Hopp til innhold

Sjukdomsmareritt etter Tour de Ski: – Fryktar det kan rakne

Lotta Udnes Weng er så vidt tilbake i trening, medan verken Anne Kjersti Kalvå eller Astrid Øyre Slind har trena etter at dei måtte bryte Tour de Ski.

Cross-Country Skiing, Tour de Ski, day 3, Women's 20 km Pursuit

SLÅTT UT: Astrid Øyre Slind reiste heim frå Tour de Ski og vart liggjande i senga i ei veke.

Foto: MATHIAS BERGELD / BILDBYRÅN

Ingenting er meir verdilaust enn ein sjuk skiløpar, seier Astrid Øyre Slind (35) når NRK snakkar med henne på telefon måndag ettermiddag.

Eit par timar tidlegare kom uttaket til kommande helgs langrennsverdscup i Oberhof. Der mangla tre norske kvinner som måtte forlata Tour de Ski med sjukdom.

– Lotta Udnes Weng fekk korona, men er den som har komme lengst. Ho har trena i tre–fire dagar no. Anne Kjersti Kalvå fekk ei kraftig forkjøling og har ikkje trena på ti dagar. Ho var så vidt ute og lufta seg i dag, fortel landslagstrenar Stig Rune Kveen.

Astrid Øyre Slind

KOM BRÅTT PÅ: Astrid Øyre Slind smilte etter si hittil siste treningsøkt. Nokre timar etter at dette biletet vart teke, tetna biholene.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Sju dagar i senga

Den av dei tre som har vore hardast ramma av sjukdom, er nok likevel Astrid Øyre Slind. Ho fortel at ho fekk biholebetennelse og har gått på antibiotikakur.

Det er lenge sidan sist eg var så sjuk som no, erkjenner ho, og utdjupar:

Dei sju første dagane var eg nesten ikkje ute av soverommet. Eg hadde tette lunger og biholer, og vondt i hovudet. Dårleg allmenntilstand, rett og slett.

Sjukdommen kom overraskande på. Fredagen før Tour de Ski-avslutninga i Val di Fiemme gjennomførte ho ei god treningsøkt. Rett nok hosta ho litt då ho vart intervjua av NRK etter økta.

Men då ho seinare på ettermiddagen snakka med tvillingsøster Silje, var ho svært optimistisk med tanke på den klassiske fellesstarten dagen etter.

Eg trudde eg skulle vinna, seier ho.

– Krise

To timar seinare var ho sengeliggjande. No har det gått ti dagar, og framleis avslører stemma at 35-åringen ikkje er frisk. Det går på tolmodet laus.

Eg fryktar at det kan rakne no. Det er litt krise, eigentleg, seier Astrid Øyre Slind.

Framleis har ho ikkje heilt gitt opp verdscupen i Goms om 13 dagar.

n0rFnAlZOnQ

ALDRI SETT MAKEN: Landslagstrenar Stig Rune Kveen (bak) har opplevd uvanleg mange sjukdomsforfall frå Astrid Øyre Slind og dei norske langrennskvinnene denne vinteren.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Men den tidlegare langløpsdronninga erkjenner at det er meir sannsynleg at ho går Marcialonga den helga.

Viss eg skal hevda meg i verdscuprenn, må eg vera i fysisk toppform. I langløp handlar det meir om styrke og grunntrening, seier Slind, før ho innrømmer:

Eg har jo nesten ikkje staka sidan i sommar, heller, så det er ikkje sikkert eg kan hevda meg der heller. Men viss eg blir frisk, er det verd å prøva. I verste fall blir det ei sabla bra treningsøkt.

Tiril Udnes Weng og Lotta Udnes Weng (bak) hjemmei Kolsåslia i Trondheim

Brutal nedtur etter suksessen: – Meir daud enn levande

Håpar på positive opplevingar

Før vinteren er over, håpar ho å levera eit knallresultat i verdscupen.

