Skal ha oppstått ny rasismeepisode
Ein Start-tilskodar skal ha kome med rasistiske tilrop under laurdagens kamp mot Sandefjord. Det fortel Starts daglege leiar Christopher Macconnacher til Eurosport. Han seier at ein person på tribunen skal ha kome med rasistiske utsegn mot Sandefjords Brice Wembangomo.
– Me har fått rapportar frå fleire om at vedkommande har gjort det, fortel MacConnacher. Starts supporterklubb Tigerberget har allereie ekskludert personen, opplyser dei på si Facebookside. MacConnaher reknar med at kjem ei rask avklaring rundt kva som skjer med tilskodarens tilgjenge til stadion.