Hopp til innhold

Ødegaard etter første Real Madrid-start: – Det var ein heilt spesiell kamp for meg

Martin Ødegaard jobba og sleit i halvannan omgang mot klubben der han var stor stjerne i førre sesong.

Martin Ødegaard

FØRSTE START: Martin Ødegaard var sentral i mykje av det Real Madrid gjorde. Men klubben skuffa i sesongstarten

Foto: Alvaro Barrientos / AP

Laster innhold, vennligst vent..

– Det føles bra å spele, men sigeren mangla for oss, sa Martin Ødegaard til Strive etter kampen.

For ligameistrane frå hovudstaden skuffa i sesongstarten. Dei sleit med avslutningane, og det heile enda med frustrerande 0-0.

– Spesiell kamp

For aller første gong fekk Martin Ødegaard starte ein kamp for Real Madrid, og det på bana i San Sebastian der han blei lokal helt i førre sesong då han var på utlån hos Real Sociedad.

– Zidane ba meg om å hjelpe laget med å skape sjansar og mål, ligge i mellomrommet og angripe, sa Ødegaard.

Ødegaard blei bytta ut etter 68 minutts spel. Då hadde han hatt ein fot i mykje av det Real Madrid bygde opp i den dryge timen han var med, utan å dominere på nokon måte.. Men laget makta sjeldan å skape dei heilt store sjansane.

Nordmannen fekk ei stjerne på spelarbørsen i sportsavisa Marca. Fem Real-spelarar får to, men ingen tre.

– Det var ein heilt spesiell kamp for meg, mot gamle kameratar og gode vener, sa Ødegaard til Strive på flytande spansk. Han var bra nøgd med debuten i Madrids start-ellevar.

– Høg intensitet

Han likar også måten han har blitt motteken på i klubben.

– Det er mange gode spelarar her, og eg føler at eg går inn i laget og kjenner medspelarane, sa han.

Martin Ødegaard

BYTE: Her blir Marytin Ødegaard teken av bana etter ein og ein halv omgang på si gamle heimebane

Foto: Alvaro Barrientos / AP

Ødegaard måtte gå av som del av eit trippelbyte som Zinedine Zidane gjorde for å få litt meir punch i angrepet i den siste halve omgangen. Men det hjelpte ikkje, Real var like tannlause også etter at Ødegaard hadde forlate bana.

– Men dette var ingen dårleg kamp av oss. Det var vår første, og vi møtte eit lag som også spela kamp førre helg. Det var høg intensitet i spelet vårt, sa Real Madrids keeper Thibaut Courtois.

For heimelaget debuterte også David Silva då han blei bytta inn. Han spela sin første kamp i La Liga etter 10 år i Manchester City.

Sportsnyheter

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

samling

Har blitt «ekspertar» på reising: Takkar Taylor Swift og strikketøyet

Denne gjengen reiser verda rundt nesten 250 dagar i året. For å vere i toppform når det gjeld har Ingrid Landmark Tandrevold og resten av gjengen fleire lure tips.

en mann med hjelm som klemmer en annen mann

Hushovd skaka etter norsk sykkelbragd: – Heilt ellevilt!

Uno-X er klare for det øvste nivået i sykkelsporten. Duellen mot franske Cofidis utvikla seg til å bli svært nervepirrande.

Siste nytt

  • Tungt tap for Strømsgodset: Tapte 3-0 mot Fredrikstad

    Med fire poeng opp til kvalifiseringsplass var Strømsgodset i poengjakt då dei møtte Fredrikstad i Eliteserien, søndag.

    Men med 0-3-tap heime, kan det bli tøft å sikre eliteseriekontrakt.

    Etter jamspelt kamp med sjansar begge vegar, tok FFK leiinga i det 67. minutt. Oskar Øhlenschlæger sette hovudet i ballen og styrte inn 1-0.

    Like etter banka Ulrik Fredriksen 2-0 i krysset. Henrik Skogvold auka til 3-0 kort tid seinare. Bryne spelte 2-2 mot Rosenborg laurdag, og med siger over FFK ville Godset berre vore to poeng bak med fem kampar att av sesongen. I staden er avstanden fem poeng. (NRK/NTB)

    en fotballspiller som stuper etter en ball
    Foto: Trond R. Teigen / NTB
  • Isak Frey toer i showrenn foran 18.000 tilskuere

    Isak Frey ble nummer to i et showrenn i skiskyting i München søndag foran 18.000 tilskuere. Eric Perrot fra Frankrike ble litt for sterk i finalen.

    Vebjørn Sørum og Sturla Holm Lægreid var øvrige nordmenn i mennenes finale. De ble henholdsvis nummer fire og sju.

    I kvinneklassen vant italienske Lisa Vittozzi foran svenskene Johanna Skotheim og Anna Magnusson.

    Karoline Knotten var eneste norske finalist og havnet på 6.-plass.

    (NTB)

    en mann med hjelm og hockeykølle
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Feira framfor Vålerenga-fansen: "Uspiselig"

    Vålerengas Mathias Grundetjern var klar i talen då han prata med NRK etter 2-1-tapet mot HamKam, søndag.

    Ylldren Ibrahimaj skåra heimelaget sitt andre mål og jubla opp mot «Klanen».

    «Uspiselig» kallar Grundetjern det.

    I eit intervju med TV 2 før kampen, kalla Ibrahimaj også Vålerenga-fansen for «søpla».

    – Dei bua mot oss då me kom på oppvarming, på vår heimebane. At dei buar på oss, då må dei tole å få litt tilbake, seier Ibrahimaj til NRK.

    Grundetjern, som skåra Vålerenga sitt einaste mål, var ikkje fornøgd med korleis Ibrahimaj oppførte seg mot bortefansen.

    – Han er tidlegare LSK-spelar, så det seier jo sitt, seier Vålerenga-spissen.

    – Fotball er følelsar. Dei meine kva dei vil. Men når dei buar på oss på heimebane, då må dei tole å få tilbake, seier Ibrahimaj.

    en mann i hvit skjorte
    Foto: Geir Olsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal