– Eg har fått ein anonym e-post med truslar om ein russisk dødspatrulje, ja, stadfestar Samuelsson overfor NRK.
– Det er ikkje moro. Men det er sikkert ein russisk galning som vil påverke mine haldningar, legg han til.
NRK har fått tilgang til e-postane Samuelsson har teke imot.
– Eg går til politiet med dette, seier han.
Det var svenske Dagens Nyheter (bak betalingsmur) som omtala saka først.
Då tidsfristen nærma seg, fekk han ein ny mail med påminning:
Men det er nettopp det som kan kome til å skje på styremøtet i Wada i dag, trass i at Russland enno ikkje har imøtekome Wadas opphavlege krav.
– Dei kompromissar for mykje, seier Samuelsson.
Reaksjonar i Russland
– Dei var veldig tydelege i 2015 då dei laga «vegkartet» for Russlands dopinghandtering. Men etter at dei har fått stort press frå Russland, IOC og andre store organisasjonar, gir dei etter. Det synest eg er leit, seier han.
Det har tydelegvis vekt reaksjonar i Russland, og i førre veke fekk han ein mail der han blei kravd for 3 bitcoins (157.170 kroner) innan 24 timar. «Elles kjem ein dødsskvadron frå Russland og tar deg».
– Ubehageleg
– Eg håpar det ikkje er nokon fare, kanskje er det heller ikkje, seier han ifølgje Expressen.
– Men det er ubehageleg, og eg vil melde det til politiet når eg kjem heim, seier Samuelsson, som er på treningsleir i Ruhpolding.