Hopp til innhold

Seks grunnar til at Island er EMs kulaste lag

Ingen EM-motstandar slår Lars Lagerbäcks historiske menn i kampen om å vere annleis.

Island

IKKJE SOM ALLE ANDRE EM-LAG: Island. Her på trening før møtet med Portugal.

Foto: DENIS BALIBOUSE / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

1. Dei har ein MGP-regissør i mål ...

For fire år sidan bestemte Hannes Haldorsson seg for å satse fotball på heiltid. No er han i EM.

34-åringen blei etterkvart henta av Brann, og seinare signerte han kontrakt med Sandnes/Ulf.

Det innebar at han måtte legge filmregissør-karriera på is. Haldorsson regisserte musikkvideoen til Islands Melodi Grand Prix-låt i 2012.

Men han har ikkje gløymt gamle kunstar.

Seinast før VM i 2014 laga han ein reklamefilm der både han og fleire av landslagskameratane var med.

Hannes Haldorsson

KUL HELT: Filmregissør og landslagskeeper Hannes Haldorsson (th).

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

2. ... Og dei har ein tannlege-assistent på sidelinja

Det er truleg bare Island som har ein tannlege som også er fotball-landslagets assistenttrenar.

Så seint som i 2013 jobba Heimir Halgrimsson som tannlege frå åtte til tre, før han fortsette dagen som trenar for eliteserieklubben Íþróttabandalag Vestmannaeyjas kvinner og menn.

– Eg jobba heile dagen. Då eg fekk landslagsjobben måtte eg trappe ned. I år har det nesten ikkje blitt tid til å vere tannlege.. Det blir kanskje anledning ein dag i veka, seuer Halgrimsson til ESPN.

Halgrimsson

TANNLEGEN: Landslagssjef Lars Lagerbäcks assistent, Heimir Halgrimsson.

Foto: STAFF / Reuters

3. Dei er hardhausar. Bare spør David James

​I konkurransen «Verdas sterkaste mann» har Island 17 medaljar. Bare USA har fleire.

På island må ein spele fotball i stiv kuling, snø og høljregn. Slikt vert ein tøff av, og det islandske landslaget vert ofte omtala nettopp som tøffe.

På tampen av karriera spelte den tidlegare England-keeperen David James under same type forhold etter å ha signert for Íþróttabandalag Vestmannaeyjas, og han lot seg fascinere av værforholda.

– På grunn av været er alt så uforutsigbart. Vi veit for eksempel aldri om vi kan trene ute eller om vi reise ein annan stad. Alle er vant til å bare kaste seg på ferga og reise dersom været skiftar, sa James til NRK.

David James playig with Icelandic football team ÍBV

VÆRHARD KARRIEREAVSLUTNING: Tidlegare Liverpool- og Manchester City-keeper David James spelte på Island før han la opp som fotballspelar.

Foto: Ernir Eyjólfsson

4. Dei får ikkje-stjerner til å spele som stjerner

Island har tatt seg til EM med fleire spelarar som herjar midtsjiktet i den norske eliteserien, som desse:

  • Ingvar Jónsson, som spelar for Sandefjord i norsk førstedivisjon
  • Hannes Haldorsson, som for tida er på utlån til Bodø/Glimt

Når Sandefjord-keeper Ingvar Jonsson ikkje sit på benken for landslaget mot Cristiano Ronaldo og Portugal, speler han på arenaer som Levermyr (Jerv), Remyra stadion (Levanger) og Myrdal stadion (Åsane).

Ingvar Jónsson

STJERNE PÅ NORSKE FØRSTEDIVISJONSKAMPAR: Ingvar Jónsson.

Foto: INTS KALNINS / Reuters

5. Ti prosent av landets befolkning reiser til EM

Ein reknar med at ca. 33.000 av dei totalt 330.000 innbyggarane på Island tar turen til Frankrike for å sjå landslaget spele fotball. I kveld er flesteparten samla i St.Etienne rett sør for Lyon.

– Vi lever draumen. Det har alltid vore ein draum å få oppleve eit meisterskap med Island. Og nå er vi her. Saman med halve Island ser det ut til. Vi sender bilder hjem til familien på Island, dei er nærmast deprimert over at dei ikkje kan vere her, seier Andri Blöndal.

Islendingar i EM

I EIN DRAUM: Andri Blöndal og Bylgja Olafsdottir lever i draumen dei ikkje trudde var mogleg.

Foto: Alexander Josevski / DR

Islendingane er ikkje redde for å gjere seg bort på Europas største scene.

