Hopp til innhold

Seier stortalentet «er på staden kvil» – no slår Schjelderup tilbake

Andreas Schjelderup (19) har fått ein tøff start på returen til dansk fotball. Men han er på ingen måte bekymra.

STÅLE SCHJELDERUP

TØFF TID: Andreas Schjelderup er tilbake i FC Nordsjælland etter lite speletid i Benfica.

Foto: Montasje NRK

Schjelderup har spelt fem kampar i Superligaen sidan han kom tilbake til klubben på lån frå Benfica i slutten av august, men førebels har han ikkje notert seg for verken mål eller målpoeng.

Det står i kontrast til toppskårartittelen han hadde då han vart kjøpt av den portugisiske storklubben for 150 millionar kroner i januar i år.

På dei fem kampane Schjelderup har vore på banen sidan returen, har Nordsjælland spelt fire uavgjort og tapt éin. Dei to siste kampane har enda 0–0.

Solbakken: – På staden kvil

Landslagssjef Ståle Solbakken, som då han var FC København-trenar «sette himmel og jord i rørsle» for å signere Schjelderup frå Bodø/Glimt, følgjer nøye med på utviklinga til ungguten.

Noreg-sjefen slår fast at utviklinga til 19-åringen har bremsa litt opp etter ein lang periode utan mykje speletid på seniornivå.

– Han fekk minimalt med speletid i Benfica, kanskje totalt ti minutt, så akkurat no er han litt på staden kvil samanlikna med kvar han var for 7–8 månader sidan då han drog frå Nordsjælland, seier Solbakken til NRK.

An

VIL VISE SEG FRAM: Andreas Schjelderup bruker tida på benken i Benfica som motivasjon.

Foto: Marius Simensen / Bildbyrån

Landslagssjefen trur det av den grunn kan vere fornuftig med eit steg tilbake, slik Schjelderup har teke no.

– No får han mykje speletid i Nordsjælland, får tid til å byggje seg tilbake og komme opp i det turtalet han hadde då han drog. No får han tøff matching både i Superligaen og Europa framover, så han har alle høve til å komme tilbake på det nivået han var, seier han.

Usamd: – Vorte mykje betre

Schjelderup er ikkje bekymra. Han meiner han har teke store steg trass i få seniorminutt i Portugal.

– Eg kjenner eg har vorte mykje betre på mange ulike område. Også mentalt, eg har vakse som menneske og utvikla meg på alt. Eg kjenner eg er ein betre spelar enn eg var då eg forlét klubben, seier han til NRK.

NRK var nyleg til stades på Farum Park då Schjelderup og Nordsjælland spelte mot Hvidovre i Superligaen. Det enda 0-0, men to gonger viste den norske ungguten at han har noko spesielt.

Etter 27 minutt fekk han ballen rett utanfor sekstenmeteren, før han på magisk vis drog seg laus med ein lekker dragning og sende av garde eit skot som målvakt redda.

Etter 53 minutt fekk han ballen på 30 meter, dribla vekk to mann før han igjen testa målvakta med eit godt skot.

Det vart ikkje målpoeng av det, men alle som har sett mykje fotball kunne konstatere det same: Denne guten har det.

Schjelderup

TILBAKE: Andreas Schjelderup er tilbake hos den gamle klubben sin i jakt etter meir speletid enn han fekk i Benfica.

Foto: Haron Hussain / NRK

Skal dyrkast i ny rolle

Men der Schjelderup tidlegare har spelt mest venstrekant, har FC Nordsjælland-trenar Johannes Thorup lagt nye planar.

Overfor NRK fortel trenaren at dei framover skal dyrke han meir i ei tiarrolle bak spissen, sentralt i banen.

– Det gir meining for oss å bruke han der. Før har han lege heilt framme som angrip, men viss vi trekkjer han eit steg tilbake, kan han liggje i mellomrommet og sjå angriparane framfor seg. Det er ei rolle vi kjem til å jobbe med han i, som midtbanespelar, for vi ser han har kvalitetane til å klare det, seier Thorup til NRK.

Thorup

FULL TILLIT: FC Nordsjælland-trenar Johannes Thorup er trygg på Schjelderups kvalitetar.

Foto: DILARA SENKAYA / Reuters

Overfor NRK seier Schjelderup at han ikkje har noko imot å bli dyrka der, han har spelt tiar mange gonger tidlegare i ungdomsfotballen, men meiner det kanskje kjem for tidleg i karrieren.

– Det er nok ei offensiv midtbanerolle (som passar best) når eg blir eldre og får den fysiske pakken som skal til for å tole springinga i 90 minutt, men akkurat no er det nok ei kantrolle som kler meg best, seier han.

Positiv Solbakken

Solbakken trur ei tiarrolle kan vere ei god løysing for den talentfulle nordmannen.

– Det er ikkje nokon dum tanke. Han er veldig god i små rom og er ein god avsluttar. Førebels manglar han kanskje «lite grann speed» når det gjeld éin mot éin på kanten, så det er ikkje nokon dum tanke. Men den speeden kan komme, han kan få endå meir fart i beina etter kvart, så eg tenkjer at han både kan spele til venstre og bak ein spiss. Det er berre bra at han har fleire moglegheiter, seier Solbakken til NRK.

Turkey Soccer Europa Conference League

RØFF BEHANDLING: Andreas Schjelderup får denne hausten spele europeisk fotball med FC Nordsjælland. Her frå ein nyleg kamp mot Fenerbache i Serieligaen.

Foto: Khalil Hamra / AP

– Vore gjennom det meste

Schjelderup gav NRK beskjed før intervjuet at han ikkje ønskjer å dvele så mykje ved det som skjedde i Benfica.

Men han slår fast at perioden med lite speletid har gjort at han har blitt sterkare i hovudet.

– Eg har vore gjennom det meste no. Eg har sete mykje på benken, men vore i Benfica, ein av dei største klubbane i verda. Eg har lært mykje, seier han.

– Du har framleis kontrakt med Benfica til sommaren 2028. Kva tenkjer du sjølv om fortsetjinga?

– Akkurat no er eg fokusert på å vere her og ha ein fin sesong, og så er det tilbake til Benfica og forhåpentleg få ei fin tid der, svarer han.

– Har det gjort noko med sjølvtilliten å ta eit steg tilbake?

– Nei, ikkje noko spesielt.

Les også Full krise og «komplett kaos» i Ajax: – Noe er veldig, veldig galt

ajax

– Det blir jo mykje snakk

I eit intervju med TV 2 nyleg sa han at han «ikkje kunne ikkje brydd seg mindre om kva andre folk seier. Han blir berre irritert på seg sjølv når ting ikkje går hans veg».

– Kva legg du i det?

– Det blir jo mykje snakk, men eg har berre fokus på meg sjølv. Det er ingen andre som set høgare krav til meg enn det eg sjølv gjer.

– Synest du folk er urimelege viss dei forventa at du skulle få spele meir for Benfica?

– Ikkje spesielt. Det er mykje meiningar, men eg har ikkje fokus på det, seier han.

U21 EM-kvalifisering i fotball: Norge - Latvia (7-0)

GOD FOR U21: Andreas Schjelderup noterte seg for fire skåringar sist samling.

Foto: Annika Byrde / NTB

Trenaren: – Eg er overtydd

FC Nordsjælland-trenar Johannes Thorup trur Benfica-opphaldet var nyttig sjølv om Schjelderup måtte reise tilbake til Danmark på lån, førebels utan å ha slått gjennom i den portugisiske storklubben.

– Eg trur han har funne ut av korleis neste nivå er, kva som er neste steg, korleis dei trenar, korleis eit sånn lag blir drive når ein kjem opp på det nivået. Han har hatt behov for at vi skulle få han i gang igjen. Men han er ein spelar med så stor kvalitet at det er eit spørsmål om tid før vi får sjå det for alvor, seier Thorup.

