Hopp til innhold

Skimeisterskapet som sjokkerte: Svart snø og handkle dynka i diesel

Temperaturforskjell på over 40 grader, svært forureina snø og handkle dynka i diesel langs løypa. VM i Thunder Bay var meisterskapet som sjokkerte skiverda.

Dæhlie

SØLV: På den avsluttande femmila enda det med gull til Italia og Silvio Fauner. Bjørn Dæhlie tok sølvet, framfor hans kasakhstanske rival, Vladimir Smirnov.

Foto: Gunnar Lier

Det er iskaldt når den norske troppen kjem til den canadiske landsbygda i mars 1995. Gradestokken viser på det kaldaste 28 minusgrader og det er isande kald vind.

Arild Monsen, som du nå kjenner som landslagstrenar i sprint har akkurat lagt opp. Nå er han med i det norske smøreteamet.

Det ser ut til å bli eit enkelt VM å vere smørjar i.

Så feil har han aldri tatt.

Slo ned som ei bombe

Etter eit par distansar der det enda med mellom anna sølv til Bjørn Dæhlie på 10 kilometer (bak Vladimir Smirnov) snur vêret totalt.

Heilt utan forvarsel.

I løpet av ei natt smeltar omtrent ein meter snø. Varme vindar feiar innover og temperaturen stig til mange varmegrader. Eit mystisk svart bekaktig belegg legg seg øvst i snøen.

– Det slo jo ned som ei bombe for alle. Det var ingen som var førebudd på det, fortel Arild Monsen 25 år etter.

Arild Monsen

I dag er Arild Monsen sprinttrenar for dei norske langrennsherrene. I 1995 hadde han akkurat lagt opp og var skitestar for det norske landslaget.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Han hugsar desse VM-dagane langt betre og meir detaljert enn dei fleste andre skirenn han har vore på. Så spesielle var dei.

Han fortel at dei på den tida brukte mykje meir tid på gliding av kvart skipar. Den same prosedyren gjentok dei over 50 gonger. Glida, børsta og sikla. Heile sesongen.

Berre på eitt døgn var alt dette bortkasta. Nye ski blei bestilt i hopetal frå Europa.

Arild Monsen med handklede i sekken

Det hemmelege våpenet i sekken til Arild Monsen var eit handkle som smøreteamet sausa inn med diesel.

Foto: Skjermdump frå NRK

Prøvde flybensin og terpentin

For etter berre 200 meter stoppa skia momentant. Dei var heilt svarte av skit under skia. Det blei eit kappløpet mellom nasjonane for å finne ut kva ein kunne bruke for å fjerne møkka frå skia.

Flybensin, terpentin og malingsfjernar blei forsøkt. Vanleg gliding av skia var ikkje eit alternativ lengre.

Til slutt forstod alle at det som fungerte best var diesel.

– Det var jo ein parodi. Og eit eventyr. Eg har aldri, aldri opplevd noko i nærleiken av dette. Verken før eller etter har eg opplevd så forureina snø som i Thunder Bay, fortel Monsen.

Marit Mikkelsplass går over dieselhandkle på 30 km i VM Thunder Bay i Canada. Også kjent som diesel-VM

Marit Mikkelsplass går over dieselhandkle på 30 km i VM Thunder Bay i Canada. Også kjent som diesel-VM

Diesel-handkle på treplankar

Før skøytedelen av jaktstarten trudde Noreg dei var aleine om å satse på diesel. Når rennet etter kvart var i gang, viste det seg at alle hadde forstått at det var diesel som fungerte best under skia.

Langs løypa stod smørjarar klare til å reingjere skia med diesel undervegs i rennet.

Også FIS (det internasjonale Skiforbundet) var i sjokk og i villreie. Etter kvart blei det forbode med hjelp frå andre i løypene.

Da tok smøreteama grep og la ut treplankar som dei rulla klutar innsausa i diesel rundt, langs løypa.

Da kunne løparane gli over dieselhandkleda for å fjerne den verste møkka.

Veksling på stafetten

Erling Jevne vekslar til Bjørn Dæhlie på tredjeetappe. Noreg vann stafetten suverent med over 40 sekund.

Foto: Bjørn Sigurdsen / NTB Scanpix

Bjørn Dæhlie hugsar også VM-dagane i 1995 svært godt. Han fortel om hektisk jobbing i kulissane, der dei etter kvart forstod at det ikkje var vanleg skismurning som galdt. Det som var viktig var å ha heilt reine ski, og ikkje festevoks som trakk til seg fukt.

I eitt av renna gjekk det heilt gale da han var på veg for å gå over ein av plankane med dieselhandkle.

– Eg køyrde ut i kanten av løypa for å treffe ein av plankane, da trådde eg igjennom, gjekk på snørra og knakk eine skia. Så det var heilt kaos. Eg har aldri vore med på eit slikt fenomen, fortalde Dæhlie i NRK-programmet Gull frå sportsarkivet sist helg.

Ingen gullfest for Noreg

Før femmila på meisterskapets siste dag, skulle Arild Monsen og medsmørar Per Knut Aaland som vanleg ut å gå den same distansen. Før start bestemmer dei seg for å prøve eit stunt.

