– Me vil gjere vårt for at det ikkje blir lovleg å bruke oksygenmaskene i konkurranse.
Skipresident Erik Røste er heilt klar. Dei siste dagane har NRK omtalt oksygenmaskene dei finske langrennsløparane har brukt på trening i haust. Finlands landslagstrenar, Reijo Jylhäe, seier at dei trur det kan bli aktuelt å bruke oksygenmasker under VM i Seefeld i 2019.
Det vil Norges skiforbund at FIS skal sette ein stoppar for.
Alt er opp til WADA
– Slike masker er kunstige og dette handlar om etikk og verdiar. Me ynskjer ikkje at toppidretten skal fjerne seg meir enn nødvendig frå det barn og unge kan halde på med. Me ynskjer ikkje at oksygenmasker skal stå på ynskjelista til ein 12-åring, forklarer Røste.
LES SAKA: Skiskytterne reagerer: – Tror bilde av idretten vår blir ødelagt
Han fortel at forbundet tok kontakt med FIS denne veka for å klargjere kva Skiforbundet meiner.
– Me var veldig tydelege på at dette ynskjer me ikkje å sjå i konkurranse. FIS hadde alt tatt kontakt med WADA og ville jobbe opp mot WADA for eit forbod. Det er dei som bestemmer reglane.
Kan bli forbode alt i år
Generalsekretær i FIS, Sarah Lewis, seier at også dei jobbar hardt for å få eit forbod.
– WADA har sagt ja til å inkludere dette i det neste møte sitt. Me veit ikkje ennå om det vil bli ein spesifikk regel for skisport eller for all idrett, seier Lewis.
– Når kan ein slik lov tre i kraft?
–Det kjem an på kva WADA bestemmer og om dei har moglegheit til å oppdatere lista i løpet av året. Vanlegvis gjer dei berre det ein gong i året, men i utgangspunktet kan det kome eit forbod alt denne sesongen.
Norske utøvarar har uansett ikkje lov til å bruke oksygenmasker, sjølv om FIS og WADA skulle bestemme seg for å halde fram med dagens regelverk.
– Ingen norske utøvarar kan bruke oksygenmasker på trening, presiserer Erik Røste.
Oksygenmasker blei forbode samtidig som idrettstinget vedtok å forby høgdehus i 2003. Forbodet var oppe til ny vurdering i fjor, men tinget vedtok då å halde fram med forbodet.