Hopp til innhold

Brutal nedtur etter suksessen: – Meir daud enn levande

Medan tvillingsystera Lotta har konkurrert, har Tiril Udnes Weng kjent seg som eit slakt. No ryk òg Tour de Ski for den regjerande verdscupvinnaren.

Tiril Udnes Weng og Lotta Udnes Weng (bak) hjemmei Kolsåslia i Trondheim

SER MOT VM: Tiril Udnes Weng og tvillingsyster Lotta (bak) har utsikt til VM-løypene i Granåsen.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Ho ringde ein dag førre veke og sa at «i dag har eg vore så produktiv, i dag har eg dusja». Og då var klokka fire på dagen. Då var ho fornøgd.

Lotta Udnes Weng ser bort på tvillingsyster Tiril og ler. Dei sit side ved side i sofaen i rekkjehusleilegheita i Kolsåslia. Den kjøpte dei i vår for å komma så nær Granåsen som mogleg.

Løypene der det skal kjempast om VM-gull i februar 2025, ligg berre eit par hundre meter unna.

NRK besøkjer tvillingane dagen før prøve-VM. Då har dei akkurat gjort unna si første treningsøkt saman sidan oktober.

Tiril Udnes Weng

BEST I VERDA: I mars sikra Tiril Udnes Weng beviset på at ho i sum var den beste langrennsløparen i verda sist vinter.

Foto: Antti Hämäläinen / AP

Det vil seia, det var ikkje lange stunda dei fekk saman. Etter fire–fem minutt skilde dei lag.

Eg måtte komma meg ut av konkurranseløypa og ut i turløypene der eg høyrer heime om dagen, seier Tiril.

Som eit slakt

Å høyre heime i turløypene, er ikkje som det burde ha vore for kvinna som vann verdscupen samanlagt sist vinter.

Likevel er det faktisk eit framsteg. For ikkje nok med at 27-åringen ikkje fekk gått eit einaste skirenn før jul.

I periodar har ho hatt meir enn nok med å kome seg ut av senga.

Det starta med koronavirus rett før den nasjonale langrennsopninga på Beitostølen i midten av november.

Så trena eg i tre veker, køyrde testløp og så vart eg sjuk etter det igjen. Så heile førre veke var eg meir daud enn levande, eigentleg, seier ho.

Meir daud enn levande, korleis er du då?

Eg overdriv sikkert litt, erkjenner Tiril, medan Lotta ler.

Ho var ikkje dauden nær, men ifølgje seg sjølv var ho «skikkeleg sjuk».

Der og då kjente eg meg berre som eit slakt, eigentleg, beskriv ho.

Lotta (t.v.) og Tiril Udnes Weng

SAMEINA: I helga såg Lotta og Tiril Udnes Weng kvarandre for første gong sidan oktober. Medan Lotta har gått skirenn, har Tiril vore sjuk.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Tårer på hytta

På det tidspunktet var ho på hytta på Sjusjøen. Det kom nokre tårer då ho innsåg at verdscupkonkurransane utanfor stovedøra heime òg ville gå fløyten.

Eg har jo alltid sett fram til Trondheim-helga og tenkt at der skal eg vera på start. Då eg skjønte at det rauk, så vart eg lei meg, og då tenkte eg at då får eg berre grine litt. Eg synest synd på meg sjølv, veit du, seier Tiril, med eit sjølvironisk tvil.

Tiril Udnes Weng på tribunen i Granåsen

UFRIVILLIG TILSKODAR: Gratisbillett på tribunen var ei mager trøyst for Tiril Udnes Weng under prøve-VM i helga.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Medan systera har vore sett ut av spel, har Lotta levert sin beste sesongstart nokon gong. Ho synest Tiril har handtert det bra.

Du har det, faktisk. Du har vore overraskande positiv, ser framover, seier ho og ser på systera.

Samtidig erkjenner Tiril Udnes Weng at ho er usikker på om det var smart å reise heim til eit prøve-VM ho ikkje skulle delta i.

Eg skal innrømma at eg angrar litt på at eg ikkje berre vart på Sjusjøen. Då eg var uti løypene i stad, og Lotta skulle byrja med «race prep» og eg skulle ut og labbe i marka, så pressa det faktisk litt i tårekanalane, altså.

