– Eg er mykje betre i år. I fjor hadde eg behov for å slå dei eldre gutane på laget, men no treng eg ikkje gjere det på trening lenger. Eg fekk liksom gjort det i løpet av fjoråret, no veit eg liksom kven som er best, seier ein sjølvsikker Allan Dahl Johansson til NRK og smiler.
– Han er veldig beskjeden og snill og grei på botnen, men det hender han har nokre skikkelege «cocky» dagar, svarar lagkamerat Håvard Bøkko og ler.
– Vil skremme
NRK møter Johansson og resten av skøytelandslaget på høgdesamling i Collalbo i Nord-Italia.
Tonen er gemyttleg og fleipete. Bøkko «skuldar» Johansson for å ha hengt på ein trailer under ei treningsøkt på rulleskøyter, noko 20-åringen blankt avviser.
Han fekk sitt store internasjonale gjennombrot i fjor. To gull i junior-VM blei krona med hans første pallplass i verdscupen med tredjeplass på 1500-meteren i Minsk.
Denne sesongen ynskjer han igjen å yppe seg mot verdas beste.
– No vil eg at dei skal tru at eg er dårlegare – fordi då kan eg skremme dei til vinteren, gliser han.
– Største talent
Bøkko meiner Johansson har grunn til å vere sjølvsikker.
– He, he, han skulle hatt eit mellomnamn som heiter «høg på pæra» av og til. Han er kanskje vårt største 1000- og 1500-meter talent nokosinne.
– Og han har lov til å vere litt høg på pæra etter å ha blanda seg inn i toppen i seniorklassen som junior i fjor, seier Bøkko til NRK.
Johanssons opplyser at han først og fremst satsar på 1500-meteren denne sesongen, men har også lyst til å gå 5000-meter i verdscupen.
Drøymer ikkje om OL-gull
Hans personlege rekord på favorittdistansen, 1.43.13 er også juniorverdsrekord. Denne sesongen vil han ned på 1.42 «og noko». I tillegg har han slutta å setje seg resultatmål.
– Om eg går på 1.42 og hamnar på 20.-plass så er eg likevel nøgd, seier han bombastisk.
– Er tid viktigare for deg enn plassering?
– Ja, eg har sett meg eit tidsmål for å unngå å bli skuffa dersom eg ikkje kjem på pallen. Eg drøymer ikkje om å vinne OL, sjølv om det hadde vore drittfett å vinne det. Eg vil helst berre gå fortast av alle, seier han.
Håvard Bøkko meiner ungguten har eit enormt potensial.
– Eg veit han drøymer om å vere førstemann under 1.40 på 1500 meteren. Dersom han får opp farten på dei første 300 meterane så er han absolutt ein av dei som kan gjere det om nokre år, seier Håvard Bøkko.