– Ho kan kanskje starte. Men dei som har starta kampane hittil, har gjort det svært bra. Vi får sjå dei neste dagane, sa Englands landslagssjef Sarina Wiegman på pressekonferansen etter 4-0-sigeren over Sverige tysdag kveld.
Russos hælscoring har blitt EMs store snakkis og går viralt på sosiale medium. Målet som gav England 3–0 og punkterte semifinalen, har tatt heilt av.
Oppsiktsvekkande er det også at Russo har kome inn som innbytar i alle kampane, og likevel har notert seg for fire mål og ein assist i Englands fem kampar.
Derfor var det ikkje unaturleg at landslagssjefen fekk spørsmål om det er plass for Manchester United-spelaren i startellevaren i finalen på Wembley 31. juli, to dagar før ho fyller 23 år.
Luksusproblem
NRK-ekspert Carl Erik Torp har følgt EM på nært hald, og meiner England har eit luksusproblem.
– Wiegman verkar å ha låst seg til ein startellevar, ettersom ho har starta med dei same spelarane i alle fem kampane. Men spelarane på benken har kome inn og gitt England nye dimensjonar, og Russo er nok den av dei som kjem innpå, som er nærmast til å få ein plass frå start, meiner Torp.
Han trur avgjerda vil byggje på kva kampbilete Wiegman ser for seg i EM-finalen mot England.
– Russo har litt andre ferdigheiter enn Ellen White (som Russo har kome inn for i alle kampane). White er god til å rive og slite i motstandarane sitt forsvar. Men eg trur ikkje England hadde blitt dårlegare med Russo frå start, seier Torp.
Instinkt-mål
– Ho har kome inn og sett sitt klare preg på kampane, og vist enormt pågangsmot og sterk vilje. Så også i semifinalen, med sitt fenomenale og overraskande mål som gav 3-0, sa Wiegman om spelaren som hadde vore på bana i ti minutt då ho scora.
Russo sjølv er heller beskjeden om scoringa alle snakkar om.
– Eg fekk ikkje klem på det første skotet, som keeper slo ut igjen. Eg var først på ballen, men hadde ryggen mot målet og hadde ikkje tid å snu meg rundt. Det var nok instinktet som fekk meg til å hælsparke ballen mot målet, sa ho til NRK.
– Eg har aldri scora eit liknande mål før, legg ho til.
Instinktet leverte ein innertiar. Hælsparket utmanøvrerte to svenske forsvarsspelarar, og ballen gjekk mellom beina på ein heilt uførebudd Hedvig Lindahl i målet.
– Skittråkigt
– Skittråkigt, sa Lindahl etterpå. – Men det hadde det vore like mykje uansett om det var hælspark, heading eller skot, la ho til.
Alessia Russo vil ikkje svare direkte på NRKs spørsmål om ho no håpar å få starte i finalen.
– Vi har eit utruleg sterkt lag som har gjort det godt så langt. Eg tek imot den rolla eg får tildelt. Alle som har starta, har gjort jobben sin veldig godt.
– Men du ønskjer å få starte?
– Eg tek dei sjansane eg får. Om det er frå start eller frå benken bryr eg meg lite om. Eg er berre glad eg får vere med på dette.
Også for Russo sjølv kan hælsparket vere gull verdt. Ho har eitt år att av kontrakten med Manchester United, men takka like før VM nei til kontraktforlenging.
Kanskje kjem det nytt og betre tilbod frå både United og andre klubbar etter oppvisninga i Sheffield tysdag.