Lotta (t.v.) og Tiril Udnes Weng

SMILER: Lotta og Tiril Udnes Weng hjelper kvarandre med å halde humøret oppe når ein av dei møter motgang.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Bryllaup

No ventar Tour de Ski. Måndag kom den offisielle stadfestinga på at det berre blir éin Udnes Weng på start der òg, men det har lege i korta lenge.

Tiril har i staden kjøpt seg ny kjole. Medan Lotta konkurrerer i Toblach på nyttårsaftan, reiser ho til Therese Johaugs bryllaup på Røros.

Eg hadde veldig lyst til å gå fort i Tour de Ski. Det var hovudmålet i år. Så eg har måtte justere litt på kva målsetjingane er, og prøver å tenkje at det framleis er ganske mange skirenn igjen, seier Tiril.

Den største trøysta er uansett at det framleis er 14 månader igjen til det aller største målet, det som er årsaka til at tvillingane no bur i Trondheim.

Det er ein skøytesprint der eg har veldig lyst til å vera i god form. Det er mykje eg har lyst til å forbetre. Så i staden for å gå skirenn, kan eg trene i løypene her i jula og vere endå betre førebudd enn dei andre til neste år.

Sportsnyheter

Bjørgen Jullumstrø

Mener trenerteamet er skreddersydd for Johaug: – Rigget for et comeback

Marit Bjørgen og Pål Gunnar Mikkelsplass går inn som assistenttrenere på kvinnelandslaget i langrenn. Det betyr én ting, tror NRKs ekspert: Comeback for Therese Johaug.

Siste nytt

  • Tippemidlene: Rekordhøye 3,7 milliarder kroner til idretten

    Regjeringen bevilger 3,723 milliarder kroner av Norsk Tippings overskudd til idrettsformål over hele Norge i 2024.

    Det er en økning på 288 millioner kroner fra fjorårets utbetaling. Totalt går 7,1 milliarder av tippeoverskuddet til idrett, kultur og frivillighet, opplyser Kulturdepartementet.

    Av idrettstilskuddet går nærmere to milliarder kroner til idrettsanlegg i kommunene. Her økes bevilgningen med 180 millioner kroner fra 2023.

    – Tilgang på anlegg er en av de viktigste forutsetningene for et bredt og tilgjengelig idrettstilbud, sier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).

    (NTB)

  • Stjernefelt på 5000 meter under Bislett Games

    Noen av verdens fremste utøvere på 5000 meter tar turen til Bislett Games i Oslo 30. mai.

    Verdensrekordholder Joshua Cheptegei, det etiopiske løpeesset Yomif Kejelcha og Diamond League-mesteren fra 2021, Berihu Aregawi, leder an det stjernespekkede feltet.

    Jacob Kiplimo, Hagos Gebrhiwet, Telahun Haile Bekele, Luis Grijalva og Dominic Lobalu meldes også klar i en pressemelding.

    Den norske stjernen Henrik Ingebrigtsen står også oppført på startlistene.

    N_Wja6sQQtE
    Foto: AFP
  • Belgisk storavis: Van Aert med mål om comeback i norsk ritt

    Visma-stjernen Wout Van Aert har angivelig valgt å sikte seg inn på skadecomeback i Tour of Norway 23. mai, skriver den belgiske avisen Het Laatste Nieuws.

    Van Aert har vært ute av konkurranse siden han i slutten av mars ødela kragebeinet i endagsrittet Dwars door Vlaanderen. Dagen etter ble han operert for skaden, og 29-åringen har siden brukt tiden på å rehabilitere.

    Van Aert har herjet på den internasjonale sykkelscenen de siste årene, og Visma-rytteren har blant notert ni etappeseirer i Tour de France. Kragebeinsbruddet i Dwars door Vlaanderen kom rett i forkant av en lang rekke vårklassikere.

    11. april ble det gjort kjent at årets Giro d'Italia går uten den belgiske 29-åringen.

    – Jeg er skuffet over å miste mitt nest største mål for sesongen, men jeg må prioritere helsen og gi kroppen tiden det tar å bli bra igjen, sa Van Aert etter at beslutningen ble tatt. (NTB)

    Van Aert
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal