Kampen i Drammen enda 1-1, og «alt» skjedde i dei fem første minutta.
– Vi er fornøgde, sa Odds Fredrik Nordkvelle til TV 2. – Det var eit viktig poeng for oss, seier Nordkvelle, etter det som i lange periodar var ein forsvarskamp av Odd.
– Vi blei nokså slitne av å måtte forsvare oss så lenge.
Godsets trenar Bjørn Petter Ingebretsen var misnøgd med resultatet, men godt nøgd med lagets prestasjon.
– Vi skapte mykje bra. Dei pakka igjen bakover, og vi var ikkje gode nok i avslutninga. Men vi har mykje godt å byggje på framover, sa Strømsgodset-trenaren.
Det tok 13 sekund, så var Odd i føringa mot Strømsgodset.
Odd tok avspark, og det enda med eit langt framspel. Riski møtte ballen, heada ned til Bentley, som dundra den inn frå 16 meter. 13 sekund, altså.
– Det er raskaste målet i min karriere, sa Bentley til TV 2 i pausen.
Han sette inn den nest raskaste scoringa i eliteseriens historie. Den raskaste er framleis Erik Huseklepps mål mot Haugesund etter 10 sekund i april 2011.
Rask kvittering
Men Odd fekk ikkje suge lenge på den tidlege karamellen. Klokka hadde berre så vidt passert fire minutt. Strømsgodset fekk corner. Den la Jonathan Parr på skalen til Bismark «Nana» Adjei-Boateng, som steig til vers og stanga inn 1-1 frå kort hald.
– Det var viktig. Det var nødvendig for oss å kome så raskt tilbake etter deira sjokkopning, sa han.
Fyrverkeriet som uteblei
Så roa det seg. Veldig. Dei neste 85 minutta vart eit antiklimaks etter den eksplosive opninga.
Begge lag trekte tilbake, blei litt meir forsiktige. Godset tok etter kvart over spelet. Og det skjedde lite.
– Dei er litt smartare enn vi. Dei greier å halde betre på ballen. Vi blir for utolmodige og gå framover, sa Odd-trenar Dag Eiliv Fagermo i pausen.
Etter pause la Odd seg endå meir kompakt i forsvar, og fekk til slutt med seg det eine poenget. Godset makta sjeldan å skape store sjansar, men måtte finne seg i å spele sin niande strake kamp utan siger.
– Vi er nøgde med poenget, og vi heldt Godset klart bak oss i medaljekampen, sa Fagermo.
Hans lag er på sølvplass, iallfall inntil vidare.
– Forsvarsspelet vårt i dag var outstanding, sa han.
Men poenget kosta. Jone Samuelsen blei skadd i andre omgang og måtte gå ut. – Han må nok opererast og er ferdig for sesongen, sa Odd-trenaren.