– Det er aldri moro å tape. Eg hatar eigentleg å tapa, men eg må glede meg over det eg har fått til dei siste vekene, seier Ruud til NRK.
Marco Cecchinato frå Italia blei for sterk i andre runde i Pekao Szczecin Open i Polen.
Cecchinato, ranka som nummer 149 i verda, slo den norske 17-åringen 2-1 i sett med settsifra 5-7, 6-1 og 6-3.
Sterk start
Casper Ruud, som før turneringa var ranka på utrulege 274. plass, heldt likevel fram den vanvittige gode trenden i første sett mot den antatt betre italienaren.
Etter eit jamnt første sett klarte norges nye tennishåp å snu det til sin favør heilt på tampen.
På stillinga 6-5 til Ruud klarte den talentfulle 17-åringen å bryte serven til Cecchinato og dra i land sett-sigeren.
Likevel klarte ikkje Snarøya-gutten å ta med seg den gode følelsen inn mot det andre settet.
– Eg blei litt ufokusert. Eg skal ikkje skulde på at eg er sliten. Eg klarte ikkje å finne tilbake fokus i andre sett. Det gjekk litt for raskt. Då blir eg straffa. Dessverre blir det tap i avgjerande settet, seier Ruud.
Tom for krefter
To gongar klarte italienaren å bryte serven til nordmannen og vann dermed det andre settet suverent 6-1.
Dermed var det klart for eit tredje, dramatisk og avgjerande sett i Polen.
Men Casper Ruud var tom for både kraft, tempo og presisjon.
Cecchinato var nok ein gang best. Og sjølv om Ruud løfta seg frå det foregåande settet blei det til slutt 6-3 til italienaren.
Dermed er Snarøya-guten ute av ATP Challenger-turneringen Pekao Szczecin Open. Vinnaren av turneringa får 140.000 kroner og 125 ATP-poeng.
Likevel vil nordmannen truleg ta nye byks opppover på rankinga etter dette.
Ruud gjorde eit stort hopp på rankingen etter Sevilla-seieren og ligg altså som nummer 274 på ATP-rankingen. I 2016 starta han som nummer 1139.
Målet for Ruud er å sanke nok poeng i løpet av hausten til at det blir aktuelt å spele kvalifisering til Grand Slam-turneringar neste år.