– Vi må bli flinkare til å respektere kor jamnt det er i toppen. Det er så lite som skil ein bronsemedalje og ein gullmedalje fysisk. Men det gjer utruleg stor skilnad på medaljestatistikken – større enn eg meiner det er belegg for å gjere på dei medaljane, seier Birgit Skarstein.
Den norske roaren er på plass i Rio som ein del av den norske Paralympics-troppen. Paralympics opnar i morgon.
Det er same byen som avslutta OL for berre drygt to veker sidan – eit OL der den norske troppen «berre» sanka fire bronsemedaljar. Det har ført til sterk kritikk og krav om oppvask og ny kurs.
– Ein medalje på tre medaljesjansar
Det er den kritikken Skarstein er sterkt usamd i.
– Eg har veldig respekt for medaljesjansar sett i samanheng med kor mange medaljar ein faktisk tar. Vi seier gjerne at har du tre sjansar, tar du gjerne ein medalje, seier Skarstein.
– Det gjekk bra i OL. Vi tok fire bronsemedaljar – vi hadde ikkje 12 medaljesjansar. Det var bra utteljing på nordmennene som var der, seier Skarstein.
– Og det var tett, iallfall mellom båtane der. Eg er kjempestolt over dei som var i OL og det dei oppnådde, seier den norske paralympics-roaren. To av dei fire norske bronsemedaljane i OL kom i roing.
– Ikkje berre å bestille gull
– Er vi i Norge for flinke til å vere negative?
– Det er ikkje berre å bestille fire gull og sende troppen av garde for å hente dei. Det er mykje som skal klaffe, og det er mykje som skal gjerast rett. Og det er enormt små marginar i toppidretten, det trur eg vi gløymer litt for ofte.
Det har ho sjølv erfaring med.
– Eg berga pallplass i fjor med seks hundredelar, seier ho, og siktar til bronsen ho tok i VM. – Og i lettvekts-dobbelsculleren i OL var alle innanfor eit sekund.
Skarstein er sjølv rekna som eit medaljehåp i Paralympics.
– Kjenner du og dei andre på presset om at no skal vi ha med folk heilt i toppen?
– Nei, ikkje forventingar utover det eg legg på meg sjølv. Men det er godt at det er så mange som følgjer med. Det kjenner eg er skikkeleg artig, seier Skarstein.
– Vi er ein del av landslaget, vi er her for Norge. Vi går drapert i det norske flagget heile tida, seier ho og drar i t-skjorta. – Det set eg veldig stor pris på.
Skarstein skal ut i sin første konkurranse i Paralympics fredag. Finalen går søndag.