– Du prøver å tenke at det er ein ny dag og ein ny sjanse. Men dette var så mykje meir, sa Marija Sjarapova etter sigeren over andre-rangerte Simona Halep i US Open for eit fullsett Arthur Ashe stadion i New York.
Etter å ha sett matchballen, fall Sjarapova på kne og gret sine gledestårer. Kampen var Sjarapovas første i ei grand slam-turnering sidan ho testa positivt for det ulovlege stoffet meldonium i Australian Open i fjor.
– It's prime time, baby, ropte ho ut då ho reiste seg.
Sjarapova har vunne alle sine 18 US Open-kampar på denne bana på kveldstid.
– Du veit aldri kva kjensler som kjem før kampen er over. Dei kan du ikkje kontrollere, la ho til.
Det gav den tidlegare verdseinaren og femdoble Grand Slam-vinnaren 15 månaders utestenging. Ho var tilbake på tennisbana i slutten av april i år, men stod av ulike grunnar over både French Open og Wimbledon i sommar.
Etter det har ho også vore plaga av skader.
Wild card
30 år gamle Sjarapova har mista alle sine rankingpoeng og må bygge seg opp igjen. Ho gjekk inn i US Open som nummer 146 på verdsrankingen, og måtte ha wild card for å få lov å delta.
Derfor var ho useeda, og trekte like godt andrerangerte Halep i første runde. Men Sjarapova vann 6-4, 4–6, 6–3 i ein kamp som varte i to timar og 44 minutt, og slo Halep for sjuande gong av sju mogelege.
– Det er alltid tøft å møte Simona. Vi har stor respekt for kvarandre, men det var likevel noko ekstra med denne kampen. Eg visste eg måtte kjempe hardt for å vinne.
Har ikkje tenkt å legge opp
– Av og til undrar du deg på kvifor du legg ned alt slitet. Dette er grunnen, sa Sjarapova, som forsikra at ho på ingen måte har tenkt å legge opp med det første.
Halep har tidlegare gitt uttrykk for motvilje mot at Sjarapova skulle få wild card til turneringar etter dopingdommen. Ho meinte at Sjarapova burde gått gjennom kvalifiseringar for å kome til turneringa.
Men Halep vedgjekk at den beste vann.
– Eg gav det eg hadde i dag, men ho var betre. Servane mine var altfor dårlege, sa Halep som tidlegare i år tapte finalen i French Open og semifinalen i Wimbledon.