– Det var litt under det eg hadde håpa på. Når eg først var i finalen og alle starta på null, var det litt kjipt å bli nummer åtte, seier Bryhn til NRK.
– Men det var vanskeleg. Eg kjende eg rista og dingla i heile skroget. Det var tøft. Men det var moro også, sa Bryhn, som også var i finalen i London for fire år sidan. Då blei han nummer sju.
Men sesongen i år har ikkje vore så god som han hadde ønskt.
Kom skeivt ut
– Det er ei stund sidan eg har vore i ein finale, og det merka eg. Det var varmt i hallen under finalen, og det er krevjande og stå å skyte mot ein tiar som er berre ein centimeter stor og 50 meter unna, sa ein sliten Bryhn.
Han hadde tre åttarar i løpet av dei 40 skota i finalen. Frå ein god åttar til ein dårleg tiar er det mindre enn ein centimeter
– No vil eg bli betre enn nummer åtte. Det er mange gode i eit finalefelt, og den som held hovudet kaldast, stikk av med det lengste strået, sa Bryhn til NRK før finalen.
Men slik skulle det ikkje gå.
Bryhn innleia litt nølande, med mellom anna ein åttar på kne. Med 49,0 poeng på den første serien kom han på etterskot og låg heilt sist, og greidde aldri å ta seg inn igjen.
Med 400,4 poeng var han 4,6 poeng unna sjetteplassen som hadde gitt vidare deltaking.
– Finaleplass ein stor prestasjon
– Finalen var isolert sett litt skuffande, men at han kom heilt dit og greidde ein åttandeplass med den sesongen han har hatt, er ein stor prestasjon, seier NRKs ekspertkommentator Stian Bogar.
– Han leverer sin beste prestasjon denne sesongen, og var i tillegg langt nede etter det dårlege resultatet på 60 skot liggande for berre eit par dagar sidan. Det er ein enorm prestasjon han har gjort berre ved å reise seg etter det, seier Bogar.
Bryhn har ikkje tenkt å gje seg. Han skal satse vidare.
– Til Tokyo 2020?
– Det er ikkje umogeleg.
Drama i gullkampen
Gullmedaljen gjekk til italienske Niccolo Campriani, som forsvarte gullet frå OL i London. Men det skjedde ikkje utan dramatikk.
Russiske Sergej Kamenski leia med 0,6 poeng før siste skot. Og då Campriani berre fekk 9,2, viste ansiktsutrykket hans at han var sikker på at hullet rauk.
Kamenski måtte derfor berre ha 8,8 for å sikre gullet.
Så blei det berre 8,3 på russaren. Og dermed blei det sølv, 0,3 poeng frå gullet.