Torsdag var det stadfesta selt 40.000 billettar. Fredag var det selt endå fleire.
– Det siste eg høyrde var at det er selt 50.000, seier Maren Mjelde til NRK.
Det er rekord for FA-cupen. Den gamle er frå i fjor. 35.271 såg Manchester City slå Birmingham 4–1.
Laurdag kveld skal Chelsea, med dei norske romvenninnene Maren Mjelde og Maria Thorisdottir på laget, møte Arsenal i cupfinalen.
– Sjuke tal
– 50.000 tilskodarar er heilt sjuke tal. Dette er ufatteleg stort, seier Mjelde.
– Men det er slike kampar vi spelar for å få oppleve, seier ho.
Ho har aldri spela for så mange tilskodarar før.
– Vi spela for nesten 40.000 i EM-finalen i 2013, men det er einaste gongen det har vore så mange. Dette blir heilt vanvitig, seier Mjelde, kvelden før ho skal springe ut på Wembleys grasmatte i London.
Ettersom begge laga er frå London, er det venta mange tilhengarar av dei to finalelaga. Fordi begge lags Premier League-kampar går først søndag, vil det truleg kome mange.
– Eg har høyrt at heile Chelsea-svingen er utseld, så det kjem nok ein god gjeng, ja.
– Gåsehud
Ho skal spele på Wembley for aller første gong, og fekk kjenne på bana for berre nokre dagar sidan.
– Eg kan berre prøve å førestille meg korleis det vil vere å gå utpå det til kampen laurdag. Det er til å få gåsehud av, seier Mjelde, som nyleg blei kåra til den tredje beste spelaren i England denne sesongen – bak to lagvenninner.
Det er ikkje mange dagar sidan Mjelde og Chelsea fekk bank av Wolfsburg i meisterligaen. Det var ein nedtur.
– Vi visste at vi måtte vise oss frå den aller beste sida, og kanskje vel så det, for å ha ein sjanse. Det greidde vi ikkje.
– Men fordi vi hadde ein av årets kulaste kampar å sjå fram til, fekk vi løfta humøret raskt. No er stemninga i troppen god, og vi gler oss til kampen. Vi har prøvd å førebu oss som normalt, seier ho.
14–1 i cuptitlar
– Det er tredje gongen vi spelar mot Arsenal i år, så vi kjenner laget nokså godt. Men dei kjenner godt til oss også.
Historisk er Arsenal det store laget i engelsk kvinnefotball med ikkje mindre enn 14 cupmeisterskap. Chelsea har eitt.
For to år sidan møttest dei same laga i finalen. Då vann Arsenal 1–0.
– Dei var lenge det profesjonelle laget i England, og har hatt si stordomstid. Chelsea er på veg til å bli ein storklubb slik Arsenal var.