Dei skal gå på ski utan å bruke diesel.

Det var 15 grader i lufta og dei gjekk i shorts. Dei ville berre sjå kor gale det kunne bli. Etter å ha brukt to timar på 16 kilometer går det nesten ikkje framover lenger.

Dei har null glid og sjølv med skøyteski på beina kan dei rusle i klassisk diagonal stil rett opp dei brattaste bakkane. Den svarte snøen la seg som store klabbar under skia.

Herrestafettlaget tok gull i Thunder Bay

Thomas Alsgaard gjekk stafettlaget inn til Noregs einaste langrennsgull i Thunder Bay. Meisterskapet blir likevel hugsa best for det løparane hadde under skia. (Sture Sivertsen, Erling Jevne og Bjørn Dæhlie gjekk dei tre fyrste etappane)

Foto: Gunnar Lier / NTB Scanpix

Etter kvart var det dei store fabrikkområda rundt byen som fekk skulda for den forureina snøen og dei svært utfordrande smøreforholda.

Meisterskapet som i etterkant blir hugsa best som diesel-VM blei heller ingen stor suksess for dei norske langrennsløparane.

Eitt år etter festen på Lillehammer der Noreg tok tre individuelle gull. I Thunder Bay kom einaste gullet på stafetten med Thomas Alsgaard på ankeretappen.

Femmila som best blir hugsa for dieselklutane, vann italienske Silvio Fauner med Bjørn Dæhlie på sølvplass.

Kjelde: «Først i løypa – Historia om langrenn i Noreg », Thor Gotaas (2003).

Dæhlie og Smirnov på pallen

På den avsluttande femmila enda det med gull til Italia og Silvio Fauner. Bjørn Dæhlie tok sølvet, framfor hans kasakhstanske rival, Vladimir Smirnov.

Foto: NTB Scanpix

Siste nytt

  • Verstappen med sin syvende strake kvalifiserings-seier

    Max Verstappen i Red Bull-bilen overbeviste nok en gang under kvalifiseringen i Miami Grand Prix. Dermed ble det syvende strake start fra første startposisjon for Verstappen.

    – La oss fortsette denne gode trenden, sa Verstappen over lagradioen på Viaplay-sendingen.

    Ingen av førerne klarte å forbedre rundetiden sin på siste runde i Q3.

    Charles Leclerc var den som var nærmest nederlenderen. Etter første sektor var han bare åtte tusendeler bak, men etter en voldsom skrens i sving 15 måtte han nøye seg med andreplass i kvalifiseringen. Lagkamerat i Ferrari, Carlos Sainz, ble nummer tre.

    For Daniel Ricciardo ble det en skuffende kvalifisering. Han endte på 4. plass på sprintløpet tidligere lørdag, men røk ut etter Q1 sammen med Valtteri Bottas, Logan Sargeant, Kevin Magnussen og Guanyu Zhou. I Q2 røk disse ut: Lance Stroll, Pierre Gasly, Esteban Ocon, Alex Albon og Fernando Alonso.

    CUKXnB20R1A
    Foto: AFP
  • Graham Hansen med mål og assist – Barcelona ett poeng fra seriegullet

    Caroline Graham Hansen bidro med mål og assist da Barcelonas kvinnelag slo Granada 4-1. Nå er laget ett poeng fra et nytt seriegull.

    Real Madrid er 15 poeng bak med fem kamper igjen å spille. Ett Barcelona-poeng på lagets fire gjenstående kamper, eller et poengtap for Real Madrid, vil bety at Barcelona er mester for niende gang.

    Den norske landslagsstjernen scoret sitt 26. mål for Barcelona i ulike turneringer denne sesongen.

    Rop1_HGpc_o
    Foto: Paul S. Amundsen / NTB
  • Thomsen klarte EM-kravet

    Marcus Thomsen er i form og vant kulekonkurransen i Stora Turebergskastet i Sverige lørdag formiddag med 21.05.

    Thomsen leverte jevnt over en sterk serie der han åpnet med sesongbeste 20.94, før det lengste støtet kom i andre omgang, ifølge friidrett.no.

    – Jeg er ekstremt glad for 21.05. Fire år med trening og tålmodighet for endelig å få en ny personlig rekord utendørs. Jeg er glad, men langt fra fornøyd, sier Marcus Thomsen til NRK.

    Han forbedret sin personlige rekord utendørs fra 2020 med to centimeter og var bare fire centimeter bak innendørspersen. Utøveren fra Norna-Salhus klarte EM-kravet og fikk opp det lengste kulestøtet av en nordmann utendørs på 38 år, Lars Arvid Nilsen satte den norske rekorden på 21.22 det året.

    Thomsen er foreløpig kvalifisert til OL i Paris på ranking. Der er kravet er 21.50.

    – Det er digg å få tatt EM-kravet og slippe å bekymre seg over om man ryker ut av topp 30. Nå skal jobben fortsettes for å sikre en plass i OL, sier Thomsen.

    Marcus Thomsen klarte lørdag 4. mai EM-kravet i kulestøt. Her støter han 21.05.
    Video: Arwid Koskinen, Swethrows

Sendeplan

Kl. Program Kanal