– Dei har to valg. Dei kan bestemme seg for å forbli den dårlegaste nasjonen i Skandinavia, eller dei kan bestemme seg for å bli den beste, seier tidlegare idrettspresident Arne Myhrvold
Norge har nettopp levert sitt dårlegaste OL på 52 år. Me enda på fire bronsemedaljar, heilt nede på ein 74. plass på medaljestatistikken. Dannmark tok 14 medaljar, medan Sverige tok 11, derav to gull.
Må tore å vere knallharde
– Det er ein strålande sjanse til å tenkje nytt, og sjå kva våre naboar gjer betre enn oss, seier Kjetil Kroksæter, sportskommentator i Adressa.
Han ser det positive i at Norge fekk seg ein på trynet i OL.
– Det er ikkje slik at eg ønsker ikkje at norske toppidrettsutøvarar skal mislukkast, men akkurat no trur eg det var ganske bra at det gjekk dårleg.
Etter ein negativ spiral heilt sidan OL i Athen i 2004, er Norge no på eit historisk botnnivå. Myhrvold meiner det er eit resultat av defensive holdningar i Olympiatoppen.
– Me har forutsetningane for å bli den beste nasjonen i Skandinavia, det handlar berre om å tørre å satse. Ein må tore å vere knallhard.
Krise for norsk toppidrett
Både Myhrvold og Kroksæter er heilt enige i at målsetjingane før dei to siste olympiske leikane har vore altfor dårlege, og komme altfor seint.
– Måla for neste OL må settast med ein gong. Ein treng fire år for å lukkast i OL, då kan ein ikkje vente, seier Myhrvold.
TV 2s OL-ekspert i Rio, Andreas Thorkildsen, er også kritisk til korleis Olympiatoppen har fordelt ressursane.
– Det er blitt ein organisasjon som er overadministrert, der pengane går til administrasjonen, og ikkje til idretten. Det er ein tendens som har vokse fram dei siste åtte åra, seier Thorkildsen til kanalen.
Og Kroksæter meiner også at dei norske resultata i OL vitnar om eit toppidrettsnorge i djup krise.
– Eg synst det er krise for toppidretten, den krisen er ein nødt til å innsjå. Dette har vore ein negativ spiral gjennom lang tid.
– Ein vanskeleg jobb
Sjølv om mange er kritiske til Olympiatoppen, er fleire også nøgd med jobben som er gjort. I går forsvarte Olaf Tufte pengebruken til Olympiatoppen, og sa han trudde leikane i Tokyo kom til å bli betre.
I dag seier Norges største friidrettstalent, Karsten Warholm, at han er strålande nøgd med oppfølginga han har fått inn mot OL. Han meiner også at folk må sjå heile biletet før dei kritiserar jobben Olympiatoppen gjer.
– Det vil alltid vere folk som er kritiske, men dei har ein vanskeleg jobb. Det er umogleg å gjere alle fornøgde.
Toppidrettssjef i Olympiatoppen, Tore Øvrebø, skal møte pressa i Rio de Janeiro søndag ettermiddag.