– Kva trur du om framtida hans no?

– Eg er overtydd om at han kjem til å spele på eit veldig, veldig høgt nivå, på kanskje den største moglege scena. Eg er også overtydd om at det er viktig at han tek den tida det tek. Det skal ikkje vere noko stress. Han må ta dei rette vala når det gjeld klubbar og speletid, då er eg overtydd om at det kjem, seier Thorup.

Sportsnyheter

hkxcE8oANkk

Håner søkkvåte EM-drakter: – Nitrist

Belgia gikk på et sjokktap mot Slovakia. Både klissvåte drakter og VAR-drama skaper reaksjoner.

Serbia

Reagerer på at dette dukket opp i EM: – Uakseptabelt

Da Serbia spilte mot England, la flere merke til noen spesielle flagg på tribunen. En provokasjon, mener eksperter. Nå åpner også Uefa sak mot det serbiske forbundet.

NTB_9pxhg9OJA68.jpg

Dag Erik Pedersen bisatt i Helgeroa: – Den siste store TV-personligheten

Mange ønsket å ta et siste farvel med den folkekjære programlederen.

Siste nytt

  • Sølvmedalje til Bakkelund i VM i styrkeløft – ny verdsrekord av Perkins

    Kjell Egil Olborg Bakkelund tok sølv under VM i styrkeløft som vart arrangert i Druskinkai i Litauen måndag.

    Bakkelund er rangert som nr. 2 i verda bak amerikanske Austin Perkins.

    Nordmannen løfta 272,5kg i knebøy, 207,5kg i benkpress og 332,5kg i markløft. Samanlagt 812,5kg.

    Han måtte sjå seg slått av Perkins som enda på 836kg til saman og dermed sette ny verdsrekord.

    Bakkelund er med dette resultatet kvalifisert til World Games i Kina neste år, som er styrkeløftarane sitt svar på OL.

    VM Styreløft
    Foto: Skjermdump frå VM i Styrkeløft
  • New York får VM i lyn- og hurtigsjakk

    Nå er det klart at verdensmesteren i lyn- og hurtigsjakk skal kåres i USA og New York denne romjulen. Det bekrefter Det internasjonale sjakkforbundet (FIDE) i en pressemelding mandag.

    Magnus Carlsen har tidligere stor suksess med å spille verdensmesterskap i «The Big Apple». I 2016 feide han russiske Sergej Karjakin av brettet i samme by under VM i klassisk sjakk.

    Det NRK-sendte mesterskapet spilles mellom 26. og 30. desember, og som følge av tidsforskjellen vil trolig partiene sendes i beste sendetid her i Norge: på kveldstid.

    Magnus Carlsen er regjerende verdensmester i både lyn- og hurtigsjakk.

    Magnus Carlsen under Norway chess
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Romania utklassa Ukraina etter draumemål

    Eit draumetreff frå Romanias kaptein Nicolae Stanciu sette standaren. Ukraina måtte til slutt sjå seg slått 3-0 av eit effektiv rumensk lag.

    Ukraina pressa frå start, men etter nesten halvtimen var det Romania som kunne sleppe jubelen laus.

    Eit frykteleg utspel hamna rett i beina på Romanias Lunin. Ballen finn etter kvart kaptein Nicolae Stanciu som kliner til frå 16-meteren.

    Eit effektiv rumensk lag dobla leiinga like etter pause. Denne gong er det Razvan Marin som får eit draumetreff frå 25-meter.

    Berre minuttar seinare aukar Denis Dragus til 3–0. Man tek eit kort hjørnespark og drar seg inn i Ukrainas 16-meter, før han finn Dragus, som får ei enkelt oppgåve med å setje ballen i mål.

Sendeplan

Kl. Program Kanal