Italienske Federica Brignone vart for sterk for Mowinckel i 2. omgang og stakk av med sigeren, 49 hundredelar føre vårt norske håp.
– Herregud, eg er veldig nøgd med å bli toar i dag. 2. omgang vart litt meir krevjande og eg vart kasta litt ut der og fekk litt meir problem, men sånn er det, seier Mowinckel etter rennet.
Molde-jenta hadde ei suveren leiing etter første omgang. Ho køyrde inn til tida 53.17, og var med det 37 hundredelar føre italienske Federica Brignone og 44 hundredelar føre Stephanie Brunner frå Austerrike.
Mowinckel stod dermed aleine att på toppen i finaleomgangen. Ho starta omgangen sterkt og hadde leiinga etter første mellomtid. Men den sterke avslutninga til den italiaienske vinnaren vart for tøff.
– 1. omgang var mykje meir rytmisk og «easy-going». Det er ei veldig rask løype og det fekk eg merke i 2. omgang.
Trass den sterke prestasjonen, blir det lita tid til å feire prestasjonen i Killington. Mowinckel og dei andre jentene set nemleg kursen rett mot Lake Louise.
– Det blir nok på eit hotellrom i Montréal, så det blir nok ei stussleg feiring, men vi får ta det igjen litt seinare.
Stephanie Brunner frå Austerrike sikra seg 3.-plassen 78 hundredelar bak Federica Brignone.
Fem i finaleomgangen
Fem av dei sju norske tok seg vidare til finaleomgangen i Killington i USA laurdag ettermiddag.
I 2. omgang klarte ho å køyre seg opp frå ein 20.-plass til 14.-plass.
Klatra gjorde også Kristin Lysdahl, som starte heilt først i finaleomgangen. Ho gjorde eit bra løp og sikra seg til slutt ein 17.-plass, medan Kristine Haugen kom i mål til ein 23.-plass.
Nina Haver-Løseth tapte mykje i det siste partiet av første omgang, og låg på 25.-plass etter første omgang. 1.89 bak Mowinckel. Ho enda til slutt bak Haugen på ein 24.-plass.
Mina Fürst Holtmann var uheldig og gjekk på rumpa på veg inn i siste port i 1.omgang. Ho segla nedover på feil side av mål, og måtte konstatere at dagens renn var over for hennar del etter ein omgang.
Maren Skjøld kom i mål 4.10 bak Mowinckel. Det gav berre 55.-plass, og ho måtte dermed sjå finaleomgangen frå tribuneplass.
Solid sesongopning
Under sesongopninga i Sölden siste helga i oktober imponerte dei norske damene med heile fire norske blant dei ti beste. Mowinckel var best av dei norske med ein 5.-plass.
Det var faktisk trippelt norsk då dei sju beste storslalåmkøyrarane stod att på toppen.
Mellom dei var Mowinckel, som fossa inn til delt leiing.
Sjølv om storfavorittane innfridde og skjøv dei norske kvinnene eit hakk ned på listen, vart sesongopninga ståande som ein mektig framsyning av det norske laget.
Mowinckel (5), Kristin Lysdahl (8), Thea Louise Stjernesund (9) og Kristine Gjelsten Haugen (10) sørgde nemleg for at Norge var den einaste nasjonen med fleire enn ein løpar blant topp ti.
– Dette er helt vilt! sa NRK sin kommentator Thomas Lerdahl, som skildra sesongopninga som «ein heilt ellevill norsk dag».
Første seier
Mowinckel tok sin første verdscupsiger i tyske Ofterschwang i mars. Den gong var det over 15 år sidan Norge sist vann eit verdscuprenn i storslalåm på damesida. Det var då Andrine Flemmen vann i Sölden i oktober 2002.
Før OL i PyeongChang i Sør-Korea sto ho med ein andre- og ein tredjeplass som beste. I leikane i PyeongChang vart det to sølvmedaljar.