Eg kjenner eg har litt ugjort enno, seier Slind.

Ho er ikkje åleine om det blant norske langrennskvinner denne vinteren. Landslagstrenar Kveen kan ikkje hugsa å ha opplevd så mykje sjukdom på så mange utøvarar på så kort tid før.

På den positive sida er sist vinters verdscupvinnar Tiril Udnes Weng klar for det første verdscuprennet sitt denne sesongen, etter to sjukdomsrundar før jul.

Eg håpar me gjer unna sjukdomsrundane denne sesongen, så me slepp unna neste vinter, då det er VM i Trondheim. Og så må me berre kryssa fingrane for at dei som har vore sjuke kjem tilbake og får nokre gode opplevingar mot slutten av sesongen, seier Stig Rune Kveen til NRK.

Champagneflaskene under medaljeseremonien i Tour de Ski ble en litt større utfordring enn man hadde sett for seg.

Champagneflaskene under medaljeseremonien i Tour de Ski vart ei litt større utfordring enn ein hadde sett for seg.

Siste nytt

  • Norsk landslagsspiller blir utenlandsproff

    Landslagsspiller Kristina Sirum Novak forlater Sola og er klar for den franske håndballklubben Brest. Det bekrefter klubben selv på sin nettside. Høyrebacken har signert en to-årskontrakt.

    – Å bli en profesjonell spiller betyr også muligheten til å spille i mesterligaen, det er en drøm som går i oppfyllelse, sier Novak til klubben.

    23-åringen kom til Sola i 2018 og har vært en svært viktig brikke for gultrøyene de siste sesongene.

    Hun fikk sin landslagsdebut i 2022 og har spilt 30 kamper og scoret 47 mål for Norge.

    Novak
    Foto: NTB
  • Marco Reus ferdig i Dortmund: – En av klubbens beste

    Marco Reus forlenger ikke kontrakten med Borussia Dortmund. Kontrakten utløper ved slutten av sesongen. Det bekrefter klubben selv på sin nettside.

    34-åringen har spilt for førstelaget til Dortmund siden 2012, da han kom fra Borussia Mönchengladbach. Reus ble født i Dortmund, spilte nesten ti år i akademiet før han forlot klubben for første gang i 2006.

    – Jeg er utrolig takknemlig og stolt over denne spesielle tiden i klubben. Jeg har tilbrakt mer enn halvparten av livet mitt i denne klubben og har nytt hver dag, selv om det selvfølgelig har vært vanskelige øyeblikk også, sier Reus selv.

    Reus legger ikke opp, og planen er nå å finne en ny klubb, melder klubben.

    – Marco Reus er en av klubbens beste spillere. Hans tilknytning til Borussia Dortmund er ekstraordinær. Vi ønsker Marco alt godt for fremtiden, sier Borussia Dortmunds administrerende direktør Hans-Joachim Watzke.

    Reus har så langt spilt 424 kamper for klubben. Han har scoret 168 mål og 128 målgivende pasninger. I tillegg har han vunnet den tyske cupen to ganger med Dortmund.

    Reus
    Foto: Reuters
  • Mjelde forlater Chelsea etter sesongen

    Norges landslagskaptein Maren Mjelde (34) er ferdig i Chelsea etter sesongen. Det bekrefter klubben på sin nettside fredag.

    Hun har spilt syv sesonger i klubben etter at hun ankom fra Avaldsnes i 2017. Der har hun blant annet vunnet den engelske toppdivisjonen fem ganger, fire FA-cuper og to ligacuper.

    – Når jeg ser tilbake på alle årene mine her, har det vært både opp- og nedturer – men det har vært flere oppturer enn nedturer. Det har vært litt av en reise, sier Mjelde til klubbens nettside.

    Mjelde har spilt 140 kamper i blått og scoret 23 mål, og har figurert både i forsvar og midtbanen til London-klubben.

    Maren Mjelde
    Foto: MATTHEW CHILDS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal