Siste nytt

  • Raja møter idrettstoppane torsdag

    Kulturminister Abid Raja har invitert fotballtoppane og idrettspresidenten til hastemøte om breiddefotballen torsdag ettermiddag. Det opplyser Raja sjølv på twitter i dag.

    Møtet kjem i stand etter at fotballforbundet har lagt sterkt press på ministeren for å få breiddefotballen også for spelarar over 20 år i gang.

    Raja er i Bremanger i Vestland, og vil møte idretten der. Eller ein annan dag om det passar betre, tvitrar ministeren.

    NFF ønskjer opning for full aktivitet i breiddefotballen frå 1. august.

    Laster Twitter-innhold
  • Snøbrett-meister omkom i drukning

    Den doble verdsmeisteren i snøbrett, australske Alex Pullin, drukna under harpunfisking utanfor Palm Beach på Gullkysten onsdag, melder ABC News og lokale media.

    Han blei funnen av ein dykker på havbotnen. På land blei det gjort gjeopplivingsforsøk, men det lykkast ikkje.

    Politiet har ikkje stadfesta namnet på den omkomne, men Australias OL-komité stadfestar at det var Pulin som omkom.

    Ifølgje Sydney Morning Herald var Pullin ein erfaren fridykkar og undervassfiskar med harpun.

    Pullin (32) blei verdsmeister i 2011 og 2013, og var flaggbærar for Australia i OL i Sotsji i 2014. Han deltok også i OL i 2018, der han blei nummer 6.

    Alex Pullin
    Foto: Susana Vera / Reuters
  • Ryder Cup blir utsett til neste år

    På grunn av pandemien blir golfturneringa Ryder Cup utsett til neste år, melder sportskanalen ESPN. Det er venta at det blir offisielt kunngjort i dag.

    Ryder Cup skulle etter planen gått i Wisconsin i USA siste helga i september.

    Ryder Cup er ein lagkonkurranse mellom Europa og USA, og blir arrangert annakvart år.

    Ryder Cup
    Foto: Usa Today Uspw / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal