19-åringen tapte 3–0 i sett for Guido Pella frå Argentina. Pella var best i alle spelets fasar gjennom hele kampen, sjølv om Norges nye tennishåp aldri gav opp før i det siste settet.
Ruud tapte 6-4, 6–4 og 6–1 i sett.
– Det var ikkje den Casper vi ønska å sjå i dag. Han hadde eit problem med ei hofte, og har slite med det dei siste dagane, men vi trudde ikkje det skulle bli noko problem i dag, seier pappa og trenar Christian Ruud til Eurosport.
I tillegg sleit nok Ruud med varmen i New York. Det var rundt 35 grader på tennis-courten.
Etter kampslutt stadfesta Ruud at han sleit både med varmen og ein hofteskade han pådrog seg i den siste kvalifiseringskampen i førre veke.
– Eg følte verkeleg varmen, og det skremer spelarane litt. Det gjer det vanskeleg å spele alle poenga med full intensitet, og i tillegg hadde eg litt smerter i hofta, så det var ei blanding mellom varmen og smertene som gjorde at eg ikkje klarte å spele hundre prosent, seier 19-åringen til NTB.
– Det verkar som han ikkje orkar å spele om ballane. Og han bevegar seg ikkje godt nok. Han orkar ikkje å spele om poenga. Han prøvar i nokre game, men han treivst ikkje ute på bana her i dag. seier pappa Christian Ruud vidare.
Svake returar
Pella levde opp til favorittstempelet før kampen i USA.
28-åringen er ranka som nummer 66 i verda, medan Ruud er på ein 143.-plass på verdsrankinga.
Nordmannen jobba, sleit og prøvde å stå imot spelet til argentinaren, men det blei for tøft for tennistalentet frå Snarøya.
I tillegg måtte Ruud få behandling for hofteskada fleire gongar i løpet av kampen.
– Vi visste at dette blei vanskeleg, men han følte litt smerte i hofta og hadde fått ein strekk. Du må være hundre prosent når du spelar mot så rutinerte spelarar på dette nivået, sier Øyvind Sørvald til NRK.
Han er idrettssjef i Norges Tennisforbund og analyseansvarlig for Ruud.
God sesong
Pella spelte taktisk lurt, og serva hakket betre enn Ruud gjennom heile kampen. Nordmannen sleit i tillegg med returspelet og var aldri i nærleiken av avansement.
Ruud har likevel hatt ein god sesong så langt etter å kvalifisert seg til første runde i både French Open, Australian Open og no US Open for første gong.
Ruud hang bra med i dei to første setta, men var ikkje god nok i dei avgjerande situasjonane. I det siste settet blei det tungt. Pella feide han av bana og vann enkelt til slutt.
– Den planen han hadde før kampen fungerte i perioder veldig fint, men totalt sett klarte han ikkje å bevege seg som han gjer vanlegvis, og då blir det lett for motstandaren på dette nivået og utnytte det, seier Øyvind Sørvald.