skapte det vesle som var av sjansar. Real Sociedad forsvarte seg godt, men fekk ingenting til offensivt.
For Real Madrid innebar sigeren at dei er tilbake på tabelltoppen, etter at Barcelona tapte poeng fredag.