– I kveld vil vi skape ein sensasjon. Naturligvis har dei Ronaldo, men han må gjerne spele dårleg berre i denne kampen. Når Island spelar kan alt skje, berre vent og sjå. Sjølvsagt vinn vi, seier Bylgja Olfasdottir.

Det er ingen tvil om at islendingane reiser mannsterke.

– Eg er her med faren min, onkelen min og 18 av vennene våre, fortel Birkir Olafsson.

Birkir Olafsson

SPENT: Birkir Olafsson fortel at dei islandske supportarane også har det gøy saman med belgiske, italienske og portugisiske fans i Saint-Etienne.

Foto: Aleksandar Josevski / DR

Dersom ti prosent av Sveriges befolkning hadde reist til EM ville det utgjort litt under ein million blågule fotballturistar.

Ti prosent av Norges befolkning er ca. ein halv million menneske.

6. Dei er og blir kjempefå

Det er jo heilt utruleg at Island er i EM.

Norge har totalt ca. 375.000 mannlege og kvinnelege fotballspelarar.

Til samanlikning har EM-nasjonen Island kun ca. 20.000

Det er ca. 15.000 færre enn i Hordaland fotballkrets og ca. 12.000 færre enn i Rogaland fotballkrets.

Island har kun 21508 registrerte fotballespillere, men f.eks. Tyskland har over 6 millioner. Grafikk

Island har klart færrast fotballspelarar å ta av av alle landa i EM.

Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

Siste nytt

  • Lotta Udnes Weng raskest i Holmenkollen Skishow

    Lotta Udnes Weng rykket før oppløpet og vant kvinnenes rulleskirenn over ni kilometer under Holmenkollen Skishow.

    Weng leverte en kjempeavslutning og vant 3,1 sekunder foran Helene Marie Fossesholm og 6,8 foran tvillingsøsteren Tiril Udnes Weng.

    De tre utgjorde en tettrio gjennom hele løpet. Ned til firer Ingvild Flugstad Østberg skilte det 50,8 sekunder.

    Gode prestasjoner i prologen ga en fordel i selve løpet. Tiril Udnes Weng startet med fem sekunders forsprang på søsteren Lotta, mens Fossesholm startet ytterligere fem sekunder bak.

    Deretter skilte det fem sekunder til Elena Rise Johnsen, som igjen hadde fem sekunders forsprang til kvartetten Mathilde Myhrvold, Linn Sömskar (Sverige), Maria Hartz Melling og Hedda Østberg Amundsen.

    Østberg startet 30 sekunder bak prologvinneren. (NTB)

    Kvinnelandslag langrenn
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Haaland starter finalen i Mesterligaen

    Som ventet starter Erling Braut Haaland finalen i Mesterligaen mot Inter.

    Slik stiller de to lagene:

    Manchester City: Ederson - Akanji, Dias, Aké - Stones, Rodri - Silva, De Bruyne, Gündogan, Grealish - Haaland.

    Inter: Onana - Darmian, Acerbi, Bastoni - Dumfries, Barella, Brozovic, Calhanoglu, Dimarco - Martínez, Dzeko.

    Haaland er den første nordmannen som spiller en finale i Mesterligaen for herrer siden John Arne Riise i 2007. Riise spilte for da Liverpool, som tapte mot AC Milan.

    Riise er også den siste norske herren som har vært på det vinnende laget i en finale i Mesterligaen, noe som skjedde da Liverpool slo nevnte Milan i 2005.

    Lørdag er det igjen et Milano-lag som skal prøve å stoppe laget med en norsk spiller, når Inter spiller mot Manchester City.

    Erling Braut Haaland
    Foto: MOLLY DARLINGTON / Reuters
  • Dansk Avaldsnes-profil med kjempescoring i viktig seier

    Maria Hovmark ble den store helten for Avaldsnes da hun sikret en sterk og viktig 1-0-seier over LSK Kvinner på hjemmebane lørdag kveld.

    – Denne var viktig. Veldig viktig, sier en lettet Hovmark til NRK.

    Den danske spissen viste høy klasse da hun etter drøye timen dro av to spillere før hun plasserte ballen kontrollert nede i hjørnet.

    Dette ble altså kampens eneste scoring, og dermed kunne trener John Arne Riise strekke armene i været og juble for en svært viktig seier for laget, som klatret over streket på en 8. plass.

    – Nå ser vi bare oppover (på tabellen), smiler Hovmark.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste