Hopp til innhold

Sundby smelte til i prologen: – Kjempeflaks

– Eg trefte både med sporval og ski, sa Martin Johnsrud Sundby etter sin sensasjonelt gode prolog på den klassiske sprinten i Ruka.

Martin Johnsrud Sundby endte opp med tredje beste tid etter prologen i Kuusamo.

KJEMPEFLAKS: - Vi kan konkludere med at trening funkar, slo Martin Johnsrud Sundby etter prologen

Utslagsrundane tek til klokka 12.15 og blir streama direkte.

– Kjempeflaks. Det var ein bra prolog. Vi kan konkludere med at trening funkar, sa Sundby til NRK.

Der har han tidlegare ein 62.-plass som best. I dag vart han nummer tre.

– Dette har eg aldri vore med på før, no kan eg velje heatheat. Alt herfrå er eigentleg ein bonus no. Eg har minimert tapet av sekund, så dette er veldig bra. Eg skal gjere det eg kan i kvarten også, sa han.

Ni nordmenn vidare

Martin Johnsrud Sundby

HEILT RÅTT: Martin Johnsrud Sundby var ikkje løyvd serleg store sjansar på sprinten. Men han var tredje best i prologen

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

For Sundby var sensasjonen då verdscupsesongen og minitouren vart innleia i Finland i dag. NRKs ekspert Fredrik Aukland var ein av mange som meinte at Sundby ville slite med å kome seg til kvartfinalen.

Ni nordmenn var blant dei 30 som får starte i kvartfinalene. Pål Golberg og Sondre Turvoll Fossli var dei to raskaste.

– Martin Johnsrud Sundby og Therese Johaug er mine favorittar i minitouren, men ingen av dei kjem til å vere heilt i teten i dag, sa Fredrik Aukland før langrennsstarten.

NRK-eksperten er på plass i løypene i finske Ruka rett før verdscupsesongen tek til med minitour, der klassisk sprint står på programmet den første dagen.

Det er duellane mellom Sundby og Petter Northug på herresida, og Therese Johaug og Charlotte Kalla på kvinnesida, som står i fokus denne første helga.

Spent på samanlagt-favorittane

Utover dagens resultatliste går spenninga på kor langt samanlagfavorittane vil nå.

– Martin vil neppe kome særleg langt på ein klassisk sprint. Derfor blir løpet svært viktig for Petter, som må skaffe seg eit så stort forsprang som mogeleg på Martin. Martin var rå på Beitostølen, og vil slå knallhardt tilbake laurdag og søndag, var Auklands spådom før rennet starta.

Han trur på norsk siger, men det finst utanlandske utfordrarar. – Dario Cologna og Aleksandr Legkov er to mann eg er svært spent på, seier Aukland.

Men i prologen skuffa begge, og ingen av dei kom seg vidare.

Sundby går for sjette strake

I kvinneklassa ventar han at både Therese Johaug og Charlotte Kalla kjem minst til kvartfinalen.

– Eg er veldig spent på kva Kalla kan vise fram i dag, seier han.

Sundby har vunne dei fem siste tourane i v-cupen, og går for sin sjette.

– For meg er han den største favoritten uansett, seier Aukland.

Siste nytt

  • Rashford ut mot netthetsen: – Nok er nok

    Manchester United-angriperen Marcus Rashford (26) har sett seg lei av behandlingen han får i sosiale medier.

    I et svar på en støttemelding på X skriver Rashford at «mobbingen har pågått i månedsvis».

    – Nok er nok, avslutter han med.

    Responsen kom etter at en X-bruker med United-sympatier gikk ut mot hetsen av Rashford og omtalte den som motbydelig og ondsinnet.

    26-åringen scoret hele 30 mål forrige sesong, men siden har det gått trått. Rashford står denne sesongen med kun åtte scoringer på 40 klubbkamper. (NTB)

    Rashford jubel united
    Foto: Reuters
  • Ny teknikktrener for alpinkvinnene: – Glade for at vi er attraktive for de beste trenerne i verden

    Østerrikske Johannes Zöchling (44) har blitt ansatt som ny hovedtrener for de norske alpinkvinnenes teknikklag.

    Det skriver Norges Skiforbund i en pressemelding.

    – Vi er glade for at Johannes velger å bli med oss og ser fram til å få han på laget. «Hannes» har en sterk og variert bakgrunn, med gode resultater, forteller alpinsjef Claus Johan Ryste.

    Zöchling kommer fra Det østerrikske skiforbundet, hvor han har jobbet i ulike roller de siste 15 årene. Blant annet har han hatt ansvaret for kvinnenes teknikklag i seks år, mens han de siste tre sesongene har hatt ansvar for rekrutteringslandslaget på herresiden.

    Østerrikeren tar over for Janne Haralla, som har fått en rolle i den amerikanske superstjernen, Mikaela Shiffrins, lag. (NTB)

    Thea Louise Stjernesund i Kranjska Gora
    Foto: BORUT ZIVULOVIC / Reuters
  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal