– Eg har aldri sett liknande i ein boksering, seier NRK-ekspert Anders Werner Øfsti.
Det var i den sjuande runden under tittelkampen i lett tungvekt at amerikanaren sin skalle trefte Jack i panna, ifølgje SVT.
– Kraftlaus
Resultatet vart eit kutt som strakk seg frå nasen og langt opp i panna. Men kampen heldt fram og Jack boksa vidare i fem rundar med blodet fossande ned frå panna. Deretter bar det rett til sjukehus for svensken.
– Kampen burde absolutt vore stoppa, fordi når du får eit så stygt kutt, så skal du ikkje gå vidare, meiner Øfsti.
– Eg var kraftlaus. Eg veit ikkje kva det var. Men ingen unnskyldningar, Browne boksa bra, sa Jack til Showtime og reiste av garde til sjukehus direkte etter kampen for å sy i hop såret som gjekk fleire centimeter rett over panna.
Vil ha ny kamp
Øfsti er kritisk til at verken legen eller trenarane stoppa kampen.
– Han har jo ei kjempediger flenge i panna. Det ser nesten ut som eit krater, og når ingen går inn og stoppar kampen, så skal du ikkje sjå vekk ifrå at dette kan få eit etterspel.
Badou sjølv ser derimot framover.
– Eg vil ha ein omkamp. Eg må kvile no og få fiksa hovudet mitt, og så er det forhåpentlegvis ein sjanse i framtida, seier svensken.
Søndag ettermiddag har den svenske proffboksaren sjølv lagt ut ein bilete på sin eigen Instagram, der han takkar fansen for all støtta han har fått. Kuttet er no sydd, men arret vil nok minne han om denne kampen ei stund til.