– Det verka på spelarane som at det var stor stas og inspirerande at han var der, seier medieansvarleg i Stabæk, Oddbjørn Vistnes.
Stabæk er i Wales, der dei skal møta Connah's Quay Nomads F.C. i den første kvalifiseringsrunden til Europaligaen. På gårsdagens trening var David Moyes med på feltet.
Stabæk-trenar Billy McKinlay var assistenten til den Manchester United-managerens i den spanske toppserieklubben Real Sociedad.
– Sprudla litt ekstra
Sidan tida saman i Spania har McKinlay og Moyes heldt kontakten, og trass i at Moyes ikkje bur i Wales valde han å ta turen for å treffa sin tidlegare kollega.
– Han følgde med på heile økta og prata med Billy undervegs. Det var ingen instruksar til spelarane, men ein merka på dei at han var der. Dei sprudla litt ekstra og det var nok ikkje negativt for kveldens kamp at han var der, seier Vistnes.
– Så no får vi sjå Moyes i Stabæk?
– Neppe, seier Vistnes og ler godt.
Avspark på kveldens kamp er klokka 20.15, med returmøtet i Fredrikstad om ei veke. Stabæk skal spele sine kampar i Europa i «plankebyen», då Nadderud ikkje er godkjend for spel i Europa.